Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Hamnanova i full musikk

Datum:
02.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
3,0km

I forbindelse med folkemusikkfestivalen hadde Indre Sunnfjord turlag tur til Dvergsdalsdalen og over fjella med ein konsert på Hamnanova. Eg tilbydde meg å være sjåfør for musikaren i tillegg til tre journalistar frå Kina, Storbritania og Irland. I tillegg fekk eg spørsmål om å møte to turgåarar til som skulle slå følge frå parkeringsplassen og opp til Hamnanova. Ein av desse var nok ikkje van med å gå så mykje i motbakkar, ho sleit med motivasjonen, men kom seg opp til slutt. Flott konsert på toppen i nydelege omgjevnader. På veg heimatt blei det intimkonsert i bilen i tillegg til eit lite ønskje om å kjøle beina ned i Jølstravatnet. Absolutt ein fin dag med fine opplevingar.

Karte    

Skredfjellet med DNT

Datum:
01.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
9,7km

Hadde lova å være kjentkvinne opp til toppen av Skredfjellet. Kjekt å bli spurt og eg takkar sjelden nei til å være med på tur viss eg blir spurt. Yr meldte ikkje så mykje regn, men litt blei det. Ein del tåke på toppen, så her måtte vi til med GPS-spor for å få best mogleg rute. Eg har heller aldri tenkt at det var fleire elvar ein må krysse, mogleg er det fordi desse i utgangspunktet er ganske låge i godvær. Denne gongen måtte vi nesten vasse over fleire stader. Og tåka letta då vi kom nedatt. Av ein eller annan grunn verkar alt mykje klårare når tåka lettar. Fin tur med fine folk.

Karte    

Skaranipa

Datum:
30.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:48h
Entfernung:
5,9km

Tur med mannen min.

Karte    

Sjønakletten

Datum:
27.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,3km
Karte    

Brulandsstølen

Datum:
25.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
7,0km
Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
23.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
4,0km
Karte    

Brandsøyåsen

Datum:
22.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
3,8km

Litt fare for regn i dag. Tok difor ein tur til Florø for å få meg frisk luft der ute. Det er trass alt litt lettare å gå i regnvær når turen er lett.

Karte    

Gavlen og Nova

Datum:
21.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:42h
Entfernung:
11,4km

Vi parkerte på toppen og fulgte godt merka og lettgått sti til Nova. Det er jo litt råflott å køyre så langt berre for å gå ein kort tur på 3,5km, så vi forlenga den og gjekk til Gavlen. Ikkje fullt så tydeleg sti heile vegen, men stort sett greitt merka med steinvardar. Flott utsikt frå toppen. Eigentleg flott terreng å gå i. Hadde ein liten stopp for å besøke dagsturhytta i Bjordal samtidig.

Karte    

Uførefjellet

Datum:
20.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:42h
Entfernung:
6,0km

Karte    

Høgenipa

Datum:
17.06.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:42h
Entfernung:
6,2km

Regnværstur.

Karte