Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Hesten, Vågsøy

Datum:
23.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:47h
Entfernung:
8,6km

Nydeleg tur til Vågsvåg. Var tidleg oppe for å rekke ferga frå Oldeide til Måløy. Køyrte til Vågsvåg og parkerte nede ved kaia, slik det er anbefalt. Fulgte god sti opp til Hestetinden. Lettgått og fint å gå. Nydeleg utsikt på toppen. Fulgte godt merka sti vidare til Såtetua og vidare til Nibbefjellet. Terrenget er flott å gå i utan at vi blei våte på beina. Frå Nibbefjellet var det skilta mot Hestetinden. Utan at vi fann så god sti, men skar rett ned mot stien vi gjekk opp til Hestetinden. Litt "krøkkete" terreng, men overkommeleg. Fulgte resten av stien ned til bilen att. Vi fann ut at vi skulle ta ein tur ut til Kannesteinen og ete lunsjen vår der før vi reiste vidare til Hendanes fyr. Absolutt ein nydeleg dag.

Karte    

Ytrevågefjellet

Datum:
21.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:51h
Entfernung:
5,1km

Fint vær og gode temperaturar. No startar vi å kjenne på smaken av vår. I tillegg er formen på veg oppover, så eg kan ikkje klage. Ytrevågefjellet har eg blitt anbefalt som tur. Og den skuffa ikkje. Absolutt ein fin tur, sjølv om ikkje stien var like tydeleg heile vegen.

Karte    

Gravdalsholten

Datum:
20.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
3,8km

Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
19.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:32h
Entfernung:
4,0km

Karte    

Gytta

Datum:
17.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
1,9km
Karte    

Sylvsteinsheia, Arsteinsheia og Vardeheia

Datum:
16.03.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
11,2km

Etter nokre veker med ro, var det godt å komme seg ut på ein litt lenger tur. Satsa på at det var lite snø i ytre, så eg tok difor ein tur ut til Åsnes. Eg må innrømme eg var litt spent på formen, sidan det er nokre veker sidan sist. Men det gjekk overraskande bra. Flott solskinn og litt vind på toppane. Må innrømme at det er hærleg å endeleg føle at formen kjem seg.

Karte    

Dalreset og Frishatten

Datum:
02.02.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:55h
Entfernung:
10,6km

Fin tur med kollega. Starta opp traktorvegen opp til Mårhusdalen og vidare over på sti mot Blåfjellet. Rett etter Plassen fulgte vi merking mot Dalreset. Heilt greitt å gå oppover, men eit parti var berg, som var ein smule brattare enn det eg kunne tenkt meg. Då vi kom opp på ryggen kom snøen og litt vind, så det blei berre ein liten stopp før vi for nedatt mot Frishatten. Fin rundtur.

Karte    

Gravdalsholten

Datum:
31.01.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,1km

Tur med søsteren.

Karte    

Gravdalsholten

Datum:
28.01.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:03h
Entfernung:
3,6km

Fulgte spor frå Reset og opp til toppen.

Karte    

Gytta

Datum:
27.01.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:36h
Entfernung:
2,1km

Fin kveldstur til Gytta. Det er noko med det å komme opp og berre studere alle lysa frå Førde. Det å ha litt tid for seg sjølv der ein berre nyter skogens ro og fin utsikt.

Karte