Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Havglimt - dagsturhytta Stadt

Datum:
20.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:18h
Entfernung:
4,2km

Nydeleg dag for ein roadtrip med mannen og ei veninne.

Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
19.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:08h
Entfernung:
4,0km
Karte    

Templane

Datum:
19.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
4,3km

Lett tur

Karte    

Kvilekroken

Datum:
17.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:31h
Entfernung:
5,5km

Etter å ha sjekka inn på hotellet, køyrte vi opp mot parkeringsplassen. Vegen opp til parkeringplassen er bomveg og relativt bratt oppover, så her anbefalast firhjulstrekk. Frå parkeringsplassen er det nokre bratte kneikar, men ellers greitt å gå. Siste stykket gjorde at vi var glade for å ha sko som tåler litt vatn. Fin plassering av dagsturhytta i Kvam.

Karte    

Veslevardhytto

Datum:
17.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:22h
Entfernung:
3,9km

Dagens andre tur gjekk til Fusa og Vetlavardhytto. Vi parkerte ved idrettsanlegget og fulgte god merking opp til hytta. Noko blautt i stien, men greitt å gå. Fin utsikt frå toppen.

Karte    

Erstadfjellet og dagsturhytta Brakabu

Datum:
17.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:28h
Entfernung:
9,9km

Dagens første dagsturhytte. Etter ei fin natt på hotell tok vi fatt på turen mot Osterøy og Brakabu. Vi parkerte i sentrum av Valestrandfossen og fulgte skiltinga oppover mot Brakabu. Først eit stykke på asfalt før vi kom over på sti. Greitt å gå, men enkelte stader var det litt blautt i stien. Stien var godt merka

Karte    

Svistølen ++

Datum:
16.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:31h
Entfernung:
5,7km

Oppdaga plutselig at Sletteholten var "oppgradert" og Helgåsheia var "degradert", så då blei det på jakt etter å fullføre Sunnfjord kommune si liste. Greitt å ta ein tur denne morgonen ettersom det kanskje blir ein roadtrip på meg og mannen i ettermiddag. Været er ikkje meldt så bra, så vi får sjå kvar vi endar.

Karte    

Svanøy rundt

Datum:
15.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:18h
Entfernung:
15,0km

Værmeldingane var faktisk ikkje så ille i dag. Tok sjansen på å besøke Svanøy og toppane der ute. Eg blei anbefalt å leige sykkel, men ettersom planen var å gå ruta over Storåsen og Kvalstadfjellet og vidare til Vågsfjellet, så slo eg det frå meg. Eg tok båten frå Florø kl 9:00 noko som er perfekt avreisetidspunkt. Litt blæst i starten av turen, men så kom sola og vinden løya. Det slo meg at sjølv om det er godt merka med sti, var det ingen sti direkte opp på høgste punkta på nokon av toppane. På Kvalstadfjellet var det til og med litt kranglig med buskene. Men utsikta frå Nobba og utsiktspunktet på Vågsfjellet var ingen ting å sei på. Hadde tydelegvis veldig god tid for då eg kom ned til Svanøybukt hadde eg vel omlag ein time eg kunne kose meg i sola på.

Karte    

Gjota

Datum:
14.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
4,0km

Karte    

Varlivatnet

Datum:
12.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:17h
Entfernung:
14,3km

Tur med mannen til Varlivatnet. Ettersom det er lite snø i fjellet, tok eg sjansen på å besøke eit av Titurmåla med den lengste avstanden, Varlivatnet sammen med mannen. Han ville ikkje ha noko bratt tur, så eg tenkte at det var passande tur. Eg fann også ut at vi kunne kanskje ta ein tur oppom Varliegga eller Svartegrovfjellet Nord. Det eg ikkje tenkte nok på at det kunne være fare for mykje snø. Det starta greitt opp mot Vinddalsvatnet. Ruta er lettgått sjølv om det er ein del myrlendt. Etter kvart som vi kom opp til Vinddalsvatnet blei det snø. Og jammen minka det ikkje på veg opp til Varlivatnet. Snøen var nok ikkje like "hærleg" som turen til Krunene. Tendensar til påskeslush og for tungt føre for fottur. Frustrasjonen var til å ta og føle på på veg opp >>>