Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1813)
- Bergtour (1348)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (451)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Nok eit Blåfjell
- Datum:
- 24.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:15h
- Entfernung:
- 9,9km
Blåfjell er tydeleg eit svært populært namn på fjell. Så å sei at ein har vore på Blåfjell seier ikkje så veldig mykje eigentleg. Denne gongen vart det Blåfjell ved Torvund, langs Sognefjorden. Parkerte ved godt tilrettelagt parkeringsplass langs E39 ved Indre Torvund (nærast tunellen). Denne er godt markert og skilta vidare kor ein skal gå. Gjorde turen som ein rundtur der eg tok til venstre ved første stiskille og gjekk nedatt slik at eg kom ned lenger inn i dalen. Kortaste ruta er nok å gå inn til den innerste stiskille og rett opp, men då vil ein kanskje misse den finaste utsikta. Turområdet er meget godt merka og skilta. Så all ære til dei som har gjort den jobben
Stort sett opphald heile turen, bortsett frå då eg nærma meg toppen. Dessverre så la tåka seg over toppen >>>
Bolteheia
- Datum:
- 23.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:50h
- Entfernung:
- 5,6km
Turane i dagslys vert kortare. Skulle prøve ei kort nok rute, slik at eg kunne komme nedatt før det mørkna. Starta ved bommen, der eg parkerte. Turen vart kortare og heilt grei å gå. Litt blautt oppover bakkane. Eg sikta meg inn på høgdedraget og fann ein sti som tok meg inn på den merkar ruta frå Reiakvam. På veg nedatt tok eg sikte på stølshuset ved Bakkestølen (I alle fall det eg trur den heiter). Eit lite stykke på vegen tilbake til bilen.
Brandsøyåsen
- Datum:
- 21.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:18h
- Entfernung:
- 4,5km
Søsteren har lenge snakka om å ta ein tur på Brandsøyåsen og då fann vi ut at denne dagen passa bra. Sjølv om det ikkje var meldt så bra vær, så var vi veldig heldige. Tok ein tur utom Florø sentrum og opp mot Storåsen for å sjå det fine lyset.
Nordheia - Djupviknipa
- Datum:
- 19.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:15h
- Entfernung:
- 4,5km
Fuglefjell
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:24h
- Entfernung:
- 4,1km
Dagens tredje tur. Denne gongen frå Bossdalen og opp på Fuglefjellet.
Kolgrovheia
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:22h
- Entfernung:
- 3,4km
Etter turen til Sågneskollen tok eg sikte på Kolgrovheia. Turen starta med litt regn, men det gav seg etter ei lita stund. Satsa på den kortaste ruta opp og køyrte mot Kolgrov. Godt merka sti opp til toppen. Litt blautt i stien, som gjorde det greitt med fjellskoa.
Sågneskollen
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:54h
- Entfernung:
- 4,7km
Litt snø i høgda i Sunnfjord og noko regn då eg for frå Førde. Starta ved Sågnes, der det er markert Stistart. Fulgte ein godt merka sti oppover til toppen. Slakt og fint i starten av stien. Litt bratt på slutten. Men absolutt ikkje uoverkommeleg. Noko blautt enkelte parti. Greitt med gode fjellsko på turen.