Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1855)
- Bergtour (1387)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (454)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Kurebu - dagsturhytta i Bømlo
- Datum:
- 18.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:09h
- Entfernung:
- 3,5km
Etter dagsturhytta på Fitjar, fann vi ut at vi ville besøke dagsturhytta i Bømlo kommune: Kurebu.
Fin parkeingsplass med to rastebord. Litt kupert terreng, men greitt å gå og greitt å finne fram. Vi valte å ikkje gå runde, men fram og tilbake samme ruta.
Tveitaslottet - dagsturhytta i Fitjar
- Datum:
- 18.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:36h
- Entfernung:
- 3,2km
Etter turen til Loddo og Adlesi gjekk turen vidare til Fitjar og dagsturhytta der, Tveitaslottet.
Vi parkerte ved ein god parkeringsplass og fulgte traktorveg oppover og vidare på sti over ei flott bru som var laga. Turen er lettgått og fin stort sett heile ruta. Flott plassering med fin utsikt over Fitjar.
På returen tok vi av stien og bort til ei lita kulp berre for å få ein liten dukkert. Godt i varmen.
Loddo og Adlesi
- Datum:
- 18.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 6,5km
Vi starta frå hotellet og reiste mot Krokeide og tok ferga over til Austevoll. Følelsen av å treffe maks på turmål med tanke på vær, kunne ikkje vore betre. Fjorden var so og seie blikkstille, det gjekk an å være ute på dekk og berre nyte varmen frå sola og utsikta utover sjøen og havet og med vissheit om at været heime kanskje ikkje var det beste.
Det var på tide med ny dagsturhytte: Adlesi i Austeoll, bonusen er at vi då besøkte Austevoll sitt høgaste punkt. Vi parkerte ved god parkeringsplass og fulgte gruslagt sti fram til stiskille. Vi valte den lengste ruta opp ettersom den skulle være minst bratt (trudde eg). Vi fulgte merka rute opp og det var stort sett lettgått, med unntak av ei bratt kneik. Det var for såvidt fint å gå oppover.
Tårnet på Loddo er nok laga >>>
Bondehaug
- Datum:
- 16.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:21h
- Entfernung:
- 5,5km
Det var meldt betre vær i indre Sogn enn i Sunnfjord. Vi tok dermed turen til Luster og Bondehaug. Lettgått tur, som sikkjert hadde vore fint å ta med born på. Nydeleg vær vart det også.
Skaranipa
- Datum:
- 15.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:31h
- Entfernung:
- 5,8km
I følge værmeldingane så skulle det være opplett på Stavøya. Vel... værmeldingane tok i alle fall feil. Men når eg har køyrt så langt for å gå tur, så blir det tur anten det er regn eller ikkje.
Det starta med litt yr som etterkvart gjekk over til regn. Og så urutinert som det går an å bli å ikkje ta med regntøy. Men men ein angrar aldri på ein tru. Einaste var at då eg kom tilbake til Førde så stråla sola og eg vart nesten frista til å ta ein bonus tur denne dagen, men det blei det ikkje.
Klauvekeipen
- Datum:
- 14.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 9,0km
Flott vær denne dagen. Turen gjekk til Klauvekeipen, sidan det var ei stund sidan sist. Det er noko med utsikta når ein kjem så langt ut mot havet. Konstrastane mot fjella lenger aust og havet i vest gjer at det er vakkert og mektig.
Nordheia
- Datum:
- 13.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:51h
- Entfernung:
- 3,8km
Etter ein lang dag i bil, var det greitt å komme seg på ein liten tur.
Kvernberget, Kristiansund
- Datum:
- 09.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:51h
- Entfernung:
- 3,4km
Etter å ha besøkt Kristiansund by, så er det greitt å besøke "byfjellet" også. Flott utsikt over Kristiansund frå toppen. Det går ei trapp opp, men vi valte å gå stien. Den er vel så fin som trappene.
Årskogheia
- Datum:
- 04.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:43h
- Entfernung:
- 14,0km
Etter å ha hatt eit lite uhell ein tur, var beskjed frå lege at eg bør være forsiktig på tur og ikkje gå i for ulent terreng. Skaden var nok større enn eg først hadde tenkt. Så då blir det lette turar på meg nokre dagar.
Testa difor ut Årskogheia. Det bør jo være ein relativt lettgått og ikkje så ulent. Fulgte traktorvegen opp til Vikumstølen. Derfrå var det sti. Det var berre eit lite problem. Det var ikkje alt for godt merka, slik at eg klarte å gå litt for mykje nord langs heile Årskogheia mot Årskogstølen. Det var nok litt dyretrakk som lurte meg ut på "ville vegar". Frå Årskogstølen fann eg merka rute tilbake. Og store delar av turen var godt merka, men fleire stader var det vanskeleg å finne "den rette sti" ettersom merkinga nokre stader >>>
