Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Tindefjellet

Datum:
22.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:07h
Entfernung:
15,7km

Planen var eigentleg ein ny topp i Jølster, men på grunn av skodda som hang langt nedover lia på Jølster i dag, var det til at eg ikkje tok sjansen på at det letta. Den toppen får komme ein annan gong. Eg valte heller å prøve ut ruta frå Svidal via Gygraklovet og til Tindefjellet. Litt blautt opp til Gygraklovet, ellers grei sti. Sjølv om Tindefjellet var OK med tanke på tåke, så kom og gikk den slik at det ikkje var heilt råd å få god utsikt i lengre periodar. Var ein tur nedom Gravsfjellet og Årsetstølen før eg tok returen ned mot Svidalsstølen og tilbake til bilen i Svidalen.

Karte    

Olav Nygardsbu - dagsturhytta i Modalen

Datum:
21.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
3,5km

Ukas 7. dagsturhytte vart Modalen. Vi parkerte ved ein parkeringsplassen og fulgte ein lettgått og fin sti til hytta. Hytta ligg fint til ved Steinvatnet og innreiinga er flott. Absolutt anbefalt å ta turen. Det trua med litt regn innimellom, men ikkje verre at det gikk an å gå utan å bli for blaut på hovudet.

Karte    

Ein kjapp tur til Botlenipa

Datum:
20.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:12h
Entfernung:
0,6km

Ein mikrotur som er forunderleg at eg ikkje har besøkt før. Jaja, betre seint enn aldri.

Karte    

Rubbegarnståna

Datum:
20.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:33h
Entfernung:
2,5km

Fin tur. Lenger nord kjem ein ikkje i Øygarden utan båt.

Karte    

Rambua - dagsturhytta i Øygarden

Datum:
20.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
4,4km

Siste dagsturhytte i Øygarden kommune. Flott sti, som er tilrettelagt slik at ein slepp å bli våt på beina på veg bort. Fine bruer over dei våtaste stadane. Flott plassering av hytta ved sjøen.

Karte    

Vetenbua, dagsturhytta i Øygarden (Sund)

Datum:
19.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:38h
Entfernung:
7,3km

Etter hotellbesøk vart det privatbesøk eit par netter på Askøy. Vi fann ut vi skulle besøke dei dagsturhyttene vi mangla i Øygarden og starta med Veten. Det er ikkje alltid like lett å tolke teksten som står på ut.no sin turbeskrivelse. Men etter det eg las, så var det best å parkere ved Stranda skule, sidan det var lite parkering på dei andre stadane. Det som stod vidare var at det var lettare å gå frå Førde og at stien frå Stranda var noko bratt for enkelte, men av ein eller annan grunn la eg ikkje merke til den vesentlege delen av teksten. Så då blei det at vi køyrde til Stranda skule og parkerte der. Det første vi møtte var blandt anna ein gigantgitar for å heidre Johannes Kleppevik. Det var lettgått eit stykke, men enkelte stader var stien noko blaut og bratt. Men >>>

Karte    

Kurebu - dagsturhytta i Bømlo

Datum:
18.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:09h
Entfernung:
3,5km

Etter dagsturhytta på Fitjar, fann vi ut at vi ville besøke dagsturhytta i Bømlo kommune: Kurebu. Fin parkeingsplass med to rastebord. Litt kupert terreng, men greitt å gå og greitt å finne fram. Vi valte å ikkje gå runde, men fram og tilbake samme ruta.

Karte    

Tveitaslottet - dagsturhytta i Fitjar

Datum:
18.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
3,2km

Etter turen til Loddo og Adlesi gjekk turen vidare til Fitjar og dagsturhytta der, Tveitaslottet. Vi parkerte ved ein god parkeringsplass og fulgte traktorveg oppover og vidare på sti over ei flott bru som var laga. Turen er lettgått og fin stort sett heile ruta. Flott plassering med fin utsikt over Fitjar. På returen tok vi av stien og bort til ei lita kulp berre for å få ein liten dukkert. Godt i varmen.

Karte    

Loddo og Adlesi

Datum:
18.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:53h
Entfernung:
6,5km

Vi starta frå hotellet og reiste mot Krokeide og tok ferga over til Austevoll. Følelsen av å treffe maks på turmål med tanke på vær, kunne ikkje vore betre. Fjorden var so og seie blikkstille, det gjekk an å være ute på dekk og berre nyte varmen frå sola og utsikta utover sjøen og havet og med vissheit om at været heime kanskje ikkje var det beste. Det var på tide med ny dagsturhytte: Adlesi i Austeoll, bonusen er at vi då besøkte Austevoll sitt høgaste punkt. Vi parkerte ved god parkeringsplass og fulgte gruslagt sti fram til stiskille. Vi valte den lengste ruta opp ettersom den skulle være minst bratt (trudde eg). Vi fulgte merka rute opp og det var stort sett lettgått, med unntak av ei bratt kneik. Det var for såvidt fint å gå oppover. Tårnet på Loddo er nok laga >>>

Karte    

Prestakvile

Datum:
17.07.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
8,6km

Værmeldingane heime var ikkje dei beste, så då var det best å komme seg nærare finværet. Vi vende nasen sørover i fylket og fann ut vi kunne besøke nokre dagsturhytter i gamle Hordaland. Vi starta på onsdag ettermiddag/kveld med dagsturhytta i Samnanger ettersom den skal være lett å gå. Vi parkerte ved kyrkja og fulgte god veg og vidare på sti til dagsturhytta. Denne låg fint til ved Kvernesvatnet og det er mogleg å låne kano gratis for dei som ønskjer det. Det gjekk sti vidare forbi hytta og vidare til Hellenaustet og Skutevika. Vi tok likegodt å besøkte begge vikene. Det var tørt og fint å gå til dagsturhytta, ikkje så tørt og fint vidare, men ellers greitt å gå. I Skutevika var det fint å bade også, så vi tok ein dukkert før vi vende nasen tilbake til bilen >>>

Karte