Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1781)
- Bergtour (1323)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (444)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Klepp, dagsturhytta Voss
- Datum:
- 18.04.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:10h
- Entfernung:
- 4,9km
Etter besøket til Fjordsyn i Vaksdal, vurderte vi om vi skulle besøke ei dagsturhytte til og kva dagsturhytte det evt. skulle være. Vi landa til slutt på Voss. Vi køyrte langt opp i lia frå Voss sentrum og vidare over på bomveg. Der var det mogleg å parkere i enden av denne vegen.
Vegen opp til dagsturhytta var ei god blanding av steile bakkar og "heilt flatt". Men det var grusveg nesten heile vegen opp. Dei siste metrane var det lagt ut plankar.
Fin plassering av hytta, sjølv om eg kanskje kunne tenkt meg litt meir utsikt.
Fjordsyn - dagsturhytta i Vaksdal
- Datum:
- 18.04.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:06h
- Entfernung:
- 3,3km
Etter ei natt på flotte hotel Sandven, bar det vidare til Vaksdal og dagsturhytta der.
Vi parkerte ved badeplassen i Stanghelle og fulgte merkinga mot dagsturhytta. Litt sleipt vått i stien. Men hytta var fint plassert ikkje langt frå fjorden.
Vi var absolutt ikkje aleine. Dette er ein av dei hyttene som har hatt mest besøk mens vi har vore der. Det ser ut til å være ei populær hytte.
Kvilekroken
- Datum:
- 17.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:31h
- Entfernung:
- 5,5km
Etter å ha sjekka inn på hotellet, køyrte vi opp mot parkeringsplassen.
Vegen opp til parkeringplassen er bomveg og relativt bratt oppover, så her anbefalast firhjulstrekk.
Frå parkeringsplassen er det nokre bratte kneikar, men ellers greitt å gå. Siste stykket gjorde at vi var glade for å ha sko som tåler litt vatn.
Fin plassering av dagsturhytta i Kvam.
Veslevardhytto
- Datum:
- 17.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:22h
- Entfernung:
- 3,9km
Dagens andre tur gjekk til Fusa og Vetlavardhytto. Vi parkerte ved idrettsanlegget og fulgte god merking opp til hytta. Noko blautt i stien, men greitt å gå. Fin utsikt frå toppen.
Erstadfjellet og dagsturhytta Brakabu
- Datum:
- 17.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:28h
- Entfernung:
- 9,9km
Dagens første dagsturhytte.
Etter ei fin natt på hotell tok vi fatt på turen mot Osterøy og Brakabu.
Vi parkerte i sentrum av Valestrandfossen og fulgte skiltinga oppover mot Brakabu. Først eit stykke på asfalt før vi kom over på sti. Greitt å gå, men enkelte stader var det litt blautt i stien. Stien var godt merka
Svistølen ++
- Datum:
- 16.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:31h
- Entfernung:
- 5,7km
Oppdaga plutselig at Sletteholten var "oppgradert" og Helgåsheia var "degradert", så då blei det på jakt etter å fullføre Sunnfjord kommune si liste.
Greitt å ta ein tur denne morgonen ettersom det kanskje blir ein roadtrip på meg og mannen i ettermiddag. Været er ikkje meldt så bra, så vi får sjå kvar vi endar.
Svanøy rundt
- Datum:
- 15.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:18h
- Entfernung:
- 15,0km
Værmeldingane var faktisk ikkje så ille i dag. Tok sjansen på å besøke Svanøy og toppane der ute. Eg blei anbefalt å leige sykkel, men ettersom planen var å gå ruta over Storåsen og Kvalstadfjellet og vidare til Vågsfjellet, så slo eg det frå meg.
Eg tok båten frå Florø kl 9:00 noko som er perfekt avreisetidspunkt. Litt blæst i starten av turen, men så kom sola og vinden løya. Det slo meg at sjølv om det er godt merka med sti, var det ingen sti direkte opp på høgste punkta på nokon av toppane. På Kvalstadfjellet var det til og med litt kranglig med buskene.
Men utsikta frå Nobba og utsiktspunktet på Vågsfjellet var ingen ting å sei på.
Hadde tydelegvis veldig god tid for då eg kom ned til Svanøybukt hadde eg vel omlag ein time eg kunne kose meg i sola på.
Haugaro
- Datum:
- 13.04.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:36h
- Entfernung:
- 2,5km
Ein liten roadtrip med stopp i Viksdalen for å besøke den nye dagsturhytta der.
I tillegg hadde vi ein avstikkar ved Storeneset der vi testa ut Viksdalsvatn som badevatn. Årets første badetur.
Varlivatnet
- Datum:
- 12.04.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:17h
- Entfernung:
- 14,3km
Tur med mannen til Varlivatnet. Ettersom det er lite snø i fjellet, tok eg sjansen på å besøke eit av Titurmåla med den lengste avstanden, Varlivatnet sammen med mannen. Han ville ikkje ha noko bratt tur, så eg tenkte at det var passande tur. Eg fann også ut at vi kunne kanskje ta ein tur oppom Varliegga eller Svartegrovfjellet Nord. Det eg ikkje tenkte nok på at det kunne være fare for mykje snø. Det starta greitt opp mot Vinddalsvatnet. Ruta er lettgått sjølv om det er ein del myrlendt. Etter kvart som vi kom opp til Vinddalsvatnet blei det snø. Og jammen minka det ikkje på veg opp til Varlivatnet. Snøen var nok ikkje like "hærleg" som turen til Krunene. Tendensar til påskeslush og for tungt føre for fottur. Frustrasjonen var til å ta og føle på på veg opp >>>