Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Hamnanova i full musikk

Datum:
02.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
3,0km

I forbindelse med folkemusikkfestivalen hadde Indre Sunnfjord turlag tur til Dvergsdalsdalen og over fjella med ein konsert på Hamnanova. Eg tilbydde meg å være sjåfør for musikaren i tillegg til tre journalistar frå Kina, Storbritania og Irland. I tillegg fekk eg spørsmål om å møte to turgåarar til som skulle slå følge frå parkeringsplassen og opp til Hamnanova. Ein av desse var nok ikkje van med å gå så mykje i motbakkar, ho sleit med motivasjonen, men kom seg opp til slutt. Flott konsert på toppen i nydelege omgjevnader. På veg heimatt blei det intimkonsert i bilen i tillegg til eit lite ønskje om å kjøle beina ned i Jølstravatnet. Absolutt ein fin dag med fine opplevingar.

Karte    

Skredfjellet med DNT

Datum:
01.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
9,7km

Hadde lova å være kjentkvinne opp til toppen av Skredfjellet. Kjekt å bli spurt og eg takkar sjelden nei til å være med på tur viss eg blir spurt. Yr meldte ikkje så mykje regn, men litt blei det. Ein del tåke på toppen, så her måtte vi til med GPS-spor for å få best mogleg rute. Eg har heller aldri tenkt at det var fleire elvar ein må krysse, mogleg er det fordi desse i utgangspunktet er ganske låge i godvær. Denne gongen måtte vi nesten vasse over fleire stader. Og tåka letta då vi kom nedatt. Av ein eller annan grunn verkar alt mykje klårare når tåka lettar. Fin tur med fine folk.

Karte