Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Hamrestølen

Datum:
15.10.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
8,7km

Litt usikker på om det frista med tur i dag. Men antydning til sol gjorde at eg blei frista nok til å komme meg på luftetur. Valet vart ein tur med grusveg ettersom det har regna bra den siste veka. Det regna bra på veg til utgangspunktet for turen. Men då heg parkerte letta det og det var antydning til sol. Turen starta gjennom ei grind. Og ved den grinda var kart med oversikt over masse ultralokale stadnamn i området. Ruta gjekk på relativ grei grusveg og etter kvart kom det litt regn og så snø. Fin regnværstur dette.

Karte    

Skaugumåsen

Datum:
13.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:20h
Entfernung:
8,0km

Fin tur, sjølv om det begynte å regne litt.

Karte    

Tur på Røros

Datum:
10.10.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:47h
Entfernung:
8,0km

Ei lita vandring i Røros, inklusive blandt ørkenvandring. Vel... det er visst ikkje tørt nok til å kalle det ørken, men det er sand. Kvitsanden er eit fascinerande fenomen. Det er 0,4 kvadratkm med flygesand rett ved Røros sentrum.

Karte    

Fløyen og Hatlelifjellet frå Ullebø

Datum:
08.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:25h
Entfernung:
13,1km

Vindstille denne søndagen. Tenkte å prøve ut ruta frå Ullebø. Godt merka sti heile vegen opp. Skilta ved stiskille. Eg valte den bratte ruta opp til toppen og den litt mindre bratte ruta på veg ned. Greitt å komme seg opp og ned. Så og seie vindstille på toppane.

Karte    

Hest

Datum:
07.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:16h
Entfernung:
12,3km

Vurderte Munkeggi denne laurdagen, men på grunn av nysnø på toppen, fann eg ut at eg ventar med den toppen til sommaren att. Då blei det Hest. Fulgte godt merka rute til toppen. Godt med vind gjorde at det kun blei ein liten stopp med til fotografering før eg gjekk vidare. Tenkte eg kunne ta ei runde i staden for tur/retur og såg det an til at det skulle gå greitt. Sikta meg inn på den merka ruta over Dyreskardet. Litt lite merking ned til skaret, men det gjekk greitt å gå ved å følgje kartet. Fulgte den merka ruta til Hesjedalen. Oppdaga fort at elva ikkje kunne kryssast tørrskodd. Så då var det berre å labbe uti og bli søkk gjennomblaut. Eg reknar med at den er litt lettare å passere på sommaren. Fulgte fin sti frå Hesjadalen og ned att til bilen. Godt å få på seg tørre >>>

Karte    

Nordheia

Datum:
06.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:04h
Entfernung:
4,0km

Etter ei meir eller mindre heftig regnværsdag, så letta det endeleg og då blei det ein liten tur på Nordheia denne kvelden. Hadde nesten fjellet for meg sjølv (i alle fall toppen)

Karte    

Nordheia

Datum:
04.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:01h
Entfernung:
3,9km

Karte    

Flatbrehytta og Vetla Supphellenipa

Datum:
01.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:47h
Entfernung:
11,4km

Søndag og gode værmeldingar. Eg har høyrt mykje om kor fint det er på Flatbrehytta og at det ikkje er så fryktelig langt å gå, så då blei det den turen. Tok først opp mot Vetla Supphellenipa. Der var det tydeleg at elva hadde gjort eit innhogg i stien, men det gjekk fint likevel å komme seg over elva. Ikkje fullt så tydeleg sti frå skaret og opp på Vetla Supphellenipa, men det gjekk greitt å finne fram. Fulgte ruta opp på Flatbrehytta. Fann så ut at eg ville få eit litt nærare blikk på breen, så eg gjekk tilbake og opp på høgda. Retur den mest brukte stien. Der var det litt betre å gå. Flott tur.

Karte