Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Endeleg! Galdhøpiggen frå Spiterstulen

Datum:
30.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:15h
Entfernung:
13,0km

Galdhøpiggen har stått på ønskjelista mi lenge. Heilt frå 2009, men kvart år vi har tenkt å ta turen, og kvart år har den av ulike grunnar vorte avlyst. Dette året skulle eg få det til! så værmeldingane vart sjekka ofte og vel. Men været har ikkje akkkurat vore på mi side i år. I fjerde ferieveka fann eg ut at det låg an til fint vær på Galdhøpiggen. Ettersom mannen min starta på jobb etter ferien den veka, foreslo han at vi kunne ta det laurdagen. Vi overnatta i bilen ved Spiterstulen denne natta, men natta var ikkje den beste eg hadde hatt. Sovna litt vel seint og det vart få timar med søvn. Men opp skulle eg sjølv om det kunne ta noko lengre tid. Ettersom eg var såå nære. Starta roleg oppover og tok mange pausar før vi endeleg kom til toppen. Turen skuffa ikkje, >>>

Karte    

Hafstadfjellet

Datum:
29.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
6,3km

Etter eit par dagar med litt lengre turar i tillegg til planer om å køyre til Jotunheimen denne ettermiddagen, var det på tide med ein kjapp tur i nærområdet.

Karte    

Gytta

Datum:
28.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:28h
Entfernung:
1,9km

Ettersom vi ikkje akkurat har blitt overøst med solskinn denne sommarferien, så må ein nytte dagane til fulle dei dagane det faktisk er finvær.

Karte    

Litjehesten

Datum:
28.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:15h
Entfernung:
11,1km

Litjehesten er fjellet eg verkeleg har vokse opp med. Frå stovevindauget kunne vi sjå rett på Litjehesten. Og på vinteren gjekk vi på ski opp til Rypehogen via den frykta Antonstien. Og då eg vart gammal nok, så var turen opp under hesten via Oksekleivheia obligatorisk. Toppen er nok ikkje like kjent som Storehesten, men for meg var Litjehesten minst like kjent. Og eg vil tru at dette gjeld fleire som er vaksen opp inst i Solheimsdalen. Det går fint an å gå opp frå Solheimsdalen og opp til toppen av Litjehesten, men det er nok lettare frå Stølshaugane via Skaraly. No når det er komen opp bru over elva, så er det ingen problem. Stien i dag var litt blaut, men med nydeleg vær, så gjorde det ikkje noko. På returen gjekk eg via høgste punktet på Litjehesten. Der fekk eg litt >>>

Karte    

Steinnova og Stolen - Gaular komplett

Datum:
27.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:19h
Entfernung:
23,6km

Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova. Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen. på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein >>>

Karte    

Gytta

Datum:
26.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:32h
Entfernung:
1,8km
Karte    

Gytta

Datum:
25.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:30h
Entfernung:
1,9km
Karte    

Gytta

Datum:
24.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:25h
Entfernung:
2,0km
Karte    

Nordheia og Djupviknipa

Datum:
24.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:57h
Entfernung:
3,9km

Karte    

Bukkenipa og Fagerslettnipa

Datum:
23.07.2022

Etter gårsdagens langtur, var det på tide med ein tur med litt færre høgdemeter. Starta frå Markeset og fulgte merka rute mot Hovlandsstølen. Traff på ein dame som slo graset i stien ved Hovlandsstølen. Vi spurte kor stien gjekk mot Bukkenipa. Ho meinte det var opp i bakken, men verka litt usikker. Vi fann ein sti men gjekk oss fort ut av den opp i bakken (mest truleg på grunn av at det var myr) og fann ut at stien gjekk på andre sida av bekken og passerte då bekken og fann ein god sti oppover bakkane. Denne stien var merka opp til Bukkenipa. Gjekk vidare mot Fagerslettnipa og den flotte varden, som var plassert feil i forhold til høgste punktet. Etter å ha funne høgste punktet, som var markert med nokre få steinar, rette vi nasen rett mot stien ned mot Hovlandsstølen vidare >>>

Karte