Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (99)
- Schneeschuhtour (99)
- Fußtour (1464)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Keipen
- Datum:
- 30.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 11:30h
- Entfernung:
- 24,0km
Parkerte ved Sørdalsvatnet og fulgte merka rute heilt opp. Nydeleg vær i dag. Det er spesielt med den fjellformasjonen som er i området. Vel verdt eit studie.
Liten avstikkar: Helleberget
- Datum:
- 28.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:34h
- Entfernung:
- 9,5km
Skjorta
- Datum:
- 27.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:43h
- Entfernung:
- 20,7km
Køyrte opp til parkering ved minikraftverket i Helgheimsdalen. Fulgte godt merka rute heilt til toppen. Var litt skeptisk på grunn av værmeldinga, men Yr stemte best denne dagen (og for så vidt dei andre dagane denne sommaren). Det kom nokre dropar på veg nedatt og litt vind gjorde at det var godt med det regntøyet eg tok med på turen.
Synste Stauren
- Datum:
- 26.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:51h
- Entfernung:
- 12,9km
Fulgte ruta mot Blægja opp til Nipevatnet og gjekk rett fram etter vatnet. Fann ein fin plass å komme opp på Stauren. Var ein liten steinvarde/merke der eg kom opp, noko som gjorde det lettare å finne vegen nedatt. Fann ut at det mest truleg var enklast å gå på andre sidan av vatnet, sidan det var mindre ur å gå i. Traff på litt folk på veg opp på Blægja denne dagen. Varmt då eg kom tilbake i bilen.
Langefjellet
- Datum:
- 25.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:33h
- Entfernung:
- 6,3km
Tur med min mann. Han ville ha ein tur som ikkje var så langt unna og så bratt. Og eg ville ha ein tur eg ikkje har gått før. Så då vart Langefjellet eit godt valg. Fin og tørr sti heile vegen. Både eg og han var fornøgd med val av tur.
Vardetangen
- Datum:
- 24.07.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:37h
- Entfernung:
- 2,1km
Kolåsfjellet
- Datum:
- 24.07.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:08h
- Entfernung:
- 4,3km
Parkerte ved parkeringsplass til Dagsturhytta og gjekk opp vegen og vidare på god sti. Etter det eg forstår skal det være strålande utsikt, men på grunn av lågt skydekke var ikkje utsikta så strålande. Men eg fekk no sett litt likevel.
Gullfjellet
- Datum:
- 23.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:46h
- Entfernung:
- 16,8km
Parkerte ved Osvatnet og gjekk opp vegen og fulgte merka rute mot redningshytten. Fulgte vidare godt merka rute til Gullfjellet og vidare til Gullfjelltoppen. På toppen møtte eg ein far og sønn som fortalte at det var mulig å følge ei merka rute ned, som vert nytta i "rett vest". Eg kom nedatt til Redningshytten og gjekk vidare opp på neste topp: Austefjellet og vidare nedatt mot Osevatnet. Rett før parkeringsplassen møtte eg "Blåbærkongen", som er nok litt over snittet glad i å plukke bær. Han vert jamleg intervjua av media om når blåbæra er klare. Men no har han bestemt seg for å ikkje røpe det, sidan det då vert for mykje andre som plukkar i hass område. Artig kar.