Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Flatenipa og Kvitefjell

Datum:
13.04.2020
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
4:39h
Entfernung:
12,5km

Tur i blanda føre. Frå nesten snøstorm til opplett.

Karte    

Blåvatnet

Datum:
12.04.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:31h
Entfernung:
5,8km

Nokre dagar føler eg at eg kanskje ikkje har treft heilt på turmålet eller tilbehøret. Opp til elva før Øyrastølen var det flott terreng og mykje fin sti. Det eg ikkje var klar over var at eg måtte gå over elva før stølen (det sto i turbeskrivinga, men eg hadde ikkje lese den godt nok). Det endte med beinfrosne føter før siste stykket med snø. Turen hadde nok vore finare dersom eg hadde venta til sommaren.

Karte    

Middagsnipa

Datum:
11.04.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:34h
Entfernung:
6,4km

Fin dag for ein regnværstur.

Karte    

Blålidalsfjellet, Snøfjellet og Myklebustfjellet

Datum:
10.04.2020
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
3:22h
Entfernung:
10,3km

Tok trugene fatt opp der sommarstien går. Bra føre oppover. Fann ut at eg skulle bestige dei tre toppane som ligg naturleg i nærleiken av kvarandre. Ettersom stien opp frå tunellen var ganske bratt, så fann eg ut at eg skulle ta ei runde ned til anleggsvegen som går langs Langevatnet. Dette gjorde at turen vart litt lenger enn planlagt. Ikkje at eg eigentleg klagar for med slikt flott vær, så kunne turen godt ha vore lenger enn den var. No i desse dagar når vi skal halde litt avstand til andre, så var ikkje det noko problem, då det var folketomt på toppane. Og i motsetnad, så var det mykje bilar parkert og skispor mot Terdalskeipen/ Slettevarden etc.

Karte    

Fløgjen

Datum:
09.04.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:41h
Entfernung:
3,8km

Fin tur med mannen min på Fløgjen. Opplett stort sett heile turen. Snøen kom då vi hadde komt oss i bilen. Mannen var ikkje fornøgd med den blaute stien i ein del av ruta.

Karte    

Øyraskora

Datum:
08.04.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:08h
Entfernung:
2,2km

Fin tur på ettermiddagen.

Karte    

Rypehogen

Datum:
07.04.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:46h
Entfernung:
7,9km

For meg er dette verkeleg ein nostalgisk rute opp til Rypehogen. Kvar påske har dette vore den faste turen i Solheimsdalen. Vi hadde ein liten rast (som vanleg) på Rypehogen. Ei rute som er flott for oss som ikkje liker dei brattaste bakkane. Turen kan utvidast opp under hesten og vidare mot Blægja. Vanlegvis har vi ruta om "Antonstien", men denne gongen ville vi prøve forbi Friborgsstølen i staden.

Karte    

Sæterlidstøylen

Datum:
06.04.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:12h
Entfernung:
3,4km

Ein i utgangspunktet fin tur. I følge Ut.no kan ein gå frå Sæterlid. Men eg fann ut at det skulle gå ein kortare sti via Listene gård. Må innrømme at eg var litt skeptisk då eg møtte ein flokk med Angusfe. Dei viste seg å være harmlause. nærare stølen var det kaving i snøen før eg kom bort til stølen.

Karte    

Egga /Sandvikfjellet

Datum:
05.04.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:39h
Entfernung:
12,6km

Eg gikk sist frå Sandvika, men tenkte eg skulle prøve ruta som er beskriven på ut.no. Eg inviterte med søsteren på tur. Vi parkerte ved Sagevik. Vi merka fort at det var ikkje så enkelt som det vi trudde. Ingen tydeleg sti der vi gikk, med unntak av opp frå Stølsdalen, der var det heldigvis nokre vardar. Sidan det ikkje var noko god sti oppover, så ville vi difor prøve å gå heile runda og ned via heia. Ned frå Egga var det rimelig mykje "baksing" og kaving i buskene. Vi brukte kartet og såg oss ut Ospedal og fann endeleg ein brukandes sti ned til Grønevik. I følgje ut.no så skal det være ei merka rute opp frå Grønevik. Den merkinga var i alle fall heilt fråværande. Heldigvis har eg vore ein tur ned i Grønevika før og vi klarte etter kvart å finne råsa som >>>

Karte    

Venevassegga

Datum:
04.04.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:38h
Entfernung:
9,2km

Fint påskevær i dag. Hadde med søsteren på turen.

Karte