Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Fureviksnipa i ikkje fullt så flott sol

Datum:
22.03.2020
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
3,3km

Eg som hadde håpa på at værmeldinga frå i går stemte. Det gjorde den ikkje. Det vil sei ikkje fullt så gale, men det var lett snø i lufta og sola mangla. Friskt på toppen. Må innrømme at eg er svært glad i trugene mine, og spesielt at dei er utstyrt med helløftar. Det gjer at turen opp slalåmbakken vert noko lettare.

Karte    

Fauskevarden i flott sol

Datum:
21.03.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
5,6km

Uforgløymeleg tur i sola opp til Fauskevarden med følelsen av å være "på rett plass til rett tid". Føret var flott og været var enda bedre

Karte    

Hafstadstølen

Datum:
19.03.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:09h
Entfernung:
7,6km

Tur etter jobb. Endeleg såg det an til å bli ein ettermiddag med finvær. Litt kaving gjennom snøen det siste stykket opp til stølshusa på Hafstadstølen

Karte    

Gapahuken ved Eventyrstien

Datum:
15.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:44h
Entfernung:
2,5km

Ikkje det beste været denne dagen. Men det gjer ikkje noko då turen går i skog og vi kan kvile i Gapahuken. Kjekt med sånne kvileplassar med utsikt.

Karte    

Baksing til Buskefjellet

Datum:
14.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:57h
Entfernung:
1,4km

Eg hadde bestemt meg for "ein kjapp tur" ekstra utover Høgeskolten/Granefjellet, for å fullføre toppane på Atløy. Etter det eg kunne sjå, var det grei skuring, sidan toppen er så liten. Men som eg har erfart tidlegare, så er ikkje det nødvendigvis at dei minste toppane er dei enklaste å bestige. Eg lokka til og med turfølget mitt med på "ekspedisjon". Det var ingen tydelig sti, så det er sannsynleg at dette ikkje er ein topp mange vel å bestige. Eg trur nesten ikkje lokalbefolkinga veit om denne toppen. (Eg veit om minst 1 som kjem under den kategorien). Vi lurte på å velje "skaret", men utan tydeleg sti og visste vi ikkje om vi kunne gå der. Vi valte med andre ord ikkje "skaret" på veg opp, men på veg nedatt. Vi kan vel sei det kom >>>

Karte    

Høgeskolten på Atløy

Datum:
14.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:01h
Entfernung:
4,5km

Fann ut eg ville bestige nokre nye toppar og helst utan å vasse så mykje i snø, så eg tok sjansen å ta med søsteren på Atløy. Fann eit skilt på vegen ut som peika mot Granefjellet, sjølv om ikkje denne stien er merkt på kartet. Fin stigning oppover utan for mykje klyving. Brukte broddar på turen, og det angra vi definitivt ikkje på. Holdt på å "blåse vekk" på toppen, så det vart ikkje noko kaffekos på toppen.

Karte    

Erdalsdalen

Datum:
13.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:10h
Entfernung:
3,4km

Kaving i snøen gjorde at vi ikkje gjekk heilt til Erdalsstølen

Karte    

Gulakvila, dagsturhytta i Gulen

Datum:
07.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:34h
Entfernung:
1,6km

Enda ei dagsturhytte, i jakta på alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Relativt kort tur, som er lett for dei fleste å besøke. Godt merka og tydelig godt brukt turmål. Ei flott utsikt. Det vil også være grei skuring å fortsette oppover mot Høgefjellet og evt. vidare. Vi valte ikkje dette og det er eg eigentleg litt glad for. Då vi kom nedatt til bilen starta regnet. Timingen kunne ikkje vore betre.

Karte    

Sørefjordhytta

Datum:
07.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:57h
Entfernung:
2,0km

I prosjektet vårt med å samle dagsturhytter, var det ein fin anledning til å besøke Sørefjordhytta i Hyllestad. Greitt å gå, men broddar er godt å ha når det er litt is og snø i stien. Flott plassering av hytta. Vi lurte på å ta med oss Hesjetinden i tillegg, men dette får vi ta til ein annan gang.

Karte    

Nordheia

Datum:
06.03.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
2,5km
Karte