Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1855)
- Bergtour (1387)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (454)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Nordmarka
- Datum:
- 08.10.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 7:54h
- Entfernung:
- 31,5km
Endeleg fint vær. Tok bussen opp til Sørkedalen og fulgte grusvegen oppover. Tok av på sti og gjekk mot Stubberudseterhøgda. Grei sti opp dit. Gjekk vidare mot Heikampen og trudde eg skulle finne sti. Men tydeleg er dette ei skiturløype og ikkje sommerturløype, så myr og uten sti. Tok retning frå Heikampen og ned mot grusveg utan noko god sti. Konklusjonen min er at i Nordmarka er det litt anten eller. Anten er det grusveg, eller så er det blautmyr og ingen sti (og ein og anna sjeldan sti) etter å ha plumpa opp i myr og vatn. Fann stien opp mot Kikut og nedatt til Kikutstua. Blei litt forundra då det sto 8,5 km i gangsti mot Skar. Fulgte grusvegen eit stykke og oppdaga at dette skiltet var i alle fall heil feil, sidan eg etter fleire km hadde meir enn 8 km att til Skar. Blei plukka >>>
Langs Akerselva
- Datum:
- 07.10.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:27h
- Entfernung:
- 14,4km
Tur langs Akerselva fra Storo til Maridalsvatnet + litt til.
våt tur.
Klumpen
- Datum:
- 06.10.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:48h
- Entfernung:
- 5,7km
Botnafjellet
- Datum:
- 05.10.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:32h
- Entfernung:
- 16,4km
Etter uværet Amy var det meldt fint vær store delar av dagen. Køyrte til Kandal og parkterte ved Ytre Kandalsstølen. Lett tur innover dalen med god merking. Fulgte stien bratt opp mot Øykjeheivatnet. Oppe ved Øykjeheivatnet forstod eg at eg skulle eigentleg ta av litt før og følge ein sti, men den var ikkje like tydeleg. Gjekk langs Øykjeheivatnet og tok så opp lia og inn på merkt sti igjen opp mot ryggen av Botnafjellet. Godt merkt vidare oppover den bratte ryggen til toppen.
Vindstille og fint på toppen i dag. Etter kvart kom det litt meir vind og litt meir skyar, så det var om å gjere å komme seg ned før regnet kom. Nede i botnen sikta eg meg opp mot Eggene og gjekk opp dit før eg sikta med ned mot hytta ved Øykjeheivatnet og vidare ned dalen mot bilen.
Hadde litt flaks >>>
Skredfjellet og Middagshaugen
- Datum:
- 28.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:59h
- Entfernung:
- 12,6km
Parkerte ved utsikten og fulgte grusvegen opp til Heimestølen. Der var det merkt opp mot Besshovden.
Fulgte vidare merking mot Middagshaugen. Stien er bratt opp mot Skredfjellet, men godt merkt.
Vidare frå Skredfjellet var det lett å gå, sjølv om det ikkje var så godt merkt.
Gjekk vidare merkt sti ned frå Middagshaugen og ned i dalen. Fulgte dalen nedover. Fann ikkje så mykje godt merkt sti i starten. Men etter kvart vart det betre.
