Nerviknipa (28.12.2024)


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 31min
Entfernung 3,9km
Höhenmeter 427m
GPS
Besteigungen Nerviknipa (389m) 28.12.2024

Værmeldingane var ikkje dei beste (igjen). Så vi testa ut ein ny tur denne dagen, som ikkje skulle være så lang. Erfaringane mine tilseier også at det er ofte mindre regn ut mot kysten, så då fall valet på Flokeneset.
Vi hadde litt problem med å finne ut kvar stien starta ettersom beskrivelsane vi fann var litt vage: eit busstopp langs FV609 og gjennom ei grind. I tillegg skulle det være oransje merke langs stien. Vi parkerte ved det busstoppet vi fann ut det måtte være og fulgte ein sti gjennom ei grind og over ei myr. Etter kvart kom dei oransje merka til syne og det var relativt enkelt å følgje oppover lia. Det har kome meir enn nok regn den siste tida, så det å halde seg tørr på beina er eit ikkje-tema. Av samme grunn er det fare for glatte steinar og berg også. Stien går bratt oppover lia og det er lagt ut nokre taulengder der det er berg, slik at ein kjem seg greitt oppover. Flott utsikt frå toppen. Trass litt dårlege meldingar, så hadde vi faktisk opplett heile turen, noko som er ei stor glede i seg sjølv.

Utsikt frå Nerviknipa
Utsikt frå Nerviknipa
Utsikt frå Nerviknipa nordaustover
Utsikt frå Nerviknipa nordaustover
Utsikt frå Nerviknipa vestover mot Svanøy
Utsikt frå Nerviknipa vestover mot Svanøy

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.