Klungeren (04.02.2024)


Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 3h 06min
Entfernung 10,0km
Höhenmeter 500m
Karte
Besteigungen Klungeren (817m) 04.02.2024

I følge værmeldingane skulle det være regn/snø heile dagen. Men då det lysna, så såg det ikkje så verst ut. I tillegg var det nysnø, som gjorde at det frista med ein skitur. Tok sjansen på Klungeren ettersom det er eit fjell eg kjenner greitt.
På veg opp til parkeringsplassen var det ei blanding av sol, opplett og snøvær. Starta ved Masdalsgjerde og fulgte ruta oppover i puddersnø. Etter kvart som eg gjekk vart det lettare før meg. Rett før toppen starta snøen og tåka vart veldig tett. Fulgte skispora nedatt ettersom eg ikkje såg så veldig mykje foran meg. Gjekk noko sakte nedover før det letta heilt og siste delen av turen gjekk i opplett og nesten sol. Litt kladding på skia, men ettersom eg ikkje er overbegeistra over høg fart, var egentleg det perfekt for meg. Pudder heile vegen.

Varden på Klungeren. Det var vel alt eg såg derfrå.
Varden på Klungeren. Det var vel alt eg såg derfrå.
Skispora mine.
Skispora mine.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.