Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Expedition (1)
-
Fußtour (82)
- Bergtour (77)
- Jogging (2)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (2)
-
Skitour (17)
- Randonnée/Telemark (10)
- Tourenskilauf (7)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Ulvestaddalen rundt
- Datum:
- 06.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:18h
- Entfernung:
- 12,8km
Planen denne dagen var å kome seg opp på Velsvikskåla. I reseachen såg eg at nokon hadde tatt "runda" rundt Ulvestaddalen og dermed plukka fem toppar langs sin vei. Det hadde eg også lyst å gjere, så eg allierte meg med min kompis Kristian, og etter å ha solgt inn turen som "det teke vel ca 3-4 tima" so va vi klare etter å ha tatt 17:20 ferga frå Folkestad. Etter litt handling på nærbutikken så kom vi oss opp i dalen og til utgangspunktet for turen - Ulvestadsætra. Ein betalar 15kr i bompengar for å kome seg opp dit.
So far so good.
Vi hadde ein relativt kortfatta turrapport å gå etter, men tanken var å gå rett opp frå parkeringa til vi nådde ryggen vi kunne følge opp til første topp - Snøhornet. Det var også det vi gjorde. Der var mykje fluger på >>>
Hallehornet og Middagshornet frå Romedalen
- Datum:
- 05.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:53h
- Entfernung:
- 6,4km
Dagens tur gjekk frå Steinsøylen, opp til Hallehornet og over ryggen bort til Middagshornet. En svært vakker fjelltur. I motsetning til sist eg besøkte Middagshornet så vart det same veg tilbake, heller enn å fortsette ned på andre sida av Middagshornet og retunere til Steinsøylen via dalen. Der var det vått og ikkje særleg bra å gå om eg huskar rett. Turen i seg sjølv kan nok best oppsummerast i bilder, heller enn ord.
Sandhornet og Rambjøra
- Datum:
- 03.07.2017
- Entfernung:
- 6,1km
Skydekket ødela dessverre, til tross for at det letta litt akkurat på toppen. Dette føltes som ein tur seint i oktober, kontra ein midtsommars. Vart betre på vegen ned, og stakk innom Rambjøra på vegen ned. Fekk med både rype og havørn, samt ein flott regnboge i Follestaddalen.
Høgåsen
- Datum:
- 02.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:38h
- Entfernung:
- 2,7km
Etter at Laupsnipa hadde fått slagget ut av kroppen var det like greit å plukke ein topp til når ein først var "i området". Dermed vart det ein kjapp tur opp på Høgåsen også, sidan den er på lista det vert samla etter for tida.
Høgåsen er ein fin liten tur med vakker utsikt mot Herøy frå toppen. Nokre vil sikkert også hevde at ein ser Ulsteinvik herfrå, men det la eg ikkje merke til :)
Fascinerande "skogtunnel" på vegen opp er noko som sikkert gjer turen spennande for ungar.
Søndagstur på Laupsnipa
- Datum:
- 02.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 4,2km
Beina var tunge. Vinen hadde betre effekt i går enn i dag. Det regna.
Men etter at gårsdagen vart ødelagt grunna lavt skydekke var det berre å kome seg ut.
Laupsnipa er ein av mine favorittoppar i Herøy, grunna fin tur i tillegg til god utsikt heile vegen.
Alt i alt ein fin søndagstur, til tros for svært bedagelig tempo oppover.
Akkurat i dag var det derimot heilt rett.
Sletteheia og Sollia frå Moltudalen
- Datum:
- 30.06.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 10,9km
Peakbook-lista Herøy Pf 50 fullførte eg for ei tid tilbake. Plutseleg hadde der dukka opp ein ny topp midt inne på vidda på Moltufjellet, nemleg Sletteheia. Ikkje ein typisk topp ein stikk innom når ein først vandrar i dei fjella kanskje, men sidan Sollia er på ei anna samleliste så tenkte eg å ta to fluger i ein smekk.
Starta i Moltudalen og gjekk langs skråninga på Selsteinen for å kome bort til der ein går mot Sletteheia. Var litt usikker på kva som var toppen, men fann det ut til slutt.
Derfrå fortsatte turen bort til ryggen mellom Hestefjellet og Sollia, og der dukka der endeleg opp sti. Nydelege forhold. Ingen mygg eller fluger, og vakker utsikt.
I det eg passerte mørkevatnet i retning bilen kom skodda sigande inn Moltudalen og gav ganske trolsk stemning.
Tipp topp tur!
Keipen i Volda
- Datum:
- 29.06.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 88,5km
Keipen i Volda er et nydelig fjell sett frå Bjørkedalen med si perfekte kjegleform. Eg har gått dette fjellet ein gong før, men då kom tåka og ødela. Den gongen lova eg å returnere. Det passa bra denne dagen sodan toppen har havna på samlelista til banken eg no jobbar i. Turen gjekk ilag med robbra og SiljeSov.
Alt i alt ein flott tur, med variert terreng, fin sti og nydeleg utsikt både på vegen opp og på toppen.
Blir litt trekk grunna ekstreme mengder fluger, dei mest irriterande skapningane på jord.
Takk for turen!
Blåtind frå Haddal
- Datum:
- 27.06.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,8km
Tredje Ulstein-topp for dagen. Vart tungt. Men upåklagelig utsikt i alle retningar. Fint å sjå Herøy bada i solnedgongen!! Hovedstien opp til toppen virkar å ta ein særdels lang omvei "rundt" heile fjellet før ein tek fatt på siste stigninga til toppen. Neste gong skal eg sjekke om ein kan fortsette rett opp gjelet heilt til toppen.