Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (477)
- Bergtour (209)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (247)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
Staurinibba og Sundshyrna
- Datum:
- 14.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,5km
Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen.
God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen.
Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet.
Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba.
Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.
Dokkampen (og Obleikhaugen)
- Datum:
- 30.10.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,4km
I utgangspunktet ein fin tur, men vart krevjande pga 10-20 cm snø av den tunge sorten. Dette var nok siste fotturen i denne høgda denne sesongen.
Dokkampen var målet for akkurat denne turen, men eg registrerte nokre minitoppar på turen.
Eg registrerte også eit GPS-spor via appen frå Dokklia til Obleikhaugen (ca 1,8 km tur-retur), men dette er ikkje kome fram på denne sida. Inntil vidare registrerer eg denne turen her. Ein meir ålreit tur pga god sti (T-merka) som var godt opptrakka i snøen. Men utsikten var utan tvil best på turen til Dokkampen.
Under er det ei rekke med utsiktsfoto frå toppen av Dokkampen:
På veg tilbake passerte eg Butjørnet, sjå foto under:
Minitopptur i Gropmarka
- Datum:
- 22.10.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,2km
Fin vandretur/treningstur i Gropmarka. Generelt lite sti og mykje myr. For dei som vil prøve tilsvarande tur og ikkje vil bli for våte, anbefalar eg mest sporet eg brukte på tilbaketuren, då det her var mest sti og minst myr.
Landskampen
- Datum:
- 10.10.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,5km
Fin tur på god sti opp til Landskampen. Denne landskampen var av betre kvalitet enn andre landskampar i det siste.