Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Staurinibba og Sundshyrna

Datum:
14.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
13,5km

Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen. God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen. Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet. Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba. Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.

Karte    

Bakkekampen

Datum:
14.04.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,1km
Karte    

Obleikhaugen

Datum:
30.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,7km

Karte    

Dokkampen (og Obleikhaugen)

Datum:
30.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,4km

I utgangspunktet ein fin tur, men vart krevjande pga 10-20 cm snø av den tunge sorten. Dette var nok siste fotturen i denne høgda denne sesongen. Dokkampen var målet for akkurat denne turen, men eg registrerte nokre minitoppar på turen. Eg registrerte også eit GPS-spor via appen frå Dokklia til Obleikhaugen (ca 1,8 km tur-retur), men dette er ikkje kome fram på denne sida. Inntil vidare registrerer eg denne turen her. Ein meir ålreit tur pga god sti (T-merka) som var godt opptrakka i snøen. Men utsikten var utan tvil best på turen til Dokkampen. Under er det ei rekke med utsiktsfoto frå toppen av Dokkampen: På veg tilbake passerte eg Butjørnet, sjå foto under:

Karte    

Minitopptur i Gropmarka

Datum:
22.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,2km

Fin vandretur/treningstur i Gropmarka. Generelt lite sti og mykje myr. For dei som vil prøve tilsvarande tur og ikkje vil bli for våte, anbefalar eg mest sporet eg brukte på tilbaketuren, då det her var mest sti og minst myr.

Karte    

Landskampen

Datum:
10.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
3,5km

Fin tur på god sti opp til Landskampen. Denne landskampen var av betre kvalitet enn andre landskampar i det siste.

Karte    

Ryberget

Datum:
08.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,7km

Karte    

Kolla

Datum:
08.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,6km

Svært fin hausttur til Kolla, i strålande ver, som ein ser. Turen starta på relativt god sti, som vart gradvis dårlegare. Det gav likevel ingen dempar på turhumøret :)

Karte    

Langbrotkollen

Datum:
07.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,9km

Tur med familien til Langbrotkollen, ein av barnas fem på topp i Folldal. God sti oppover dalføret i retning Elgvatnet, meir sporadisk eller fråverande der vi tok av frå hovudstien.

Karte    

Storperhøa

Datum:
06.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,5km

Karte