Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (484)
- Bergtour (213)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (250)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
Heimhaugen
- Datum:
- 11.08.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,4km
Dagens første topp var til Heimhaugen. Det hadde regna kraftig dagen før, og då terrenget er myrete og stiane/traktorspora generelt våte, vart det ein litt våt tur.
Fin utsikt oppetter lia, og med litt meir tilrettelegging kan dette bli ein fin tur for fleire enn peakbookarar. Men kanskje best å gå opp frå sørsida, eg innbiller meg at det ikkje er så vått der.
Langhøa og Langhøa søraust for
- Datum:
- 26.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,9km
Då vart det topptur på Langhøa-massivet.
Litt krattete terreng til å starte med, men vart betre lenger oppe i høgda, då det gjekk over til å bli veldig lettgått, sjølv utan sti. På veg oppover var det lite sti, men kva gjer no det når ein kan følgje eit tørt bekkeleie for store delar av oppoverturen :) (sjå foto).
På toppen av Langhøa møtte eg to andre turgåarar. Flott utsikt. Deretter gjekk eg mot neste topp, veldig lettgått og fint terreng, sjå foto.
Etter siste toppen var det ned att til bilen på Storvollen.
Råtåsjøhøi
- Datum:
- 24.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,7km
Fin tur til Råtåsjøhøi etter å ha vore på Steinhøi tidlegare. Spora oppover og nedover gav ein ganske grei topptur ihht. min smak. Ingen markerte stiar her, med unntak av sauetrakk som delvis vart følgd.
Steinhøi
- Datum:
- 24.07.2018
- Entfernung:
- 7,5km
Fin tur til Steinhøi. Blanding av sol og skyer, kraftig vind, elles heitt. Sporet på oppoverturen er å foretrekke, også nedover. Fint grasterreng stadvis som gjorde terrenget lettgått utan sti.
Oppljosegga
- Datum:
- 19.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,4km
Dagens tur gjekk til Oppljosegga. Fin tur som gjekk delvis på sti opp mot Oppljosvatnet, og ikkje sti ovanfor Oppljosvatnet.
Fint turterreng og ein topp som hadde fortent meir oppmerksomhet enn den tydelegvis får.
For andre interesserte er det nedoversporet som er best å gå mellom start og Oppljosvatnet. Mellom Oppljosvatnet og Oppljosegga er nok oppoversporet å foretrekke.
UTM-rutetur med Søtefjellet som bonustopp
- Datum:
- 11.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,0km
På denne turen til Søtefjellet i Os vart det samla inn 5 nye UTM-ruter (som var hovudføremålet med turen). No manglar det berre cirka 10 av totalt cirka 450 ruter i Bergen før dette prosjektet er komplett.
Det var godt og varmt, og slitsomt oppover når temperaturen ligg på kring 25 pluss. 1,5 liter vatn var for lite, men det gjekk greitt å fylle på ein plass, i eit elles tørt elveleie.
Klokka slutte å logge på tur ned, då logga eg resten av turen med Peakbook-appen, slik at det totalt blir 10,9 km.
