Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Gruvletinden

Datum:
11.06.2017
Tourcharakter:
Wanderung

Etter å hatt Med saueflokk til Langeidheia denne helga skulle me på sundag gå ein kortare veg tilbake til Brokke - Suleskardvegen ved Kvislevasskardet. Vakna opp til ein grå morgon me skodd og yr, men det letta heldigvis utover føremiddagen. Me fekk heile 13 fisker i garnet i løpet av natta. Me steikte nokre av dei og åt til frukost, og resten tok me med heim. Etter denne solide frukostmiddagen gjekk me nordvestover og fulgte T-stien frå Gruvledalen til Steinbutjørnin. Eg tok ein avstikker over Gruvletinden mens dei andre fulgte T-stien. Frå Steinbutjørnin går ein annan sti så me fulgte til Kvislevasskaret der Asbjørn hadde parkert og me kjørte så ned til Håhellervatnet der me andre hadde parkert våre biler. Etterpå kjørte eg opp igjen til Ivlungsvotni og parkerte ved Øyuvsbuparkeringa og gjekk ein >>>

Karte    

Urdalsknuten

Datum:
26.05.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
11:00h

Vegstubben opp til Rosskreppdammen var ikkje brøyta i år slik den pleier så parkerte derfor nede ved Håhellervatnet. Gjekk så opp på demningen for å vurdere forholda på fjorden. Det såg forsåvidt greit ut men frykta det var ein del overvatn og det fekk eg rett i. Nå var det så varmt i veret, kanskje nærare 20 grader, at det var til å leve med å verte blaut i føtene. Det var ennå såvidt synlige snøskuterspor nordover. I nordenden hadde det åpna seg vest for Juvassåna der eg har pleid å gå i land før. Fant ein grei plass å gå i land innanfor Stushellerodden og måtte bere skia i strandsonen bort til Solhellerbekkjen. Denne bekken var flaumstor pga snøsmelting og brua var ikkje lagt ut. Måtte derfor halda meg på sør- og vestsida oppover før eg klarte å krysse bekken >>>

Karte    

Søtebekkheii

Datum:
27.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:30h

Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.

Karte    

Beinleinuten

Datum:
26.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
6:30h

Overnatta ved Rosskreppdammen etter den lange turen til Urdalsnuten og Snorreheii dagen før. Kom meg ikkje avgårde før i 16-tida, men ville utnytte det gode skiføret på Rosskreppfjorden for å ta Beinleinuten som ellers ligger litt utilgjengelig til. Ennå berande is med tynt snølag men gjekk igjennom det øverste sørpeislaget nokon plasser. Gjekk aust for Botnshaug og på land sør for Kverevassheii der det nå var tort land pga låg vasstand og så over Kverevatnet og opp ryggen til Beinleinuten. Frittliggande topp med meste like god utsikt som frå Urddalsknuten. Deretter sørover for å ta med ein sekundærtopp med høyde 1266 (ifølge gamle kart) ved Piksteintjønni, og rant så ned til Kverevatnet igjen og gjekk tilbake over fjorden rundt vestsida av Botnshaug.

Karte    

Urdalsnuten og Snorreheii

Datum:
25.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h
Karte    

Sommarskitur over Rosskreppfjorden

Datum:
09.06.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h

For 3. år på rad var Rosskreppfjorden farbar på ski etter at Brokke - Suleskarvegen åpna etter vinterstengning. I år blei åpning av vegen litt forsinka pga store snømengder og påfyll av nysnø natt til 23. mai, men 2. pinsedag 25. mai blei vegen åpna. Dei som har levd litt lenger enn meg meiner at dette er den mest snørike våren i dette området sidan 1962 eller 67. Kanskje fyrste gong sidan 1997 at Rosskreppfjorden er farbar så seint som 2. veka i juni. Gjekk frå demningen i sørenden fram og tilbake dei ca 11 km over fjorden på langs. Etter ei kald natt med frost var det godt skarelag på den 30-40 cm tjukke snøsorpa. Det var heldigvis et solid underislag på minst 10 cm. Hadde gjennomtråkk i det øverste laget en del plasser, særlig i den nordligste delen. Det var fortsatt >>>

Karte    

Urdvassheii og Vardsvasseggen

Datum:
08.06.2015
Karte    

Reindalsfjellet og Stridsmoheii

Datum:
27.05.2015
Karte    

Holfjell og Spafjell

Datum:
26.05.2015
Karte    

Urdalsknuten og Bergeheii

Datum:
29.05.2014
Karte