Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kvessenuten

Datum:
13.06.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Gjekk frå Middalsbu turisthytte oppover Trossovdalen til ca 1200 moh. Der låg snøgrensa og eg tok på ski og gjekk på skrå oppover fjellsida sørvestover til Kvessenuten 1612 og så videre austover til høgaste topp på 1655 og så søraustover til 1642. Derfra rant eg nordover og ned i Trossovdalen igjen. Der skiføret tok slutt igjen på ca 1200 moh la eg skia i fra meg så dei var klar til neste dag for turen til Sandfloegga og Trossovnuten og eg gjekk tilbake til Middalsbu der eg la meg til for natta. Veret denne sundagen var nordvest frisk bris, perioder med sol og lette snøbøyer.

Karte    

Kvelvanuten og Helgedalsnuten

Datum:
11.04.2010

Kjørte frå Sauda nordover til Buer. Gjekk derfrå på ski på anleggsvegen opp til Helgedalsvatnet og gjekk så nordvestover og opp på Kvelvanuten frå austsida. Derfra gjekk eg videre nordaust og nordover til Helgedalsnuten. Her er det trigpunkt og stor varde med bok på fylkesgrensa til Hordaland. 5-600 m lenger nordvest er det fleire toppunkter eg var oppom som heilt klart er høgare enn der varden står. Klart ver med fantastisk utsikt. Ser over Boknafjorden til sør-Rogaland. Så gjekk eg videre en drøy km austover før eg rant ned mot Grønbotnane, Helgedalsbotnen og over Helgedalsvatnet og ned til Buer igjen.

Karte    

Grønaheinuten og nabotopper

Datum:
10.04.2010

Parkerte på Buer nord for Sauda og gjekk på truger på skaresnø opp til Fossdalsvatnet og et stykke opp langs Nordskarelva. Så gjekk eg opp i den svært bratte nordsida til Kuvestølsnuten. I skuggen var snøen knallhard og eg brukte stegjern opp det brattaste partiet. Frå Kuvestølsnuten gjekk eg vestover til Indre Sauanuten og ned over Skiftestjørna til Ingebjørgsnuten og så austsøraustover igjen og opp sørsida av Kvannegrødnuten over til Grønaheinuten og Storaheinuten og ned den ikkje altfor bratte austsøraustryggen mot Reinakvam tilbake til Buer. Flott rundtur i fint vårver laurdag etter påske.

Karte    

Steinafjell

Datum:
07.11.2009

Kjørte opp mot Folgefonna sommarskisenter men parkerte ca 100 hm nedanfor skisenteret pga isete veg det siste stykket. Gjekk videre til fots og opp på breen langs heistraseen til endes. Herfra var det bare ca 2 km og 200 hm igjen til toppen av nordre Folgefonna, men skyene låg nedpå lenger oppe og det var sterk søraust vind så eg såg ikkje syn på å gå videre oppover den retningen. Gjekk då heller vestover ut av breen og nordvestover til Steinafjell. Steinete/ humpete terreng med litt snø. Fulgte ryggen tilbake til breen igjen og gjekk langs kanten av breen ned til skisenteret.

Karte    

Hellersnuten og Faurlinuten

Datum:
13.10.2009

Frå Nesflaten kjøyrte eg av mot Roaldkvam, og etter ca 700 m, rett etter ei bru tok eg opp til venstre på en grusveg av god standard som går opp til Vasstølvatnet og Finnabuvatnet. Etter ca 5 km, mellom Myrane og Vadholmane, i 600 m høgde er det ei bru og etterpå ein høgresving der eg parkerte i vagkanten rett ovanfor svingen. Herfrå gjekk eg opp i det bratte sørvendte skaret aust for Hellersnuten og så opp på toppen. Ned igjen den bratte sørsida og så sørvestover til Faurlinuten og så tilbake same vei et stykke før eg gjekk forbi nokon hytter på stølen Skitli og på stadvis utydelig sti ned til anleggsvegen igjen. Brukte truger det meste av turen over ca 800 moh der det var en heil del snø. Det var sol frå omtrent skyfri himmel denne dagen.

Karte    

Solfonntaggen fra Valldalen

Datum:
14.06.2009
Karte    

Knoda, Høghellernuten og Sveigen

Datum:
13.06.2009
Karte    

Gauthellernuten

Datum:
11.12.2008
Karte    

Blåbergnuten og Gluggvardnuten

Datum:
10.12.2008
Karte    

Trugetur til Holmanuten

Datum:
03.11.2008
Karte