Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Håfjellet og Kodlifjell

Datum:
18.12.2011
Karte    

Fitjanuten og nabotopper

Datum:
10.12.2011

Sykla heimefrå til Gjesdal Bygdahus og gjekk forbi fleire garder og traktorveg opp til ca 240 moh og vidare i terrenget opp til Tindafjellet og nordryggen til Fitjanuten. Fitjanuten har merka sti opp frå sandtaket aust for E39 på Auestad. Vidare gjekk eg austover til Einarfjellet og Øksnanuten ned til Tjetland og ned til bygdahuset igjen. Det låg ca 10 cm fuktig snø over 150 moh. Var stedvis glaserte veier om kvelden da det klarna opp etter nokon regn- og sluddbøyer i løpet av dagen og kvelden. Sykla over til Lima og gjekk opp til Høylandsfjell og Hengjefjellet i fullmåneskin. Fitjanuten og Hengjefjellet inngår i den såkalte Vardejakten i Gjesdal og eg skreiv meg inn i skrøydebøkene som hhv nr 1212 og 944 i år.

Karte    

Vallresknuten

Datum:
04.12.2011
Karte    

Holtaheia og Lauvåsen

Datum:
12.11.2011
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h

Fra parkeringsplassen ovanfor Holta gjekk eg på merka sti opp til Holtaheia. Litt nedanfor denne toppen ligger det vrakrester etter et engelsk fly med skuleelever som styrta 9. august 1961 og totalt 39 stk omkom. Stod et stort steinkors på en knaus til minne om det. På toppen av Holtaheia traff eg et annet par som kanskje skulle til Lauvåsen men såg ikkje meir til dei. Gjekk over Midknuten og Svoda til Lauvåsen. God sti nedover igjen rundt nordsida av Lauvåsvatnet. Gjekk videre over Grimsåsen, Lågehei, Ormakam og Storehornåsen tilbake til parkeringsplassen og hadde da brukt 8t i bedagelig tempo.

Karte    

Ragnhildsknuten og nabotopper

Datum:
05.11.2011
Tourcharakter:
Wanderung

Kjørte først til Rossavik og la fra meg ein sykkel der vegen går opp til skytebanen og så kjørte eg opp mot Oaland og parkerte litt ovanfor den siste skarpe svingen på ca 320 moh. Gjekk derfra opp på toppane i rekkefølge Knuten, Storafjellet, Ragnhildsknuten, Raudfjellet, Øykjafjellet, Rundeknuten, Husafjellet og Helleknuten. Kupert og litt vanskelig terreng mellom Øykjafjellet og Rundeknuten med klyving i nordsida. Mellom Husafjellet og Helleknuten var det ugjestmildt terreng med mange bratte skrenter, mosegrodd stein og einarkratt. Ved Sollivatnet kom eg inn på sti og grusvei ned til Rossavik. Sykla og gjekk tilbake til Oaland. Over 12 t på tur og brukte lommelykt etter kl 17.30. Det var overskya ver denne lordagen og det bles søraust frisk bris og regna litt av og til frå om >>>

Karte    

Rundtur fra Vinddalen

Datum:
29.10.2011

Gjekk fra nordenden av vinddalen på merka sti opp Tverrfjelldalen. Fra Tverrfjellega gjekk eg opp på topp 935 som er namnlaus på turkarta, men som på interaktivt kart har navn både som Øykjafjell og Tverrfjellet. Gjekk ned i Øykjadalen og opp på Bergeheia. Her var det rest av litt snø. Gjekk deretter nordaustover til Sauafjellet, før eg gjekk vestover igjen til Skåpknuten, Tyrejuvknollane og Krylryggen. Runda Soddatjørna i sør- og vestsida i kupert lende til Tyrejuvknollane. Gjekk på T-merka sti dei siste 2 km tilbake til parkeringsplassen. Ca 10 t fottur med pauser. Overskya og mildt ver denne lordagen.

Karte    

Ullandhaug

Datum:
24.10.2011
Karte    

Grauthellerheia og Fitjaknuten

Datum:
08.10.2011
Tourcharakter:
Bergtour

Parkerte ved bommen i Flatstøldalen ved Ådneram i 11-tida. Sykla ca 15 km til Duge kraftverk og gjekk opp til Svartevannsdammen. Så gjekk eg vestover over dei tre toppane i Grauthellerheia. På den austre toppen står det ei sambandshytte til luftfartsverket. Gjekk videre vestover og opp på ryggen sør for Kamsdalen. Var oppom topp 1111 og andre meste like høge topper før eg gjekk vidare til Fitjaknuten frå nord-aust. Flott dag med utsikt til bl.a Napen og Snønuten i Suldal. 6-8 cm snø over 1000 m. Isete og glatt noen plasser men stort sett greie forhold. Gjekk ned på sørsida og tok en svipptur vestover til Midtkammen før eg fulgte stien mot Grautheller turisthytte tilbake Duge kraftverk. Stien var ikkje lett å sjå pga snøen men det var faktisk ferske fotspor, motsatt vei, som >>>

Karte    

Turrhei

Datum:
30.09.2011
Karte    

Topper i indre Suldal

Datum:
29.09.2011

Kjørte frå Nesflaten mot Rolalkvam og vidare oppover anleggsvegen til Sandvatnet. Fulgte så T-stien langs nordsida av Sandvatnet et stykke før eg gjekk nordover og opp på toppane i rekkefølge Skorpeskarnuten, Litlavassnuten, Raudberga og Simlenuten på nordsida av Isvatnet. Retur på austsida av Litlavatnet og over Endanuten og ned på T-stien igjen langs nordsida av Sandvatnet tilbake til anleggsvegen. Lang og dryg tur på bortimot 30 km og over 12 timer. Skoddeskyer før middag og så klarna det opp og det skya til igjen etter solnedgang. Rester av nysnø over 1300 moh, men mildt ver nå så snøen var i ferd med å forsvinne.

Karte