Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Topptur sør for Romsvatnet

Datum:
19.02.2011
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Begynte å gå kl 11.45 frå sørenden av Stølsvatnet på ca 300 moh. Gjekk først opp på Ragsfjellet 538 m og så på Høgeknuten. Denne har fleire topppunkt rundt 540 m over en strekning på drøyt en halv km. Var oppom alle men den austlegaste toppen er den høgaste på ca 547 m. Gjekk deretter opp til Hoddeknuten 583 moh som vart dagens høgaste topp. Gjekk så opp på Søre Hoddeknuten på 545 m (pf ca 60 m). Dette er en karakteristisk "alpin" topp som er godt synlig austover fra E39 ved Søyland. Bratte stup ned mot Byrkjelandsvatnet i sør. Så vidare nordaustover og opp til Tverrfjellet 575 m som vart dagens siste topp der eg fekk sjå en flott solnedgang. Gjekk derfra ned på Romsvatnet over isen bort til demningen i vestenden og fulgte så veien ned til Stølsvatnet igjen. >>>

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
17.02.2011
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
12.01.2011
Karte    

Vådlandsknuten og Morkafjellet

Datum:
16.11.2010

Gjekk frå parkeringsplassen ovanfor Madland og fulgte stien forbi Fisketjørnane opp til Vådlandsknuten. Derfra gjekk eg ned i austsida og så nordover på austsida av Rolighetsvatnet og videre til Videmyr og ned i Svartedalskaret og opp på Morkafjellet. Det er 4-5 nesten like høge topper og var på alle men den sørligaste toppen er nok den høgaste. Så gjekk eg sørvestover og ned i Svartedalen og på sti langs austsida av Kyrkjestadvatnet og Kvislavatnet ned til Madland og så opp til parkeringsplassen igjen. Det var lettskya ver med frost og litt snø i terrenget.

Karte    

Romsknuten og Bukkafjellet

Datum:
05.04.2010

Gjekk frå parkeringsplassen ved sørenden av Stølsvatnet og fulgte grusvegen opp til dammen ved vestenden av Romsvatnet og så vidare ut i terrenget bratt opp fjellsida til et skar aust for Romsknuten og så vestover til toppen. Så gjekk eg austover til Bukkaknuten og nord til Bukkafjellet. Ned igjen over isen på Vedravatnet og opp til Vedrafjellet og videre sør til Ørni og ned et stykke austover før eg gjekk ned rett sørover ned den bratte skråningen ned til austenden av Romsvatnet. Så tilbake over isen på Romsvatnet og vegen ned til Stølsvatnet.

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
24.01.2010
Karte    

Vinjakula

Datum:
13.12.2009
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
12.12.2009
Karte    

Stakkavassheia og Holmaheia

Datum:
10.04.2009
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h

Parkerte ved rv 42 ved Espetveit og gjekk på ski på vegen langs Nespervatn og Førevatn til Kulivatn og gjekk først oppom Kuliknuten og så vestover til 852 til Stakkavassheia og ned over Stakkavatnet til Holmaheia. Gjekk så ned mellom indre Fiskeløysvatnet og Stakkavatnet opp til Perstørne. Gjekk så austover tilbake til Kulivassdammen og fulgte vegen ned igjen til Espetveit. Denne vegen som går langs vestsida av Nespervatnet er ikkje integna på eldre kart. Det var overskya men oppklarnande og disig etter middag og veldig mildt denne langfredagen. Turen blei lenger enn planlagt og varte i ca 12t.

Karte    

Skibufjellet og Gryteheia

Datum:
29.03.2009
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Gjekk på ski frå Stavtjørn alpinanlegg sørover opp Kaldrassheia og så opp sørvestryggen til Skibufjellet. Der var det bratt og eg bar skia et stykke. Gjekk over store Grytevatnet til Gryteheia der eg hadde ein lengre pause. Så vidare austover Tindeknuten, nordover til Urknutane og austover til Ratevassknuten og Springknuten. Rant ned den slake nordaustskråninga til Hommadalen og gjekk vestover over Barbuvatnet og ned Sandvassdalen i preparert skiløype til Stavtjørna og så en drøy km gange opp til alpinanlegget. Det var lettskya ver, men 30-40 cm nysnø frå dagane før så det var en tung og tidkrevande tur.

Karte