Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Skitur over Strålaus

Datum:
02.05.2010
Karte    

Finnflatene

Datum:
01.05.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Den vinterstengte Lysevegen hadde nettopp åpna for sesongen, så eg reiste opp for å sjekke snøforholdene. Anleggsvegen opp Stølsdalen var ikkje brøyta så eg gjekk på ski til Langavatn turisthytte og videre ca 3 km sørvestover og var oppom høyde 976 før eg gjekk opp til den namnlause 1030-toppen nord for Finnflatene. Så gjekk eg tilbake til Langavatnhytta der eg overnatta til neste dag. Det var skya ver og nordvest vind denne helga. Ikkje veldig mykje snø igjen etter ein snøfattig vinter i fjellet, men fortsatt greie nok skiforhold over 900 moh. Det var ingen andre folk her denne helga. Dagen etter blei det tur til Strålaus.

Karte    

Hallahorten og nabotopper

Datum:
24.04.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Parkerte ved fv 661 ved avkjøringa til Lyngsvatnet og gjekk på ski opp til demningen og så over Lyngsvatnet som var veldig nedtappa etter vinteren. Det var et lite lag nysnø på isen så det gjekk derfor radig over til austenden av vatnet. Der tok eg av skia og gjekk til fots nordover til Hallahorten og videre nordover ned i Stordalen og opp til Folasprangknuten og så sørover Kåsaknuten og ned Falkadalen til Lyngsvatnet igjen. Det var stedvis en del mjuk snø så det var tungt å gå ned Falkadalen uten ski. Herlig å koma ned på vatnet igjen og få på skia, men det blei likevel ein dryg skitur tilbake til vestenden etter den tunge fotturen.

Karte    

Stølafjellet

Datum:
07.03.2010
Tourcharakter:
Langlauf

Gjekk heimefrå på langrennski over Dyranuttjørna til Øksnatjørna og så i spora eg gjekk opp med fjellskia dagen før fram til nordsida av Grimslitjørna og så videre austover til Ryggjavatnet og så opp til Stølafjellet. Så gjekk eg litt nordover til kanten av Svihusfjellet for å sjå ned i Søredalen. Var også oppom Vardafjellet 416 før eg gjekk heimover i same spora som eg gjekk opp innover. Denne sundagen kom veromslaget med varmegrader og klisterføre etter over 2,5 mnd med stort sett frost. Det var likevel stort sett opphald og god sikt denne sundags ettermiddagen.

Karte    

Grimslifjellet og Bergsfjellet

Datum:
06.03.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Sjeldent mykje snø og godt skiføre denne vinteren så eg gjekk heimefrå over Voren og videre over Øksnatjørna og nordenden av Eidavatnet og opp dalen austover og så ryggen opp til Grimslifjellet. Måtte ta av skia på toppen og her oppdaga eg at den eine skia hadde knukke men den hang i samen. Det var en del nysnø og det gjekk greit nok å gå videre med den knekte skia til Bergsfjellet. På vei nedover mot Grimslitjørna bremsa den knekte skia en del så det var litt ubehagelig. Videre heimover gjekk eg for det meste i egne og andres oppgådde spor.

Karte    

Skitur til Rudlo

Datum:
05.03.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Den lange kalde vinteren gjekk mot slutten og ville derfor ta turen til Rudlo før isen og snøen forsvant. Gjekk på ski fra Bergsagel over Hølefjorden som hadde vore islagt siden nyttår. Kom i land ved brygga i Grunnevågen og gjekk oppover nordryggen til Rudlo og kunne ha skia på heile tida opp. På vei ned gjekk eg først vestover et stykke og så nordover igjen og måtte bære skia en del nedover i det kuperte skogsterrenget ned mot Bjønndalsmyra. Ikkje noko godt rutevalg ned igjen, men det var bare for å få litt variasjon på turen. Så videre ned til Grunnevågen igjen og over fjorden tilbake til Bergsagel.

Karte    

Dyranuten

Datum:
17.02.2010
Karte    

Øykjafjellet og Skrussfjellet

Datum:
13.02.2010
Karte    

Håfjellet og Kodlifjell

Datum:
10.01.2010
Karte    

Skitur til Dyranuten

Datum:
03.01.2010
Karte