Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Sygno og Solkjen

Datum:
22.01.2012

Gjekk heimante over Kolfjellet og til Sygno. På Sygno var det vardebok utlagt av Sandnes kommune i april 09 og det var ein del namn i boka. Deretter gjekk eg videre opp Søredalen, og fra Litla-Hetland gjekk eg opp til Ørnanuten og Dormålnuten og ned til Stemtjørna over isen og så opp til Solkjen som det heiter lokalt. Siste halve km kom eg inn på dagsferske spor og det hjalp godt i den 10-15 cm djupe skaresnøen her oppe over 200 moh. Privat vardebok på toppen. Gjekk ned langs merka sti til Skjelbreitjørna og så om Ur-Eikjeland over marka heim. 7t på tur i lettskya ver. Bilder frå Sygno

Karte    

Dyranuten og nabotopper

Datum:
31.12.2011
Karte    

Ragnhildsknuten og nabotopper

Datum:
05.11.2011
Tourcharakter:
Wanderung

Kjørte først til Rossavik og la fra meg ein sykkel der vegen går opp til skytebanen og så kjørte eg opp mot Oaland og parkerte litt ovanfor den siste skarpe svingen på ca 320 moh. Gjekk derfra opp på toppane i rekkefølge Knuten, Storafjellet, Ragnhildsknuten, Raudfjellet, Øykjafjellet, Rundeknuten, Husafjellet og Helleknuten. Kupert og litt vanskelig terreng mellom Øykjafjellet og Rundeknuten med klyving i nordsida. Mellom Husafjellet og Helleknuten var det ugjestmildt terreng med mange bratte skrenter, mosegrodd stein og einarkratt. Ved Sollivatnet kom eg inn på sti og grusvei ned til Rossavik. Sykla og gjekk tilbake til Oaland. Over 12 t på tur og brukte lommelykt etter kl 17.30. Det var overskya ver denne lordagen og det bles søraust frisk bris og regna litt av og til frå om >>>

Karte    

Rundtur fra Vinddalen

Datum:
29.10.2011

Gjekk fra nordenden av vinddalen på merka sti opp Tverrfjelldalen. Fra Tverrfjellega gjekk eg opp på topp 935 som er namnlaus på turkarta, men som på interaktivt kart har navn både som Øykjafjell og Tverrfjellet. Gjekk ned i Øykjadalen og opp på Bergeheia. Her var det rest av litt snø. Gjekk deretter nordaustover til Sauafjellet, før eg gjekk vestover igjen til Skåpknuten, Tyrejuvknollane og Krylryggen. Runda Soddatjørna i sør- og vestsida i kupert lende til Tyrejuvknollane. Gjekk på T-merka sti dei siste 2 km tilbake til parkeringsplassen. Ca 10 t fottur med pauser. Overskya og mildt ver denne lordagen.

Karte    

Grauthellerheia og Fitjaknuten

Datum:
08.10.2011
Tourcharakter:
Bergtour

Parkerte ved bommen i Flatstøldalen ved Ådneram i 11-tida. Sykla ca 15 km til Duge kraftverk og gjekk opp til Svartevannsdammen. Så gjekk eg vestover over dei tre toppane i Grauthellerheia. På den austre toppen står det ei sambandshytte til luftfartsverket. Gjekk videre vestover og opp på ryggen sør for Kamsdalen. Var oppom topp 1111 og andre meste like høge topper før eg gjekk vidare til Fitjaknuten frå nord-aust. Flott dag med utsikt til bl.a Napen og Snønuten i Suldal. 6-8 cm snø over 1000 m. Isete og glatt noen plasser men stort sett greie forhold. Gjekk ned på sørsida og tok en svipptur vestover til Midtkammen før eg fulgte stien mot Grautheller turisthytte tilbake Duge kraftverk. Stien var ikkje lett å sjå pga snøen men det var faktisk ferske fotspor, motsatt vei, som >>>

Karte    

Kjerrberget og Bærheimsnuten

Datum:
12.08.2011
Tourcharakter:
Spaziergang
Karte    

Frafjordtur

Datum:
25.06.2011
Karte    

7-nutsturen i Sandnes

Datum:
29.05.2011
Karte    

Smalafjellet

Datum:
16.04.2011
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Karte    

Troppekosknuten og nabotopper

Datum:
09.04.2011
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h

Kjørte opp til Vinddalen og greit skiføre frå parkeringsplassen ved Tverråna. Gjekk opp langs Tverråna til Steinfjellet, langs skråningen nord for Fossvatnet over Langavatnet til Spekeryggen, Hellefjellet, Troppekosknuten og ned til anleggsvegen til Stora Flørvatnet. Her nede var det lite snø og eg gjekk til fots opp den stort sett snøfrie vestsida til Kvernafjellet. Gjekk så austover og ned i Kobbaskjerkvæven og opp på den navnlause 928-toppen som me bare kaller Kobbaskjer. På tilbaketuren gjekk eg over Stora Flørvatnet, Tverrvatnet, Vassleia, Molteknutvatnet, Ratekvævvatnet og Fossvatnet og langs Tverråna til Vinddalen igjen. Var fint og mildt ver men blei skare i skuggen om kvelden. Brukte ca 12 t med gode pauser på toppane.

Karte