Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vardefjellet på Austre Bokn

Datum:
14.03.2015
Karte    

Boknafjellet

Datum:
01.04.2013
Karte    

Krokavassknuten og nabotopper

Datum:
31.03.2013
Karte    

Hornafjellet og Valhest

Datum:
30.03.2013
Karte    

Klauv

Datum:
29.03.2013
Karte    

Bygdarenuten

Datum:
04.12.2012

Fra Haugen nord for Ølen gjekk eg i 12-tida på skogsveg opp til snaut 300 moh. Gjekk så over ein gjerdeklyver men mista stien videre oppover pga snøtunge einarbusker. Fant igjen stien der terrenget åpner seg sør for toppen. Fulgte så ein sti vestover til Varden som er eit flott utsiktpunkt på 502 m. Vardebok på trigpunktet på 527. Gjekk så over sjølve toppen og vidare nordvestover via Grønskårnuten ned til Himraheia. Så inn på skogsveg ned til Kåtabø og så tilbake til Ølen. Fint og kaldt vinterver, men tungt å gå i all nysnøen så kom i helga.

Karte    

Gråhorga og nabotopper

Datum:
03.12.2012
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
11:00h

Gjekk frå nordsida av Ølsvågen på skogsveg opp Bondalen og kom inn på en merka sti til Ormåsen nord for denne. Tok av fra stien og vassa videre i ca 20 cm puddersnø nordnordvest via tjern 551, sørsida av Øykjarinda, over punkt 716 til Gråhorga. Flott ver og flott utsikt. Gjekk tilbake over Øykjarinda og sør for Kjellasviknuten, gjennom skog inn på skogsveg til Vakadalen. Gjekk forbi tjern 285 og på godt merka sti opp og ned til Kåtanuten. Deretter over Hovda og ned til Ølsvågen igjen etter ca 11t slitetur i snøen. Burde nok brukt truger eller tatt turen ved enklare forhold. Det blei naturligvis mørkt på siste del av turen og brukte lykt ein periode før månen stod opp.

Karte    

Vidhovda og Svartafjellet

Datum:
02.12.2012

Gjekk frå Aukland (Økland som det står på vegskiltet) et stykke mot Frøland og så over ei myr opp til Vidhovda. Stor varde med bok, men på denne stod det Hovda så det er mulig det står feil på kartet mellom Hovda og Vidhovda. Gjekk så over 543-toppen og tilbake til Aukland. Ved den vestligste garden gjekk eg over noen gjerder og nordover på vestsida av Auklandsvatnet via 449-toppen til Svartafjellet. Gjekk så tilbake mot Aukland. Det snøa første del av dagen og snøbøyer dagen før så det var nå rundt 20 cm med snø.

Karte    

Steinslandsnuten og Bukkenibba

Datum:
01.12.2012
Tourcharakter:
Wanderung

Gjekk frå Steinsland på traktorveg vestover til vegens høgaste punkt på snaut 300 moh der det er eit vegkryss. Tok av til høgre nordover og så vestover til snaut 400 moh. Siste stykket i terrenget opp til Steinslandsnuten. Her kom det en merka sti opp frå vestsida, men eg gjekk nordvest og vest til Skrubb og så til Bukkenibba. Det var sti til Bukkenibba også (nordfrå), men mykje dårligere merka. Gjekk så austover gjennom skogen og kom inn på skogsvegen vest for Steinslandsnuten og fulgte den vegen tilbake til Steinsland. Litt tung tur pga ein del nysnø siste døgn, men hadde stort sett opphald på turen.

Karte    

Døldarheia og Hovda

Datum:
30.11.2012

I Blikrabygda var det tilrettelagt parkeringsplass ovanfør løa til Torunn Blikra. Herfra gjekk eg på traktorveg opp til snaut 500 moh, litt nord for 520-punktet kalt Brennesteg. Vegen går lenger opp enn inntegna på Ølen-kartet. Der vegen slutta var det veldig godt merka stier til fleire turmål, bl.a til Døldarheia som eg skulle. Det var raudmalte trepinner med omtrent 20 m mellomrom så veldig greit å finne fram her sjøl om stien ikkje var like tydelig alle plasser. På toppen er det varde oppå en kampestein. Gjekk så nordover på austsida av Mosarevvatnet til Trodlanuten og tilbake på vestsida av vatnet til eg kom inn på stien ned igjen. Gjekk så videre sørover over Brennesteg og Kjort og ned sør for Kjort var det et forferdelig uføre med bratte skrenter og tette einarbusker >>>

Karte