Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Mosterøy

Datum:
23.12.2025
Tourcharakter:
Fahrradtour gemischt
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
30,4km

Parkerte på badeparkering ved Vaula. Hadde med sykkel opp til garden Askje og gjekk over beite til Askjevarden. Ned same veg og sykla vidare vestover til Haugvaldstad og gjekk på grusveg og sti opp til Mastravarden. Vidare vestover med ein rundtur over Fjøløy som har litt historiske kulturminner. Så til Utstein Kloster, og der stod det skilter om adgang forbudt, og forbud mot å gå over beite. Lenge sidan eg hadde lest turrapport, så eg hadde gløymt at ein må kontakte Klostergarden for å gå tur på Klosterøy. Eg fant ei rute på austsida av øya der eg ikkje såg skilt, og fekk tatt dei fire toppane på Klosterøy i blåtimen etter solnedgang. Det var kun sauer på nokon av beitene, og dei lot seg heldigvis ikkje forstyrre nevneverdig av meg. Sykla så tilbake til Vaula.

Karte    

Vallresknuten

Datum:
09.12.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:02h
Entfernung:
10,9km
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
04.12.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
15,5km
Karte    

Vallresknuten

Datum:
29.11.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:35h
Entfernung:
11,3km
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
26.11.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:32h
Entfernung:
17,1km
Karte    

Dyranuten

Datum:
19.11.2025
Tourcharakter:
Fahrradtour gemischt
Tourlänge:
3:17h
Entfernung:
11,6km
Karte    

Kjerringfjellet og småtopper

Datum:
30.09.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:50h
Entfernung:
12,3km

Parkerte på tilrettelagt p-plass før gardane på Krogedal. og begynte å følge tursti til Ramnafjellet. Oversåg trulig skiltinga og endte opp med å følge traktorveg oppover gjennom beitelandskap. Sidan eg ikkje såg sti til Ramnafjellet gjekk eg stilaust til toppen. Vidare austover fulgte eg merka sti mot Svihusvatnet så går på sørisida av Akslifjellet. Resten av turen gjekk eg stort sett stilaust over Kjerringfjellet, Lyngberget, Mosaberget, Hellefjell og Rikkafjellet. Gjekk ned ved utløpsbekken frå Rikkatjørna, og der er det særs bratt i det øverste partiet. For dei fleste vil det nok være betre å gå ned i slakere terreng lenger aust.

Karte    

Tindafjellet og småtopper

Datum:
24.09.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:15h
Entfernung:
16,3km

Gjekk frå Kyllingstadveien, men det er mulig å kjøre oppover Kringlelia men stengt med bom opp til vindmøllene. Veien går nesten til topps. Fulgte veien vidare vestover eit stykke, og så stort sett stilaust gjennom stedvis myr og skog over Langafjellet, Middagsfjellet, Litla og Store Håfjellet og Grønafjellet og så ned til Kringlelia. Derfrå fulgte eg stort sett grusveg resten av turen med avstikker oppom Sniborfjellet og Nordlifjellet.

Karte    

Måkaknuten

Datum:
24.08.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:05h
Entfernung:
15,8km

Parkerte ved ein sving før oppstiginga til Holmaholen. Er og ein liten p-plass nærmare Holmaholen. Gjekk forbi garden og vidare austover på traktorveg gjennom kulturbeite. Etter kvart tok vegen slutt, og eg gjekk over ei myr og gjerde og kom inn på ein annen grusveg. Kom så inn på den nye anleggsvegen til vindmølleanlegget ved Måkaknuten. Frå vegen er det bare ca 50 m til toppen av Måkaknuten. Kortaste veg til Måkaknuten nå er frå E39 ved Søyland, men eg skulle ein rundtur vestover for å ta med meg fleire småtopper. Då stort sett stilaust i stedvis høgt gras til eg kom inn på stien til Låglia nord for Tjursfjellet. Så på traktorveg nordover til nordenden av Ljosavatnet. Så over Dauremålsknuten og Vidjedalsbergo som er namnlause på vanlige kart, men står på lokalnamn.no.

Karte    

Øykjafjellet og Skrussfjellet

Datum:
28.07.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:30h
Entfernung:
11,9km

Fulgte merka sti frå bygdahuset til Øykjafjellet, og var og oppom Novafjellet som ikkje er merka. Gjekk ned stilaust frå Øykjafjellet i bratt skogsterreng i nordvestsida og så til Dormelinuten, Høgås og Duelifjellet. Vidare for det meste på traktorveg opp til mobilmasta på Skrudsfjell. Så på merka sti til Jøstolen, og så på traktorveg ned til Noredalen der eg hadde lagt frå meg sykkel.

Karte