Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Svartevassknuten frå Maudal.

Datum:
25.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:27h
Entfernung:
18,2km

Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket, og sykla derfrå ned til Nedre Maudal der eg begynte fotturen. Fulgte traktorveg mot Maudalsbrekka og såg ikkje kor stien tok av. Trudde den var godt skilta. Greit nok å gå opp på austsida av bekkegjelet sjøl om det sikkert er mykje betre å følge stien på vestsida. Kom meg opp på Bjørnaknuten, og gjekk vidare austover. Det er sti langs nordsida av Stølsvatna som eg fulgte eit stykke før eg gjekk mellom vatna og opp vestryggen til Svartevassknuten. Gjekk så ein runde over fleire navnlause topper til Krogeknuten og ned den særs bratte sørvestryggen. På ca 720 moh måtte eg klatre ca 5 hm ned eit brat bekkegjel så vil ikkje anbefale å gå ned her. Vidare greit over 753-toppen og ned til anleggsvegen mellom Myrtjørna og kraftverket.

Karte    

Gallhøpiggane og Hallbrekknuten

Datum:
19.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:32h
Entfernung:
13,9km

Parkerte på den store p-plassen ved Røde Kors-hytta på Øvstabøstølen. Sykla derfrå ca 8 km ned til Øvstabø der eg begynte fotturen. Gjekk gjennom gardstunet og så på god sti nokså bratt opp Øvstabøbrekka. Så vidare nordaustover uten sti over Daurmålknuten, Vimånibbene og Liloknuten. Mellom Vimånibbene og Liloknuten er det ein karakteristisk Preikestol-lignande knaus med flott utsikt ned i Øvstabødalen. 786-toppen der kallast på lokalnamn.no for Vimmanibane. Vidare austover til Gallhøpiggane, Midtstølknuten og Hallbrekknuten. Så ned langs Nonsbekken til Øvstabøstølen. Det går sti høgare oppe i terrenget, men greit å gå stilaust tidlig på våren med lite vegetasjon. Det aller meste av snøen var forsvunnet, så kun snøfenner igjen.

Karte    

Storbakknuten og Myrfjell

Datum:
05.04.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:13h
Entfernung:
14,6km

Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket og hadde med sykkel opp til første hårnålssving. Gjekk på merka sti vidare austover til Gongekroknuten. Vidare uten sti til Storbakknuten og Myrfjell. Vårløysninga var for langt komen til at eg kunne krysse Krokavatnet slik eg hadde tenkt. Fekk derimot teste ut den smale bratte renna i sørvestsida av Myrfjell. Renna er trulig ca 35º bratt med en svak konveks i øvre del. Snøen i renna hadde passelig konsistens til å få godt fotfeste. Isøks var og til god hjelp for å sikre mot utglidning. Etter ein pause på Myrfjell blei det retur ein litt strakare veg ned til anleggsvegen, og kunne då sykle siste stykket ned til bommen.

Karte    

Vedafjellet og Bogafjellet

Datum:
22.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:39h
Entfernung:
18,3km

Gjekk først via Melsheia og merka sti derfrå til Vedafjellet. Retur same veg, og etter ein matpause og middagskvil i bilen gjekk eg sørover gjennom gater og stier til Presthei, Vaglefjellet, Bogafjellet og Helgalandsnuten. Retur litt strakare veg utanom toppane. Klarvær, men litt disig luft og søraust kuling.

Karte    

Vallresknuten

Datum:
21.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:40h
Entfernung:
11,9km
Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
14.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:43h
Entfernung:
16,1km
Karte    

Molteheia og nabotopper

Datum:
10.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:20h
Entfernung:
17,6km

Gjekk opp vestsida til Iglandsklubbafjellet og ned den snøbare sørsida. En del skodd mens eg var på toppen, men den letta såpass at eg kunne fortsette vidare sørover til Molteheia, Rasmusskardheia og Krolifjellet. Så ned i ei renne med en del grov steinur ned mot Helmikstølen og inn på Songesandvegen siste drøyt 3 km tilbake til utgangspunktet. Uvanlig lite snø for årstida, men snøfennene var faste å gå på tross varmegrader.

Karte    

Sørafjellet

Datum:
28.02.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:51h
Entfernung:
16,0km

Gode parkeringsplasser på Dale, og T-merka løyper til ulike turmål i fleire retninger. Eg valgte stien opp til Dalevatnet og vidare mot Lifjell til skaret nord for Flatafjellet. Var så oppom Flatafjellet og vidare over ryggen nordover via Sørafjellet til Høgafjell. Bratt ned i nordsida, og så vestover via grusvegen til Lifjellet. Fulgte merka sti nedover nordsida og fant en fin sti gjennom skogen opp til Lihalsen. Trigpunkt/ jernbolt omtrent på toppen, men lite utsikt pga trær. Retur via Li og Dalevatnet tilbake til Dale. Hadde tenkt å gå på stien langs Gandsfjorden tilbake, men droppa det siden det begynte å mørkne og eg kanskje ikkje hadde nok batteri til lykt.

Karte    

Vinjakula

Datum:
12.02.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:28h
Entfernung:
10,8km

Fulgte stort sett den merka ruta opp, og ei meir sørlig rute via Flådalsknuten og Vedbranden tilbake i fullmåneskin. Lite snø i den første bakken opp frå Maudalsbrekka. Vidare stort sett hard snø og gode fotturforhold. Meste på dagen 9 år siden min forrige tur til Vinjakula, så det blei eit flott gjensyn.

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
11.02.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:28h
Entfernung:
16,4km
Karte