Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (13)
- Schneeschuhtour (13)
- Fahrradtour (5)
-
Fußtour (521)
- Bergtour (102)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (7)
- Wanderung (408)
-
Skitour (130)
- Langlauf (2)
- Tourenskilauf (128)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 20m pf
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Lieblingsgipfel
Øykjafjellet og Tunglandsfjellet
- Datum:
- 01.10.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:00h
Parkering ved kraftstasjonen ein drøy km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk over brua over Jørpelandsåna og fulgte først grusveg eit stykke oppover og så på merka sti. Det er stort utvalg av stier i området, og valgte å gå først sørover til Øykjafjellet via Middagsåsen. Så nordvestover til Tunglandsfjellet der det er flott utsikt over utover fjorden og Jørpeland. Tok ein bratt sti ned nordaustryggen og så på vegen tilbake til kraftstasjonen. Merka sti på heile denne turen, men klarte å miste stien eit stykke mellom Øykjafjellet og Tunglandsfjellet.
Glovheia og nabotopper
- Datum:
- 28.09.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 7:15h
Frå Fv 42 gjennom Eigersund by er det skilta mot Koldal og Helleren. Begynte å gå frå nordenden av Ulsvatnet (rett før garden Helleren) der det er skilta mot flystyrt. Fulgte grusveg opp til nordenden av Illgjernsbutjørna. Der fortsetter stien i fuktig terreng langs vestsida og sørenden av tjørna til flyvraket.
Eg gjekk dog først opp til Ørnafjellet via ein gammal veg opp eit stykke austover og så ut i terrenget opp til toppen. Ifølge detaljkart er trigpunktet 303,7 m mens ein topp ca 40 m lenger aust-søraut er 303,9 m. Tok så ein tur over Holsteinknuden og Rudalsknuden, og så ned til Illgjernsbutjørna der det ligger flyrester i vannkanten og var eit minnesmerke på fjellknausen. Det var eit britisk fly med polakker ombord som styrta i fjellveggen der den 30. oktober 1942.
Etterpå >>>
Kjerdalsfjellet og diverse
- Datum:
- 27.09.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 8:30h
Gjekk først til den etter kvart så vidkjente steinformasjonen som fekk mykje mediamerksemd sommeren 2017. God merking og en del folk på tur denne sundagen. Så vidare sørover i myrete terreng uten sti til eg kom inn på vegen mellom Veshovda og Nordland. Fulgte så ein skogsveg og kom inn på veganlegget i fbm vindmølleparken i området rundt Kjerdalsfjellet. Hovedvegen er dog frå Koldal sør for mølleparken.
Etterpå fulgte eg ein merka sti forbi Laupstad til Kjervall. Gjekk så over Ørnafjellet, Litlåsknuten, Pallen og Åsen. Fryktelig terreng i området rundt Åsen med bratte skrenter og einarkratt. Kom ned til demningen i sørenden av Øygreisvatnet. Det går veg som er stengt med bom mellom Øygrei og Sletteidvatnet som eg fulgte tilbake til utgangspunktet.
Nokkåsen
- Datum:
- 26.09.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:30h
Frå Fv 42 kjørte eg inn der det er skilta Leirduebane omtrent midt mellom Krossmoen og Eigersund. Kjørte ca 2 km og parkerte litt før leirduebanen. Fulgte merka tursti til Nokkåsen og brukte ein liten halvtime til toppen. God utsikt utover mot Eigersund by. Retur over høydedraget nordover over Takåsen og Laureidfjellet, og så ned til Øygrei og langs vegen tilbake til utgangspunktet.
Topper frå Bråstein
- Datum:
- 30.08.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:30h
Gjekk først på Bråsteinåsen der eg fulgte merka rute opp frå garden ved Bråsteinkrysset E39/ Sviland. Anvist parkeringsplass ved driftsbygning. Vardebok på toppen som var utskreven.
Var deretter på Åslandsnuten frå Gilja på sørsida av Figgjoelva. Turparkering der også. Skilta rute som eg fulgte forbi garden på Gilja. Først på grusveg, så på sti langs ei kjelve og opp sørryggen til Åslandsnuten. Ingen vardebok lenger som det var ein periode før. Retur ned nordvestryggen gjennom bjørkeskog. Godt synlig sti men stedvis litt sorpete og enkelte bratte punkt. Første gong eg har gått den ruta, for eg har alltid gått opp og ned frå Åslandsbakken før.
Til slutt til Krossfjellet frå bilmuseet aust for E39 der det og er turparkering. Vidare forbi gardstun og traktorveg og sti >>>
Ørnafjellet og en del til
- Datum:
- 09.07.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 9:30h
Ca 500 m før garden på Berland går det ein veg opp til Nordratjørni som er skilta Kobberstølen. Det er eit kulturminne her frå krigens dager, men la ikkje merke til noko oppslag/ info om dette. Fulgte vegen vidare gjennom tett granskog nord for Nordratjørni og så på merka men stedvis utydelig sti opp den bratte nordvestsida til Ørnafjellet. Brukte ca ein time til toppen.
Gjekk ned stilaust på austsida, og kom då inn på merka sti frå Spødavoll nord for Vålandstjørni. Fulgte denne stien eit stykke sørover mot Dyrskog, og så nordover frå stidele skilta "topptur" mot Stolfjellet der det er vardebok. Det er sti til Stolfjellet også i nordsida via Spødavollstolen frå Spødavoll som ikkje er inntegna på kartet. Spødavollstolen er ein utstikkande steinknaus i fjellsida >>>
Daurmålsknuten og Skoredalsknuten
- Datum:
- 08.07.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 4:30h
Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok.
Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god >>>
Regnådalsheii
- Datum:
- 03.06.2020
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 10:30h
Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. >>>
Lauvåsnuten
- Datum:
- 02.06.2020
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 4:30h
Samanhengande skiføre opp den bratte nordaustsida. Måtte ta av skia 2-3 plasser på veg ned vestryggen. Vidare vestover langs snøskuterløype og oppom Slettestøylfjellet og Dammenuten. Ned igjen via snøskuterløype gjennom hyttefeltet sør for Lauvåsnuten. Bar skia det siste stykket bort til vegen og tilbake langs Bjørnevatnet. Relativt kort tur, men brukte god tid så det blei ein slags kviledag.
Krakefjell og Fagervassknuten
- Datum:
- 01.06.2020
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 9:15h
Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.