Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Karten og Synesvarden

Datum:
10.11.2010
Karte    

Stølsknuten og Vallresknuten

Datum:
07.11.2010

Gjekk frå rv 45 ca 1,5 km ovanfor Byrkjedal på ca 250 moh nokså bratt opp vestover til Snorreknuten og vidare vestover over topp 584 og 547 og der var det god utsikt over dalføret ut mot Dirdal. Så gjekk eg nordaustover til Stølsknuten og ned i Dypingshalsen opp til Dypingsknuten/ Slettafjellet og nordover til Vallresknuten. Det var 10-20 cm med snø over 700 moh. Ellers klart ver med frost denne sundagen. På tilbaketuren måtte eg også over Slettafjellet og ned i Dypingsdalen og så rett ned til vegen igjen. Det er ikkje sti til desse toppane frå sørsida, men greit nok å gå i terrenget.

Karte    

Topptur fra Fossmork

Datum:
06.11.2010

Frå øvre del av Eiadalen på vegen inn til Fossmork er det skilta til Skrøyla og der er det god parkeringsplass i enden av vegen. Frå parkeringsplassen gjekk eg på traktorveg forbi Fossmork og så på merka sti opp til Sollifjellet. Gjekk ned i søraustsida og kom inn på en sti nordover og så austover mot Buskarknuten. Deretter sørover til Mulekosrinda, Rundvassknuten, Tyllebakknuten, Tormodknuten og Salmonknuten. Gjekk heilt ut til sørkanten her for å sjå den storslagne utsikten ned i Espedalen. Tilbaketuren gjekk nordover og inn på anleggsvegen nord for Kringlevatnet og ned til Skrøylå. Fint ver og frost i bakken så det var veldig gode turforhold.

Karte    

Åslandsnuten

Datum:
01.11.2010
Karte    

Gryteknuten og Dormålsfjellet

Datum:
24.10.2010
Karte    

Preikestolen og Neverdalsfjellet

Datum:
23.10.2010
Karte    

Tjelmalifjellet og Kjørkjestafjellet

Datum:
17.10.2010

Gjekk frå Madland et stykke på vegen mot Kvislavatnet og tok av til venstre opp til Surnos og nordover til Tjelmalifjellet (som det heitte før). På nyare kart står det Hjelmalifjellet, mens ØK bruker Tjelmelifjellet. Her ser Kjørkestadfjellet i nord ganske imponerande ut og eg studerte den steile og "uinntakelige" fjellveggen mot vest og sør. Gjekk nedover mot Grindatjørna og på austsida av tjørna er det eit markant skar/ renne oppover som er grei å gå men det er litt småklyving på vei opp. Vel oppe i skaret gjekk eg sørover opp til toppen. Deretter gjekk eg bort til Migansfjellet og ned igjen i ganske kupert terreng ned til Kyrkjestadvatnet og så på sti på austsida av vatnet tilbake til Madland.

Karte    

Ørnaheia og Strålausheia

Datum:
16.10.2010

Kjøyrte lysevegen og tok av mot Langavatn og parkerte nedforbi bommen nord for Akslaråtjørna. Gjekk på vegen videre et stykke austover og så opp til Ørnaheia og så til sørausttoppen på 1079. Derfra gjekk eg sørover stort sett langs austbredden av Tjodanvatnet og over den litle betongdemningen i sørenden og opp til Strålausheia. Kom inn på den merka stien mellom Langavatn og Børsteinen og fulgte den forbi Halvfartjørna og gjekk så opp på topp 1111. Derfra videre nordvestover langs Tjodanvatnet og på anlegsvegen de siste 2 km. Bitte litt nysnø over 1000 moh og is på småtjørner. Skya ver men grei sikt denne laurdagen.

Karte    

Reineskarvet

Datum:
12.10.2010
Karte    

Høgeloft

Datum:
11.10.2010
Karte