Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Raudbergskarvet

Datum:
24.07.2013

Etter turen til Store Hånosi via Senddalen gjekk eg denne dagen til Raudbergnuten med vondt kne etter at eg datt og slo meg kvelden før. Gjekk frå Bjøberg og fant ei grein eg kunne bruke som stav. Fulgte sti langs nordsida av Bjøbergdalen vestover og kryssa elva etter snaut 3 km. Vidare vest-sørvestover i slak stigning i gradvis meir småkupert steinterreng. Var vel litt i tvil om eg skulle ta denne turen med det forslåtte kneet, men veret for for fint til å la vere å gå på tur. Tok tida til hjelp og turen gjekk greit og fulgte nokonlunde same rute tilbake igjen.

Karte    

Store Hånosi via Senddalen

Datum:
23.07.2013

Var på forhånd usikker på kva vegvalg eg skulle ta opp til Store Hånosi. Det ville uansett bli mange hm vertikalt og/eller km horisontalt. Fra E16 i Lærdalen tok eg av der det var skilta til Mo og Rikheim med golfbane. På garden på Rikheim sat ein famelie ute og åt is i varmen. Eg spurte dei om ruta opp til Hånosi. Blei forklart at det gjekk merka sti opp til Senddalen (det står Sanddalen på mitt gamle kart), og blei anvist å parkere på austsida av løa der stien starter. Der var det ei grind med oppslag fra Lærdal turlag om at det ikkje var tillatt med hund i området uten at grunneigar var kontakta, og det stod oppført et par mobilnr. Stien oppover var en delvis gjengrodd traktorveg dei nederste ca 100 hm og så var det vanlig smal sti videre oppover gjennom jungelen. Siden >>>

Karte    

Blåskavlen via Hornsnipa

Datum:
22.07.2013

Kjørte den fine høgfjellsovergangen mellom Aurland og Lærdal og parkerte ved vegens høgaste punkt ved Hornsvatnet på ca 1300 moh. Her er det lettgått høgfjellsterreng, men dog bratte parti om ein går strakaste veg mot Blåskavlen. Eg gjekk via den karakteristiske Hornsnipa som kneiser i austenden av Blåskavlen-massivet. Den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 går ca 1600 m rett under toppen av Hornsnipa. Frå Hornsnipa var det stort sett steinørkenvandring men og passering av nokre snøfelt vestover til Blåskavlen. Flott utsikt men litt denne fine og varme sommerdagen. Etter ein lengre pause la eg returen meir nordaustover for å utnytte flest mulig av snøfelta nedover tilbake til Hornsvatnet. Traff ingen andre folk på tur denne mandagen midt i fellesferien. Dagen etter blei >>>

Karte    

Slutenosi og Berdalseken

Datum:
21.07.2013
Karte    

Fosseken og Raudbergsnuten

Datum:
20.07.2013
Karte    

Sulefjellet og nabotopper

Datum:
19.07.2013
Karte    

Stiganosi og Storebreen

Datum:
28.05.2012

Fra E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er det en avkjørsel til Undredal. God plass å parkere i vegkanten nedforbi elva. Kom inn på T-merka sti fra Langhuso gjennom Jonadalen til Grindaflethytta. Bratt stigning dei første 250 hm. Fra Sørfallgrovi er det en flott foss ovanfor stien. Nedanfor fossen var elvegjelet snøfylt av rasmasser som eg gjekk over. Videre vestover flata det litt ut og terrenget åpna seg. På ca 870 moh er det ruiner etter en nedlagt støl og etter å ha passert den tok eg på skia og gjekk over et snøfylt bekkegjel. Brukte ikkje feller og på rundt 1050 moh blei det så bratt at eg heller gjekk til fots oppover den nesten snøfrie fjellsida mellom Sauaklypet og Haskåbotn. Fra snaut 1500 moh gjekk eg på ski den siste slake etappen opp til Stiganosi. Det >>>

Tarven og Ljosberg

Datum:
27.05.2012

Fra Flåm kjørte eg opp til en geitegard på Ryali på snaut 700 moh. Her var det grinder og geiter i vegen så eg parkerte der. Vegen var nok kjørbar videre oppover og, men eg gjekk og bar med ski som eg tok på der vegen slutter på 980 moh. Gjekk på nord- og austsida av Kloppelvi oppover til Ljosberg. Hadde en time pause her før eg rant ned mot Kaldavatnet og gjekk opp den ganske bratte nordaustryggen til Tarven. Litt kortere pause her før retur ned til Kaldavatnet. Såg et reinsdyr med kalv som sprang sørover på vestsida av toppen. Fra Kaldavatnet gjekk eg over Brimtorva og Roaldshovden tilbake til Ryali.

Karte    

Pinsetur til Fresvikbreen

Datum:
26.05.2012
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Kom Rv 13 over Vikafjellet, og kjørte opp til Grønsberg på ca 440 moh. Bar med meg ski og gjekk på god grusveg opp til Nummedalsstølen, og vidare i terrenget oppover. Skiføre over ca 850 moh. Gjekk en trase noe vest for sommerstien nordover, og oppe på ryggen dreide eg austover opp til Rambertinden som har stor varde med boks og bok. Meste skyfri himmel, men disig utover Sognefjorden. Jotunheimtopper kunne og skimtes i disen. Hadde 1,5t mat- og utsiktspause der før eg gjekk videre over Nummestolane og 1548-toppen og ankom Fresvikbreen i nydelig kveldssol. Var oppom 1625-toppen då sola gjekk ned, og så retur over ei nordligere rute over vatn 1410 og nord for 1548-toppen og Nummestolane til sadelen sør for Rambertinden. Gjekk så vestover til tjern 1453 og ned til fots i ei bratt renne >>>

Karte    

Høgeloft

Datum:
11.10.2010
Karte