Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (15)
- Schneeschuhtour (15)
-
Fahrradtour (11)
- Fahrradtour gemischt (11)
-
Fußtour (544)
- Bergtour (106)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (7)
- Wanderung (427)
-
Skitour (134)
- Langlauf (2)
- Tourenskilauf (132)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 20m pf
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Strand 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Bjerkreim 50m pf
- Stavanger 50m pf
- Jotunheimen ≥ 100m pf.
- Sør-Norge ≥ 500m pf
- 1800m ≥ 100m pf.
- Norske kremtopper av E.W.T
Lieblingsgipfel
Stutaheia
- Datum:
- 21.01.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:30h
Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit.
Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet.
Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>
Fossdalsskavlen og Trollanuten
- Datum:
- 10.06.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 9:15h
Sykla på rallarvegen opp Uppsetdalen til ved omtrent midt på Langavatnet der det er ein jernbaneundergang så eg kunne kome meg over på nordsida. Bar skia med gjennom bjørkeskogen et stykke til eg kom opp til ein bekk som renner ned vestfrå. Langs dette bekkegjelet over ca 850 moh fant eg samanhengande skiføre oppover til Eilivseggi og vidare til Fossdalsskavlen. Nok ein dag med flott utsikt til Hurrungane.
Gjekk vidare austover til Trollanuten og så sørover til Bleienuten og ned forbi Jernhusvatnet og det blei skibering det siste stykket ned til Uppsete Fjellstove. Deretter trasking drøyt 3 km nedover Uppsetdalen til eg fant igjen sykkelen og trilla ned igjen til vandrerhjemmet.
Dette blei nok min (foreløpig) siste skitur denne sesongen, men må nok tilbake ved framtidige anledninger >>>
Skorafjellet og Mjølfjellet
- Datum:
- 09.06.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 9:45h
Sykla nok ein dag opp til nordenden av Slondalsvatnet og gjekk tomhendt på stien langs austsida av vatnet og opp mot punkt 1028. Derfra fortsatte eg skituren der eg slapp dagen før på turen til Vassfjøra og Reinskardnuten , og gjekk sørover mellom vatna 1044/ 1055 og rett opp den bratte nordsida til Skreppenuten og fortsatte over Såtaskavlen og Sveigsfjellet til Skorafjellet.
Derfrå godt nedrenn nordover og var oppom Hattafjedl til fots før eg traverserte austover til skaret mot Mjølfjellet. Tok av skia der og bar dei med opp på Mjølfjellet. Så bortom NV-toppen før eg rant austover mot Slondalsvatnet og skiføret tok slutt på rundt 950 moh. Der bratner det til og eg fulgte en utydelig sti nedover på nordsida av den flaumstore bekken. God sti igjen langs vestsida av vatnet til nordenden, og sykla så ned >>>
Vassfjøra og Reinskardnuten
- Datum:
- 08.06.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 10:15h
Sykla opp til nordenden av Slondalsvatnet og bar så skia med meg på stien langs austsida av vatnet opp til elva nord for punkt 1028. Her blei det litt spektakulær elvekryssing på ei bratt snøfonn som låg over elva. Ganske stor vassføring pga snøsmeltinga. Kom meg greit over og her kunne eg ta på skia og gjekk langs vestsida av Kvannjolvatnet og på sørsida av Reinaskardnuten og Svana opp til Vassfjøro som er eit karakteristisk flott fjell synlig frå store deler av Hardanger. Har lenge tenkt eg må på Vassfjørå ei gong og dette blei ein perfekt dag til det. Mykje klarare ver og litt kjøligare denne dagen enn dagane før så utsikten var framragande mot bl.a Jotuntopper. Gaustatoppen var og lett synlig i kikkert. Vardeboka var dessverre gjennomblaut, og trenger torking.
Var oppom >>>
Skipanuten og Øykjafonn
- Datum:
- 07.06.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 9:00h
Vandrerhjemmet var midlertidig stengt, men det var greit for min del. Fant ein grei parkeringsplass til "bubilen" rett nedanfor og slo leir for nokon dagar.
Sykla rallarvegen oppover Uppsetdalen til litt forbi Rundavatnet og gjekk deretter over bru over elva og gjekk eit kort stykke opp den bratte nordsida før eg kunne ta på ski på ca 850 moh. Ikkje heilt heldig med veret da skoddeskyer la seg nedpå toppane utpå dagen, men slapp heldigvis nedbør.
Gjekk i vestsida av Øykjafonn da sjølve nordryggen såg bar ut, og var fyrst på Skipanuten og så Fløyelsbråten og Øykjafonn. Burde heller tatt Øykjafonn fyrst! Skodda låg på rundt 1450 moh så eg fekk problem med å finne rett veg ned frå Øykjafonn uten nymotens navigasjonsutstyr. Skulle nordover og hadde NV laber bris å >>>
Tveitakvitingen og Høganovi
- Datum:
- 03.06.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 11:00h
Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø.
Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur.
Frå Mødal går stien vidare sørover >>>
Søtebekkheii
- Datum:
- 27.05.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 7:30h
Minkar på snøen så det blei fleire korte skiberinger. Ifølge kartet er det to topper på 1089 på Søtebekkheii. Trigpunktet på den nordre toppen ser kanskje høgast ut og har best utsikt. Gjekk så sørvestover og tok ein runde over 3-4 andre sekundærtopper. Var fyrst på Hesteheii der det var godt utsyn rett over til Gruvletinden som ser ganske imponerande ut herfrå. Så nord- og vestover til Den Flate Heii, Gluggvarden og Reinsskaren. Tilskying frå aust utover dagen og nokre regndråper men fortsatt varmt ver denne fredagen. Rant til slutt ner til austenden av Kvislevatnet og fulgte vegen ned til Sandvatn.
