Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Måkaknuten

Datum:
24.08.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:05h
Entfernung:
15,8km

Parkerte ved ein sving før oppstiginga til Holmaholen. Er og ein liten p-plass nærmare Holmaholen. Gjekk forbi garden og vidare austover på traktorveg gjennom kulturbeite. Etter kvart tok vegen slutt, og eg gjekk over ei myr og gjerde og kom inn på ein annen grusveg. Kom så inn på den nye anleggsvegen til vindmølleanlegget ved Måkaknuten. Frå vegen er det bare ca 50 m til toppen av Måkaknuten. Kortaste veg til Måkaknuten nå er frå E39 ved Søyland, men eg skulle ein rundtur vestover for å ta med meg fleire småtopper. Då stort sett stilaust i stedvis høgt gras til eg kom inn på stien til Låglia nord for Tjursfjellet. Så på traktorveg nordover til nordenden av Ljosavatnet. Så over Dauremålsknuten og Vidjedalsbergo som er namnlause på vanlige kart, men står på lokalnamn.no.

Karte    

Øykjafjellet og Skrussfjellet

Datum:
28.07.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:30h
Entfernung:
11,9km

Fulgte merka sti frå bygdahuset til Øykjafjellet, og var og oppom Novafjellet som ikkje er merka. Gjekk ned stilaust frå Øykjafjellet i bratt skogsterreng i nordvestsida og så til Dormelinuten, Høgås og Duelifjellet. Vidare for det meste på traktorveg opp til mobilmasta på Skrudsfjell. Så på merka sti til Jøstolen, og så på traktorveg ned til Noredalen der eg hadde lagt frå meg sykkel.

Karte    

Gjesdaltopper

Datum:
30.06.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:52h
Entfernung:
14,0km

Fulgte merka sti frå den nye p-plassen på Auestad. Det er merka sti på 3,5 km rundtur til Fitjanuten. Eg valgte den bratte vestsida opp og søraustryggen ned til eg kom inn på traktorvegen. Istedet for å gå tilbake til Auestad gjekk eg då vidare austover på vegen eit stykke, og så for det meste stilaust over Einarknuten og fleire småtopper til Hellandsvegen/ Tjetland. Herfrå er det traktorveg eit stykke oppover i nord- og austsida til Nordre Tjetlandsnuten. Vidare stilaust til Søre Tjetlandsnuten og ned til Rånavatnet/ Storavatnet som er drikkevasskilde. Det er anleggsvirksomhet ved demningen i nordenden av vatnet, men stilt nå om kvelden. Gjekk på grusveg ned til Auestad. Fleire låste grinder undervegs.

Karte    

Edlandsfjellet og småtopper i Time

Datum:
31.05.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:31h
Entfernung:
16,5km

Fulgte tursti frå p-plassen på sørsida av Edlandsvatnet. Fleire stier å velge mellom, og kan sikkert virke forvirrende for dei så ikkje er lokalkjent. Stiene er tydelige takka vere daglig bruk av Ålgård-folk. Gjekk først opp på Edlandsfjellet, og så vidare på stien til Bursfjellet. Fulgte stien vidare nedover den bratte vestsida, og så gjekk eg vidare sørover via Bukkaknuten og Sælandsfjellet til Blåfjellet for det meste stilaust og stedvis via traktorveger gjennom beitelandskap. Retur nordover via Høga Håland og Vommå.

Karte    

Vedafjellet og Bogafjellet

Datum:
22.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:39h
Entfernung:
18,3km

Gjekk først via Melsheia og merka sti derfrå til Vedafjellet. Retur same veg, og etter ein matpause og middagskvil i bilen gjekk eg sørover gjennom gater og stier til Presthei, Vaglefjellet, Bogafjellet og Helgalandsnuten. Retur litt strakare veg utanom toppane. Klarvær, men litt disig luft og søraust kuling.

Karte    

Vallresknuten

Datum:
21.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:40h
Entfernung:
11,9km
Karte    

Gryteheia

Datum:
20.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:33h
Entfernung:
15,0km

Gjekk frå hyttefeltet aust for Stavtjørna, og fulgte T-merka sti det første stykket til Lomsdalen. Stien går austover mot Kvitlen, men eg dreide sørover via Skodknuten og Kvernavatnet til Gryteheia. Uvanlig lite snø for årstida, men frost i høyden og snøfennene var fine å gå på. 2-3 nysnø over ca 700 moh. Retur via Barbuvatnet til Stavtjørn.

Karte    

Storafjellet og Kleivaknuten

Datum:
19.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:44h
Entfernung:
20,4km

Uvanlig lite snø, og skisenteret stengte i begynnelsen av mars. Gode fotturforhold, og gjekk vestover via Storafjellet, Jonsokslåttene og Brødleknutane til Kleivaknuten. Så litt nordover ned i dalføret og vidare austover via Mjelkevatna og Hellervatnet tilbake til Stavtjørn. Uten islagte vatn ville det vore uaktuelt å gått til Kleivaknuten med Stavtjørn som utgangspunkt.

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
14.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:43h
Entfernung:
16,1km
Karte    

Molteheia og nabotopper

Datum:
10.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:20h
Entfernung:
17,6km

Gjekk opp vestsida til Iglandsklubbafjellet og ned den snøbare sørsida. En del skodd mens eg var på toppen, men den letta såpass at eg kunne fortsette vidare sørover til Molteheia, Rasmusskardheia og Krolifjellet. Så ned i ei renne med en del grov steinur ned mot Helmikstølen og inn på Songesandvegen siste drøyt 3 km tilbake til utgangspunktet. Uvanlig lite snø for årstida, men snøfennene var faste å gå på tross varmegrader.

Karte