Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Hauggjelsvarden, Løvstakken og Knappen

Datum:
17.03.2015

Var med Knut Sverre på rundtur over det vide platået mellom Hauggjelsvarden og Ulriken. Me gjekk frå Brattland på austsida. Fint å gå til fots på det som var igjen av snø. Seinare tok me ein kveldstur til Løvstakken. Etter ein god middag hjå Astrid og Knut Sverre tok meg og Knut Sverre ein kveldstur til Løvstakken. På veg opp traff me på PB-bruker "Uncas" som var på veg ned, Så det blei et aldri så lite Peakbooktreff. Etter ein kort hyggelig prat gjekk me videre kvar vår veg. Ganske folksomt på løvstakken i denne skumringstimen. Til slutt denne kvelden tok eg ein tur aleine til Knappen. Bare et drygt kverter gangtid kvar veg. Fleire toppunkter og rester av gammal murbygning i området.

Karte    

På Bergens tak

Datum:
15.03.2015

Gjekk frå parkeringsplassen i Hausdalen på grusvegen oppover mot Brekkedalen. Rett etter Tverrelva går det sti oppover sørryggen til Søre Gullfjelltoppen som eg fulgte. Bar skia et stykke men tok dei på over ca 400 moh. Gjekk så videre nordover til Gullfjelltoppen der det var ganske folksomt denne sundagen. Tok ei litt meir vestlig rute ned og la turen over Gullfjellet og forbi Redningshytta og så opp til Austefjellet og Hausdalshorga og ned til Hausdalen igjen. Minka på snøen i sørhellinga og tok av skia på ca 600 moh.

Karte    

Vardefjellet på Austre Bokn

Datum:
14.03.2015
Karte    

Vedafjellet og Bråsteinåsen

Datum:
13.03.2015

Sykla til Melsheia, og gjekk frå den store p-plassen gjennom lysløypa og turveger mot Kleivane. Så på merka sti over Ragnhildnuten og gjennom byggefeltet på Kleivane over Vedafjellet og ned sørsida over Brekkafjellet tilbake til Melsheia. Sykla deretter til Netland og gjekk opp på Steinfjellet. Så til Bråstein og opp til Bråsteinåsen på traktorveg og sti.

Karte    

Frafjordhatten og Dypingsknuten

Datum:
11.03.2015
Karte    

Bratteberga og småtopper

Datum:
09.03.2015
Karte    

Skitur til Vådlandsknuten

Datum:
04.03.2015

Kjørte opp mot parkeringsplassen nedanfor Fossbekken, men det var djupe veiter i vegen etter flaum så eg måtte home ned mot Madland igjen for å parkere på skjebelig vis. Fleire andre biler som kom parkerte dog langs vegen. Tynt lag nysnø på Madland så det var greit skiføre på vegen oppover. Gjekk langs Fossbekken og frå Fisketjørnane var det 15-20 cm nysnø og litt tungt føre. På Vådlandsknuten traff eg igjen han eine som parkerte langs vegen og han hadde gått opp via Hanklatjørna og Rolighetsvatnet etter som eg forstod. Det var og ein som hadde vore oppe tidlegare på dagen med truger. Eg tok ein runde over Langavatnet og Vådlandsvatnet og opp på Storafjellet. Der var det og trugespor. Hadde tenkt eg skulle ta fleire topper, men veret tjukna til og nordavinden friskna på >>>

Karte    

Dyranuten og Risfjellet

Datum:
22.02.2015
Karte    

Dyranuten og Risfjellet

Datum:
20.02.2015
Karte