Ljomsnuten og Vasslandsnuten (18.10.2025)


Startpunkt Tveitebøvegen (323m)
Endpunkt Tveitebøvegen (342m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 9h 42min
Entfernung 28,0km
Höhenmeter 1.851m
GPS
Besteigungen Beinleiheii (1.187m) 18.10.2025
Bjønnåsnetten (974m) 18.10.2025
Ingebjørgshaugen (796m) 18.10.2025
Ljomsnuten (1.268m) 18.10.2025
Luseskardheii (1.134m) 18.10.2025
Stavedalsheii (1.199m) 18.10.2025
Valefjell (1.162m) 18.10.2025
Vasslandsnuten (1.159m) 18.10.2025
Ørnefjødd (1.185m) 18.10.2025

Hadde med sykkel på Tveitebøvegen og Fjøddevegen til eg kom til låst bom på ca 400 moh der eg la frå meg sykkelen. God Skogsveg vidare opp til ca 980 moh, men stien til Valefjell går stedvis utanom vegen. Vidare merka sti aust- og sørover til Ljomsnuten. Flott utsikt til bl.a Gaustatoppen frå begge desse toppane. Fulgte sti vidare sørover et stykke, og så stilaust over Beinleiheii og Ørnefjødd og ned til sørenden av Vasslandsvatnet. Ifølge kartet er det sti opp søraustryggen til Vasslandsnuten, men den var stedvis lite synlig. Så over Luseskardheii og ned til Stavestøyl. Derfrå på både skogsveg og skogssti tilbake til utgangspunktet. Ein del nordlys denne kvelden. Turen blei lenger enn eg trudde, og eg kunne ha spart både km og hm med å heller gått frå Brottveit.

Begynte turen på denne vegen, og så til høyre på Fjøddevegen litt lenger oppe.
Begynte turen på denne vegen, og så til høyre på Fjøddevegen litt lenger oppe.
På ca 470 moh på Fjøddevegen med utsikt over Homme og Homfjell.
På ca 470 moh på Fjøddevegen med utsikt over Homme og Homfjell.
Vegdele på ca 620 moh. Fulgte vegen opp, og kom frå høgre ned om kvelden.
Vegdele på ca 620 moh. Fulgte vegen opp, og kom frå høgre ned om kvelden.
På ca 900 moh med god merking til Valefjell.
På ca 900 moh med god merking til Valefjell.
Trigpunkt på vestkanten av Valefjell. Ser mot Svarvarnuten 1377 i Setedal Vesthei.
Trigpunkt på vestkanten av Valefjell. Ser mot Svarvarnuten 1377 i Setedal Vesthei.
Stort topplatå på Valefjell. Varde og trimpost (tom for bok) står neppe på høgaste punkt.
Stort topplatå på Valefjell. Varde og trimpost (tom for bok) står neppe på høgaste punkt.
Flott varde på Ljomsnuten og trimpost med bok på nordsida.
Flott varde på Ljomsnuten og trimpost med bok på nordsida.
Nedfalt signalkors på andre sida av varden. Svarvarnuten 1377 og Dravleskrven 1390 t.v.
Nedfalt signalkors på andre sida av varden. Svarvarnuten 1377 og Dravleskrven 1390 t.v.
Nordaust mot Gaustatoppen 1883 bakerst. Skorve 1370 foran Mælefjell 1414 langt t.h.
Nordaust mot Gaustatoppen 1883 bakerst. Skorve 1370 foran Mælefjell 1414 langt t.h.
Frå sørlig fortopp mot hovedtoppen på Ljomsnuten. Gaustatoppen 1883 ses lengst t.h.
Frå sørlig fortopp mot hovedtoppen på Ljomsnuten. Gaustatoppen 1883 ses lengst t.h.
På Ørnefjødd med utsikt nordover Benleiheii og Ljomsnuten.
På Ørnefjødd med utsikt nordover Benleiheii og Ljomsnuten.
På Vasslandsnuten som ikkje har varde. Beinleiheii 1187 t.v. og Glåmsheii 1224 t.h.
På Vasslandsnuten som ikkje har varde. Beinleiheii 1187 t.v. og Glåmsheii 1224 t.h.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.