Søraheia og Nordraheia (20.07.2017)


Startpunkt Funningsland (350m)
Endpunkt Funningsland (350m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 6h 30min
Karte
Besteigungen Nordraheia (604m) 20.07.2017
Søraheia (600m) 20.07.2017

Gjekk frå p-plassen ved Funningsland som er same utgangspunkt som turen til Brendeknuten og Fjellsenden dagen før. Begynte på traktorveg opp på austsida av Tøssåna og så eit stykke på stien sør for Søraheia. Var oppom fleire toppunkt på det vide platået, men området rundt trigpunktet er klart høgast. Gjekk så ned til vestenden av Kaldavatnet og forbi Jonsstøl vidare oppover til Nordraheia. Litt nord for toppen er det flott utsikt innover Jøsenfjorden. Litt lenger vest er det ei lita hytte og virker som det har stått ein sendar her tidligare. Det går ei nedlagt straumlinje som eg fulgte sørvestover til Funningsland. Stolpane står stedvis mens kablane ligger på bakken. Dette var trulig denne sommaren varmaste dag, men det skya til om kvelden.

Begynte turen oppover denne traktorvegen på utmarksbeite.
Begynte turen oppover denne traktorvegen på utmarksbeite.
Oppe på det vide topplatået på Søraheia. Toppen i sikte med Skjølsknuten 837 bak t.v.
Oppe på det vide topplatået på Søraheia. Toppen i sikte med Skjølsknuten 837 bak t.v.
På toppen med Skjølsknuten 837 i bakgrunnen t.v.
På toppen med Skjølsknuten 837 i bakgrunnen t.v.
På veg opp mot Nordraheia. Ser mot Førrebotnen inderst i Jøsenfjorden.
På veg opp mot Nordraheia. Ser mot Førrebotnen inderst i Jøsenfjorden.
På  Nordraheia. Ser nordaust mot Skjølsknuten 837 og Napen 1350 bak litt t.h.
På Nordraheia. Ser nordaust mot Skjølsknuten 837 og Napen 1350 bak litt t.h.
Liten varde på toppområdet.
Liten varde på toppområdet.
Rester etter noko kommunikasjonsutstyr litt vest for toppen.
Rester etter noko kommunikasjonsutstyr litt vest for toppen.
Jøsenfjorden og Hauga. Gullingen 979 i bakgrunnen t.h.
Jøsenfjorden og Hauga. Gullingen 979 i bakgrunnen t.h.
På et annet utsiktspunkt over Jøsenfjorden med Skjølsknuten og Napen lengst bak.
På et annet utsiktspunkt over Jøsenfjorden med Skjølsknuten og Napen lengst bak.
Mot Førrebotnen midt i bildet. Napen 1350 i bakgrunnen lengst t.v.
Mot Førrebotnen midt i bildet. Napen 1350 i bakgrunnen lengst t.v.
Straum- og telefonlinje i sørsida av Nordraheia.
Straum- og telefonlinje i sørsida av Nordraheia.
Sørover mot Søraheia.
Sørover mot Søraheia.

Zoombilder av heilo i ulike positurer på Nordraheia

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.