Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kjølhaugan

Datum:
20.04.2019
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
23,4km

Det vart avtala Pappas turdag denne laurdagen. Eg skulle avlevere familien på Skatval før eg fekk fri turtid resten av dagen. Ei flott anledning til å besøke stortoppen Kjølhaugan i Meråkerfjella. Strålande sol og heile Meråker var i fjellet i dag. Eg tenkte å følge sporet til yppersteprestane av fjellskiturar - JoSo og Otto, og gå opp i skaret mellom dei to Kjølhaugtoppane. Eg var litt usikker på skivalg, men med den lange innmarsjen gikk eg for fjellski. Først scooterløype, og så litt sikksakk mellom lyngflekkane oppover. Litt komplekst terreng med utfallssoner for skred inne i skaret, men eg trur eg fann ein trygg veg. Runda så rundt på sørsida av Storkjølhaugen, og fulgte nokon gamle skispor for å finne beste veg opp. Siste 100 høgdemeter vart til fots. Her hadde det >>>

Karte    

T/r storwartz

Datum:
16.04.2019
Tourcharakter:
Langlauf

Enarsvola

Datum:
13.04.2019
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
8,7km

Ankomst Røros for påskeferie med familien og svigers-klanen. Det er mange fine fjell på Røros, men denne påska stod i fellesskapets teikn. Nokon vil seie at mine eigne høgdemeterambisjonar var offerlammet denne påska. Andre vil kanskje seie at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, og små ungar og ein nær og fin familie også har sin sjarm og verdi. Jada. Eg ser den. Vel vel, nok om det. Rett etter ankomst Røros Hotell opna det seg eit turvindauge. Det måtte handlast kjapt, og eg heiv på meg fjellskia og satte kursen mot næraste raude nål - Enarsvola. Det starta på preparerte løype, og deretter sette eg kursen beint fram gjennom tundraen med sikte mot mastene på toppen. Der ankom i nydelig ettermiddagslys, klartog fint med utsikt heilt til Rondane. På toppen møtte eg også >>>

Karte    

Raudfjellet

Datum:
26.03.2019
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Kåna avspaserte, så då opna det seg ein turdag for pappapermaren. Gitt litt mange mikroorganismar innabords i det siste, samt eit lavtrykk på veg på ettermiddagen, så var det ingen grunn til å legge ambisiøse planar. Eg tenkte å ta turen til Nerskogen - der har eg knapt vore før, og plukke ein lett tilgjengelig topp eller to før snøværet kom. Men, eg kom aldri til Nerskogen. Eg tok av for tidlig, og før eg visste ordet av det var eg i Rindalen. Det var jo ei slags meining i dette - då eg skulle til Rindalen og Jøldalshytta for nokon år sidan enda eg opp på Nerskogen. Ringen er slutta. Vel, eg kunne ikkje kaste vekk verdifult opphaldsvær, så eg køyrde inn på Langvatnet og tok sikte på Raudfjellet. Rindhatten såg også svært forlokkande ut herifrå, men det var litt i lengste >>>

Karte    

Lian-Elgsethytta pulktur i verdensmesterføre

Datum:
06.03.2019
Tourcharakter:
Skitour
Entfernung:
20,0km
Karte    

Lian-Grønlia pulktur

Datum:
05.03.2019
Tourcharakter:
Skitour
Entfernung:
14,0km
Karte    

Pulktur Lian-Grønlia

Datum:
06.02.2019
Tourcharakter:
Skitour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
14,2km

Fin pulktur i finfint vintervær. Såg nok 15 blå på det kaldaste, men Olina var varm og god i posen. Grønlia har bymarkas beste kveitebakst, og det hjelp mot det meste. Turen tilbake tok vi over isen på Skjelbreia. Ikkje verst med pappaperm! Med på turen: Mats I. og Live.

Karte    

Skjelbreia rundt

Datum:
03.02.2019
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:05h
Entfernung:
17,1km
Karte    

Pulktur til Elgsethytta med minstejenta

Datum:
01.02.2019
Tourcharakter:
Skitour
Karte    

Pulkdebut for Olina

Datum:
29.01.2019
Tourcharakter:
Skitour
Tourlänge:
1:34h
Entfernung:
7,3km
Karte