Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Tjønnpiken
- Datum:
- 10.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 1:00h
- Entfernung:
- 4,5km
Akutt brakkesjuke førte til nærlesing av Yr på ein maidag som skulle vere prega av snøbyger. I dag kunne eg gjort meg fortent til ei sånn "Eg treng ikkje psykolog - berre ein tur på fjellet"-skjorte, så målet for dagen var først og fremst å kome seg ut.
På Nerskogen skulle det vere moglege moglegheiter, så eg køyrde dit med mål om to enkle og korte turar. Lavthengande raude teiknestiftar. Ja, gitt alt snøværet så kunne det kanskje bli litt fin skikøyring også!
På Nerskogen var det berre fuglelivet som minna om at vi tross alt ser mai: vipe, bekkasin, tårnfalk (?) og diverse vadefuglar. Er det ei glødande ornitologi-interesse som gjer at så mange vil ha hytte her?
På skaret var det i alle fall berre å ta skia på i vegkanten, for her var det snø i massevis. Etter >>>
Gjerdhøa
- Datum:
- 10.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 12,0km
Etter fire veker i nært samvær med eigen familie byrja det å bli naudsynt med ein tur aleine i skog og mark. Meldingane var ikkje dei beste i dag, men med litt finlesing av værmeldinga, og konferering med ein lokal ekspert, gikk eg for tur mot Roksdalskammen. Planen var, om alt klaffa, å gjenta Uglefisk si flotte rute over Gjerdehøa, Svorundfjellet og Roksdalskammen.
Det var snøbyger i bartebyen då eg kjøyrde mot Oppdal Så Klart. På podden var Storeulvsyndromet av Thomas Hylland Eriksen, der han forklarar kvifor livskvaliteten i vesten er ikkje har auka sidan 50-talet: vi har for mange ting - og det er også alt vi har. Sjølv tenker eg at eg eigentlig er ganske nøgd, og at desse koronatider har vist at eg hadde klart meg greit innesnødd på ein fjellgard ein vinter om eg berre >>>
Skitur på Harpefossen
- Datum:
- 24.02.2020
- Tourcharakter:
- Skitour
Skitur til Bjørhovdesætra med neste generasjon. Dei kunne styre si begeistring, medan foreldra nytte det første synet av frisk luft, snø og sol sidan 2015
Gråhøa og Oppdalshøa med JoSo
- Datum:
- 08.02.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 3:00h
Det dukka opp ein turdag, og eg ville ha meg ein tur til fjells med ski på beina. Ettersom det var farevarsel av både den eine og andre sorten denne veka trengde det ikkje bli den mest ambisiøse turen. Eg sende avgårde ei melding til Oppdals milslukar og lokalkjendt #1 Johan om han kunne anbefale nokon høvelege turar. Det kunne han, og han lurte også på om han kunne slenge seg med. Det var jo hyggelig!
Så då vart det eit lite peakbooktreff til Gråhøa og Oppdalshøa. Eg var litt spent på om denne slitne småbarnsfaren ville klare å holde følge med ein kar som lett kan gå tur-retur Oppdal-Kebnekaise på ein ettermiddag, men han lova å justere farta etter behov.
Johan kjende bonden på Bekken gård, og hadde tinga parkering allerede dagen før. Deretter bar det opp tvilsomt føre >>>
Snota!
- Datum:
- 29.04.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 25,1km
Kona avspaserte i dag, og slo frampå om at eg kunne finne på noko om eg hadde lyst. Eg foreslo raskt at eg kunne ta meg ein tur på Snota – ein tur det går gjetord om i midtnoreg, og som eg har sikla på lenge. Kona sa at det kanskje ikkje var heilt det ho hadde tenkt – at eg skulle vere vekke langt til fjells heile dagen. Men då eg viste ho den flotte primærfaktoren, den alpine karakteren, og den omfattande utsikta måtte ho medgå at dette måtte eg få med meg. Dessutan, sa eg, tar turen etter sigende berre 4 timar! (eller kanskje bittebittelitt meir).
OK, så var det ikkje heilt slik det gikk føre seg. Men eg gikk i alle fall frå vinterparkeringa ved Gråsjøen klokka kvart på 10 spent på kva dagen skulle bringe.
Det første dagen skulle bringe var svært flekkvis skiføre, så >>>
Kjølhaugan
- Datum:
- 20.04.2019
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 23,4km
Det vart avtala Pappas turdag denne laurdagen. Eg skulle avlevere familien på Skatval før eg fekk fri turtid resten av dagen. Ei flott anledning til å besøke stortoppen Kjølhaugan i Meråkerfjella.
Strålande sol og heile Meråker var i fjellet i dag. Eg tenkte å følge sporet til yppersteprestane av fjellskiturar - JoSo og Otto, og gå opp i skaret mellom dei to Kjølhaugtoppane. Eg var litt usikker på skivalg, men med den lange innmarsjen gikk eg for fjellski.
Først scooterløype, og så litt sikksakk mellom lyngflekkane oppover. Litt komplekst terreng med utfallssoner for skred inne i skaret, men eg trur eg fann ein trygg veg. Runda så rundt på sørsida av Storkjølhaugen, og fulgte nokon gamle skispor for å finne beste veg opp. Siste 100 høgdemeter vart til fots. Her hadde det >>>