Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Miks og mask på Farley

Datum:
08.11.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

Crrrow Hill

Datum:
19.10.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

School of trad gruppearbeid: Lakeview

Datum:
28.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
10:00h

Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane. Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med! Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule. Relativt alpin >>>

Karte    

Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge

Datum:
07.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern

Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj. Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg. Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>

Crow Hill

Datum:
30.08.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

Rrrrumney

Datum:
24.08.2014
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

School of trad 3: Cannon Cliff

Datum:
09.08.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
9:00h

School of trad del 3: alpin/større vegg. Cannon Cliff er "the tallest and most respected cliff in New England" , ein 2km lang granittvegg broten opp av eroderte renner. Innimellom her finn ein flott steinkvalitet, samt mykje rot. Eg har endelig byrja å innynde meg hjå lokale klatrerar, så vi var ein heil gjeng som køyrde til Cannon denne morgonen. Her vart det mykje nytt for ei enkel buldre-sjel. Det var berre å lære seg teknikkar som rissklatring, finger og handjamming, diederklatring, pendeltravers (!!), offwidth og hengande standplass. Det var ikkje så mykje leding på meg denne dagen, ei 5.6 og ei 5.7-taulengde. Men, ein flott dag der vi stort sett hang i veggen frå 9 til 5. S&D: Moby Grape, 5.8 8tl, første tre gått denne dagen. Vertigo, 5.9 4tl. Ingen tvil om at man skal tilbake til Cannon!

Klatretur til Farley Ledge

Datum:
02.08.2014
Tourcharakter:
Klettern

Farley Ledge er noko så sjeldan som ein godt bevart hemmeligheit halvannan time utanfor Boston. Grunneigar har akseptert klatring på området så lenge det ikkje lagast førar eller spreiast omfattande info på nettet. Likevel er området fint utvikla og tilrettelagt med trapper, bolta ruter og stiar. Lokale klatrarar peika oss villig i retning av passande klassikarar. Klatringa på Farley Ledge er overraskande fin og variert til å vere eit "Massachusetts-Crag". Nedre vegg er sandstein i Gunks-stil, medan øvre vegg er nydelig gneiss med reinskorne riss og flak. Rutene er både sport, trad, og blandingsruter, noko som gir fin variasjon og mange moglegheiter ila. ein dag. Feltet er ikkje så stort, så nokon evig klassikar vert det ikkje. Men svært høvelig for dagsturar der ein >>>

Longs Peak ad Kiener's Route

Datum:
19.07.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
10:00h
Entfernung:
18,0km

Tida var komen for Colorado-ferien sitt høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Meir info om Kiener kan ein finne her . Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli truffe av lyn eller fryse ihjel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre. Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og >>>

Karte    

First Flatiron

Datum:
15.07.2014
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
7:00h

Tur opp første strykejern, både for å teste multipitch-eigenskapane, for å klatre eit landemerke, og for å få litt utsikt. Vi byrja på ruta Baker's Way (5.3) som byrjar eit stykke opp til venstre for fronten, for så å følge ei hylle opp ca midten av nordegga. Første taulengde byrja med litt 5.3-klatring, før eg kom opp på sjølve svaet. Her var det berre å la sikringane vere på selen, og rusle seg oppover før eg sette standplass etter nesten fullgått tau. Kona kom etter og leda neste lengd: rundt eit greit hjørne og opp på sjølve hylla Baker's Way. Dette kunne vi gått løpande med joggesko. Ho sette standplass etter vel 60m, og resten av vegen opp til nord-egga rusla vi usikra. På nordegga ankra eg meg i eit rapellfeste, og kona tok det som nok var turens vanskeligaste taulengde >>>

Karte