Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Forsøk på VMC Direct, Cannon: Granite state of mind

Datum:
12.07.2015
Tourcharakter:
Klettern

Store planar i dag - VMC Direct (9 tl, 5.10-11) er kanskje den stoltaste ruta på Cannon. Phil inviterte og eg, som kjenner meg i slag om dagen, slo til. Sov dårlig i heile natt og vakna med indre bilete av brutale fall og sikringar som poppa. Eg tok førstelengda (5.7), Phil andrelengda (5.10+) og tok tre fall på crux-overhenget. Då eg fulgte på til standplassen såg eg han ikkje var i toppform. Om det var den harde taulengda eller om det var dei 25 gradene eller noko anna var usikkert. Eg manna meg opp og tok tredje lengde (5.10+), og klara til mi forbausing å stable meg opp heile det 40 meter høge diederet som er denne lengda. Nydelig og delikat granittklatring heile vegen. Då Phil, som normalt klatrar hard 5.11 på trad og 5.13 på sport, kom hanglande etter såg vil at vil måtte gi opp draumen >>>

Karte    

Cannon

Datum:
04.07.2015
Tourcharakter:
Klettern
Karte    

Cannon&Cathedral

Datum:
13.06.2015
Tourcharakter:
Klettern

Maur i baken! Eg må ut! Tenke planlegge ringe. Trad-helg i New Hampshire! Phil er alltid gira på klatring, og sa seg villig til både å vise meg nokon klassiske ruter på indrefileten Cathedral Ledge, samt tilby overnatting i nærmiljøet. Det byrja jo også å bli sesong på ytrefileten Cannon Cliff også! Cannon er kort fortalt ei stor granittklippe der granittlaga skalar av som solbrendt hud på nordmenn i syden. Det vil seie at den ikkje er trygg før langt ut på forsommaren, når lausgodset frå vinter og vårsmelting har rasa frå seg. Laurdagen gjekk til Cannon! Diverre hadde det vore eit heftig regnskyll dagen før, så det rann middels store bekkar gjennom ein del av planane våre. Vi byrja difor på Duet Direct (5.10+), ein totaulengder som Phil hadde sikla på lenge. Eg tok førstelengda >>>

Karte    

Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike

Datum:
01.05.2015
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
15:00h
Entfernung:
22,0km

Forventningar Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel. Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere >>>

Yosemite 1/2: Royal arches

Datum:
27.04.2015
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
13:00h

Yosemite Valley; for ein kvar klatrar er dette som Mekka og Medina for gode muslimar. Granittveggane står opp mot 1000 meter på kvar side av den flate dalbotnen, og delikate sprekksystem skyt oppetter stupa. Så mykje av moderne klatresport har vorte utforma her, så det var berre sjølvsagt at dei siste to månedane har gått med til trening og drøyming om årets store klatreferie. Vi skulle tilbringe halvannan veke i Yosemite saman med Andreas og Solveig. Kjære lesar – du ventar vel på ei gullrekke av dristige bestigningar? Vil dette bli fuglen fønix ut or asken, i flott flukt gjennom de høyre sfærer? Eller blir det luftskipet Hindenburg? Kva kan gå feil når forventingane er så skrudd til? Eg landa i San Fransisco fredag kveld, heiv klatrestæsjet i leigebilen, og køyrde inn >>>

Karte    

Rumney

Datum:
11.04.2015
Tourcharakter:
Sportklettern

Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround. Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig. Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c). Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne >>>

Sesongstart stein på Rumney

Datum:
21.03.2015
Tourcharakter:
Klettern

As both ice and my eagerness for ice gave way for rock we this saturday tried to find a dry place for rock climbing. The forecast said showers and just above freezing, so that meant perfect conditions for something steep. As Rumney is the go-to-place for steep climbing, Phil persuaded me into checking out the famous Waimea -wall at Rumney. Rumney is the biggest and most famous sport-climbing crag in New England, and even though it is pretty huge, it is very crowded on a warm spring day. This saturday, however, did not count as a warm spring day. I met Phil and his friend Scott on an emtpy Rumney parkinglot. It was still around freezing when we started warming up, and as the sun started to shine, the ice lines at rumney started falling down around us. We first did two short and pretty bouldery lines, >>>

Karte    

Finalehelg isklatring: something good and something bad

Datum:
07.03.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein. Sendevind Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå >>>

Mad Skillz i Katskills

Datum:
20.02.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Denne helga gjekk turen til Catskills-fjella i upstate New York for litt isklatring. Vi skulle møte Andreas og Solveig frå Trondheim, som var ein rask tur i nordaust før dei dreg til California. Andreas og Solveig er forfordelte frå naturen si side både psykisk og fysisk, men sidan dei no er midt i eit friår med berre klatring har det liksom tatt heilt av! Eg og Kona har trent som pesten for ikkje å drite oss heilt ut i møte med våre trondheimsvenner. Med seg hadde dei Jens (4 år) som etter eit halvt år med buldring i Fontainebleau byrjar å bli rimelig forfordelt sjølv. Vi møttest i New Paltz, der dei leigde utstyr, før vi tok første dag i Devil's Kitchen . Temperaturen var noget stiv (ca -15grader), men sola varma, og det vart rett så koselig i dei solvende flowane. Rykta sa at isen i Catskills >>>

IceFest 2015

Datum:
07.02.2015
Tourcharakter:
Eisklettern
Karte