Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lundavarden t/r

Datum:
28.07.2018
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
7,5km

53min opp, ca 25 min ned. Varmt i skogen på årets varmaste dag, men vind og strålande utsikt på toppen i blåtimen. Havet i vest og Jostedalsbreen i aust. Fantastiske bremangerfjell i sør. Yolo

Karte    

Brørene

Datum:
23.07.2018
Tourcharakter:
Jogging
Karte    

Geitfjellet

Datum:
14.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
4,0km

Tur til Trondheim sin versjon av Geita - litt mindre prangande enn sin artsfrende i nord, men utfordrande på sitt vis. Eskil gikk nesten heile vegen opp, og sov nesten heile vegen ned. Olina sov både opp og ned, medan Kona gikk både opp og ned.

Karte    

Surnadalsk dobbel del 2: Strengen

Datum:
05.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:29h
Entfernung:
7,1km

Etter Honnstadknyken såg eg mitt snitt til å snike inn ein bonus pf>500, nemlig Strengen. Det skulle vere overkomelig innan barnehagen stengde og barnevernet banka på døra. Parkerte litt feil og fekk meg nokon ekstra høgdemeter. Deretter sti gjennom hogstfelt, skogsvegar og litt diverse. Kjende godt at det var dagens andre, og her var det jamn stigning. Vi fikk berre gi på. Varmt som pesten, men høgdemetera kom i det minste fort. På toppen var det nok ei fantastisk utsikt over Trollheimen, Innerdal-, Sunndal- og Romsdalsfjell. Særlig Innerdalsfjella bli eg ikkje mett på - frittståande og mektige! Særlig artig med Skarfjell der eg klatra sørøsthjørnet i fjord. Kjapt nedatt medan eg prøvde og holde krampa på avstand. Den kom i fullt monn då eg svinga av til Coopen på Rindalsskogen. >>>

Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken

Datum:
05.07.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Tourlänge:
1:52h
Entfernung:
11,3km

Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten. Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje? La i veg ned bakkane, fin løpesti! >>>

Karte    

Forolhogna og Grøthaugen frå Budalen

Datum:
29.06.2018
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
18,0km

Eg hadde bestemt meg for avspasering og fjellgåing i dag, men værmeldingane var mildt sagt blanda. Det skulle vere finast på ytre nordmøre, men tankane mine vandra til indre strøk. Då eg køyrde over Tillermyra og såg antydning til opplett over Gauldalen holdt eg meg på E6'en den straakaste veg mot Budalen og Forolhogna. Forolhogna ja. Denne har eg hatt lyst på lenge. Pirrande Pf, relativt nær Trondheim, kan angripast frå Budalen - ein skikkelig trøndersk avkrok, og ein flott nasjonalpark med både fjellrev og villrein. Nydelig utsikt. Mykje er på plass. Kvifor har eg ikkje vore på Forolhogna før? Ja, det spørsmålet kan ein stille om mange ting her i livet. På vegen opp passerte eg ein veldig stor budalsstol. Eg var altså på riktig veg. I Selbu har dei, som seg hør og bør, >>>

Karte    

Lufting av familyen på Geitfjellet

Datum:
16.06.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,0km
Karte    

Byfjellenes høyeste punkt

Datum:
05.06.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
11,0km

Dei kjedligaste toppane er jo dei ein trur ein har vore på, men som det viser seg at ein ikkje har vore på allikavel. Eg har gått vidden fleire gonger, og då har eg rekna med at stien går via Byfjellenes høyeste punkt. Men med nærstudering av kartet har det snike seg inn ein mistanke om at dette ikkje er tilfelle. Denne tirsdagen var eg på kurs på Haukeland, og sidan det slappe kursopplegget la inn åra halv 12 på formiddagen, var det berre å spenne på seg skoa og legge avgårde opp bakkane mot Ulriken. Eit fantastisk vær gjorde dette til ein fornøyelse, og få ting slår utsikta over Bergen By frå Ulriken på ein finværsdag. 40 min frå starten av kabelbana til masta. Så var det trakking vidare innover Vidden. Eg hadde ikkje smurt meg med solkrem, så eg følte meg som ein sommarkotelett >>>

Lufting av familien på Elgsethytta

Datum:
26.05.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Entfernung:
8,0km
Karte    

Geitfjellet med Eskil

Datum:
18.05.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
3,6km

Travle dagar i mai, med nytt familiemedlem, forbreiing til flytting til nytt husvære og salg av leiligheit etc etc. Ikkje rart det kan gå litt varmt heime i leiligheita. Då er det godt å kome seg ut, både for PappaPakkhest og Storebror. Ikkje minst når det er full sommar i mai! Turen denne formiddagen gikk frå Lavollen til Geitfjellet. Eskil sat i meisen til det var eit par hundre meter att, før han fekk teste beina. Og det gikk så det kosta etter, over myr og mo, endatil opp bratta mot toppen. Veldig flink og stolt gut som klatra opp siste svaa til topps! Her vart det vel fortent sjokomelk og nyting av utsikta. To ungdomar kom halsande i stort tempo, og hadde tatt seg så ut at dei vart liggande rett ut. Dette vart sjølvsagt kommentert i undrande ordelag. Deretter gikk vi nedatt. Eg >>>

Karte