Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Blåberga
- Datum:
- 30.06.2017
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Entfernung:
- 2,9km
Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre.
Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne.
Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.
Motbakkefestival på Hovsnebba
- Datum:
- 25.06.2017
- Tourcharakter:
- Hochtour
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 6,0km
Etter gårsdagens trimtur i Innerdalen våkna eg i tilnærma god form i teltet mitt på tjuvcampen bak Teknisk Etat sitt utendørs lager av brukte brannslokningsapparat. Eg hadde hatt bjarte planar om Storkalkin i dag, men merka raskt (i det eg røyste meg) at det kanskje var noko ambisiøst.
Eg slo opp på Peakbook-appen, og såg at stien til Hovsnebba byrja rett bort i vegen. Det er jo eit fjell eg har glodd på lenge, så eg gikk for den! Etter 2 polarbrød og ein kopp kaffi var eg klar! Stien var lett og finne - her var det ikkje mykje anmarsj å snakke om. Høgdemetera kom raskt og i rikt monn!
"Lett" er jo eit relativt omgrep, og i Sunndalen er det få ting relativt lett. Denne turstien var ikkje akkurat handicap-tilpassa, for å seie det slik. Den sneik seg opp gjennom diverse >>>
Myr, glede og kultursti: Sjåvidthøgda og Jervfjellet
- Datum:
- 11.06.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:34h
- Entfernung:
- 14,5km
Det har sitte litt langt inne og jobbe på Trondheim pf>100-lista då iveren etter skogkledde våttar har vore så-som-så. Etter å ha lest diverse turrapportar som ikkje akkurat har hylla Sjåvidthøgda opp i skyene har den heller ikkje vorte prioritert. Men, denne søndagskvelden tok brakkesjuka overhand, og litt lei av bymarka tenkte eg at ein kombi med Jervfjellet kunen vere fint.
Nydelig sommarvær i Trøndelagen denne kvelden, og etter studie av kartet parkerte eg ved Jervlandet og jogga skogsvegen langs Trøbekken til endes. Full fuglesang og nydelig lukt i skogen etter varmt sommarregn. Eg tok så til høgre ein sti mot vest, før eg braut rett av over lyng og hei meir eller mindre i rett linje mot Sjåvidthøgda. Litt torvklyving her og der, og eg passerte også nokon stiar som >>>
Bæremeistur til Geitfjellet
- Datum:
- 05.06.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:20h
- Entfernung:
- 6,4km
Den Midt-Norske Geitfjellekspedisjonen 2017. Nokre i ekspedisjonsteamet har lagt på seg sidan sist ekspedisjon. Kanskje begge, men særlig ein. På toppen var det tjukt av syd-trønderar, tross den kalde trekken.
Gråkallen og Stadsheia frå Byåsen
- Datum:
- 01.05.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:19h
- Entfernung:
- 17,9km
Orkdal: Jamtfjellet og Svartfjellet
- Datum:
- 19.02.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 13,0km
Uværstur til Songdalen for litt trim og listefyll. Friske kast på parkeringa, men la i veg opp mot det eg trudde var Jamtfjellet sitt høgste punkt. Etter ein del snøv, myr og generelt våt stemning skreiv eg meg inn i boka 40 minutter etter start. Her var det ein del vind, for å seie det slik. Eg tenkte at det var jo greit å ta med sidetoppen også medan ein var på veg, og svinga innom denne på vei tilbake til bilen. Godt var det, for dette er merka av som høgste punkt på kartet. Eg meinar bestemt at den såg lavare ut, og det meiner tydelig vis dei som har sett ut boks og bok også (utan at det gjer ein så mykje meir klok - Trønderar er som kjent ikkje så sterke på dette med høgste punkt (har eg budd for lenge i Trøndelag? Byrjar toppinstinktet mitt og svikte??)). Boka står >>>
Kveldsjogg på Geitfjellet
- Datum:
- 01.01.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:04h
- Entfernung:
- 16,4km
Blåtinden og Haddalhornet
- Datum:
- 28.12.2016
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 1:36h
- Entfernung:
- 8,0km
På den første dagen i jula som hadde nokolunde anstendig vær tok eg beina fatt mot nok ein listetopp på Hareid/Ulstein-lista, nemlig Haddalhornet. Sidan det hadde vorte litt lite aktivitet dei siste dagane kunne eg like godt ta turen oppom Blåtind også.
Eg parkerte ved "Reveskuret", og gjekk for direkteversjonen rett opp raset. Første gong eg gjekk opp her hadde eg ikkje fylt 5 år enda. Bratt nok, syntest min juleribbemarinerte kropp i dag.
Mot toppen tiltok vinden, og ved varden var det riktig så stivt. To kjæringar dukka brått opp frå bak varden medan eg skreiv meg inn i boka. Dei hadde nok med å fote seg.
Frå Blåtinden sprang eg mot skaret mot Haddalhornet. Nedover her var det riktig så fint terreng og flott usikt. Ein står midt mellom Vartdalsfjorden, Ørstafjorden, >>>
Dritværtur i Trøndsemithe
- Datum:
- 05.12.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
Kona var i Tigerstaden, og Svigers skulle sitte barnevakt.
Denne søndagen skulle det bli pudderfest!
Så slo det til med 7 grader, 20mps og svært store nedbørsmengder.
Ikkje akkurat skiføre.
Men man må jo ut.
Så eg hoppa i bilen og køyrde til Snillfjord for å sjå etter potensielle nye klatreveggar.
Eg såg nokon greier sist som eg ville sjå nærare på.
Det var dritvær ja, skikkelig også.
Såg først litt på ein nabb ved Høgeloftet, denne hadde sett flott ut frå vegen men var like fast som ein pakke cottage cheese.
Sjølve Høgeloftet sine sørveggar, derimot, såg litt bedre ut.
Så køyrde eg til Slørdalen og traska opp Fagerdalen.
Tungt føre for ein forkjølingsherja kropp!
Flotte veggar oppover her!
Mykje moglegheiter til artig cragging.
1000kronersspørsmålet er sjølvsagt om ein >>>
Walkabout i Trøndsemite
- Datum:
- 27.11.2016
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 3:49h
- Entfernung:
- 20,2km
Nei, det er ikkje Tikneppen det er snakk om. Heller ikkje Størenhammaren. Og nei - Lyneggen er ikkje Trøndelag's The Nose.
Vi snakkar om Snillfjord, nærare bestemt dalen kring Slørdalsvatnet (det blir vel Slørdalen det då?). Kvifor denne frekke påstanden at dette er Trøndelags Yosemite? Vel, her som hjå si amerikanske storesøster stuper fagre og bratte granittveggar ned mot barskogen i botnen, medan dramatiske fossefall hiv seg over kantane med dødsforakt - ein dødsforakt som speilast i isklatrarane som bestig dei same fossane i frosen tilstand vinterstid.
Men her stoppar plutselig likskapen brått med det same, liksom uventa. For der Yosemite er overstrødd med klatreruter i verdsklasse, avgrensar klippeklatringa i Snillfjord seg til ei handfull ruter under eit overheng på Suluberga. >>>