Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Treningsrunde i Bymarka

Datum:
13.08.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
2:11h
Entfernung:
15,9km

Tilbake i Bartebteyen etter sommarferien, og treningstur i Bymarka. Trudde all fjelltraskinga i ferien hadde gitt stål i beina, men i dag gikk det litt tungt. Vel, fint vær men myrene var våte som pesten.

Karte    

Gjensyn med Rønnomnibben

Datum:
09.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung

Tur til Rønnomnibben med Kona. Eskil hadde barnevakt, så denne gongen slappa vi av og såg havet utanfor Jomfruland med medbragt kikert. Vel tilbake på gården buldra eg litt på steinane under Stornuten. Flott storsteina ur med mange potensielle kremlinjer. Eg tok den mest opplagte, som klokka inn på 5+/6a-ish. Sidan eg tok meg ein prat med ein av to gardsgutar på Vågsland, August, så får denne navnet Augusts Egg.

Karte    

Rønnomnibben

Datum:
08.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Flautangåsen ad vestveggen

Datum:
06.08.2016
Tourcharakter:
Klettern

På ferietur i Sandefjord med Nina og Bjørn Ole. Sjølv om barna var i sentrum på dette opphavet vart eg plaga med synet av perfekt granitt kvar enn eg snudde meg. Racket ropa til meg der det låg innelåst i skiboksen, og eg vakna bada i svette med hendene forma i fingerjams natt etter natt. Så når ungane (så og seie) hadde sovna(ish) rusla eg og Bjørn Ole 5 min ned vegen frå hytta, og byrja på ein vegg eg hadde spotta dagen før: vestsida på Flautangåsen. Stort potensiale for nydelig kilecragging her! Nokre spydige oslofolk lurte på om vi trengte hjelp, og eg sa at dei fekk kome om vi ropte. Fin chimney opp til hylle. Fleire moglegheiter herifrå, men dei var alle ganske overgrodde. Eg gjekk litt til venstre og opp ei handsprekk. Litt henging i sikringane medan eg rensa så vart dette >>>

Tønsberg tønne

Datum:
05.08.2016

Karte    

Buldring og flåttbonanza på Flø

Datum:
01.08.2016
Tourcharakter:
Bouldern
Karte    

Løkeberget

Datum:
31.07.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Buldring på Flø

Datum:
30.07.2016
Tourcharakter:
Bouldern
Karte    

Fladalen walkabout

Datum:
28.07.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:12h
Entfernung:
19,8km

Dagen i dag mangla ikkje vidløftige planar. Men det mangla heller ikkje skodde. Alle Laurdalskremtoppane stod med hovudet i skyene, så man måtte sjå seg ikring etter lavare mål. Tua hadde ikkje skodde, så det fekk bli treningstur og litt jobbing på Eidalista her i staden. Greit opp til Tua. Nokon hadde gått amok med T-merkinga, og sti og merking var ikkje alltid like enkel å følge. Ein time til topps og halvtime tilbake til bilen. GPS-sporet NED frå Tua føl stien. Opp gjekk eg feil både her og der. Ved bilen var leggar og lår framleis friske. Eg hadde heile dagen til å gå på fjellet, så eg sprang avgårde mot Kvitegga og Hattemakaren. GPS-sporet må på ingen måte følgast, for dette var stort sett gaupeterreng. Eg anbefalar på det varmaste å angripe desse fjella frå ein >>>

Karte    

Skoddesafari på Hesten

Datum:
26.07.2016

Hesten er eit fjell eg har beundra frå vindauget på Orheim sidan eg var liten. Den har stått på blokka lenge, men det var ikkje før i år at vi gjorde alvor av turen. Veka før var det knallvær, men først i dag fekk eg og Kroksleiven avløysarar frå hhv. kids og frifjøs. Når det er sagt, er navngjevinga på Hesten eit svært kontroversielt emne. Debattane er ofte prega av kjensler. Eg meiner derimot det heile er logisk: fjellet liknar på ein hest, med baken på hovedtoppen og hovudet på Høgefjellet. Navnet Bukkenibba heng difor ikkje på greip. Kroksleiven kallar Gjegnen for Hesten, og Hesten for veslehesten. Med all respekt så liknar ikkje Gjegnen på ein hest. Og Hesten liknar ikkje på ein liten hest. Sånn. Då håper eg at den debatten er lagt død. I alle fall. Det var ikkje >>>

Karte