Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (164)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Skoddetreffet 2017: oddekloven og storkjelen
- Datum:
- 08.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 10,3km
Blåberga
- Datum:
- 30.06.2017
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Entfernung:
- 2,9km
Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre.
Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne.
Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.
Motbakkefestival på Hovsnebba
- Datum:
- 25.06.2017
- Tourcharakter:
- Hochtour
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 6,0km
Etter gårsdagens trimtur i Innerdalen våkna eg i tilnærma god form i teltet mitt på tjuvcampen bak Teknisk Etat sitt utendørs lager av brukte brannslokningsapparat. Eg hadde hatt bjarte planar om Storkalkin i dag, men merka raskt (i det eg røyste meg) at det kanskje var noko ambisiøst.
Eg slo opp på Peakbook-appen, og såg at stien til Hovsnebba byrja rett bort i vegen. Det er jo eit fjell eg har glodd på lenge, så eg gikk for den! Etter 2 polarbrød og ein kopp kaffi var eg klar! Stien var lett og finne - her var det ikkje mykje anmarsj å snakke om. Høgdemetera kom raskt og i rikt monn!
"Lett" er jo eit relativt omgrep, og i Sunndalen er det få ting relativt lett. Denne turstien var ikkje akkurat handicap-tilpassa, for å seie det slik. Den sneik seg opp gjennom diverse >>>
Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet
- Datum:
- 24.06.2017
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
- Tourlänge:
- 14:00h
Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell.
Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt.
Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem >>>
Myr, glede og kultursti: Sjåvidthøgda og Jervfjellet
- Datum:
- 11.06.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:34h
- Entfernung:
- 14,5km
Det har sitte litt langt inne og jobbe på Trondheim pf>100-lista då iveren etter skogkledde våttar har vore så-som-så. Etter å ha lest diverse turrapportar som ikkje akkurat har hylla Sjåvidthøgda opp i skyene har den heller ikkje vorte prioritert. Men, denne søndagskvelden tok brakkesjuka overhand, og litt lei av bymarka tenkte eg at ein kombi med Jervfjellet kunen vere fint.
Nydelig sommarvær i Trøndelagen denne kvelden, og etter studie av kartet parkerte eg ved Jervlandet og jogga skogsvegen langs Trøbekken til endes. Full fuglesang og nydelig lukt i skogen etter varmt sommarregn. Eg tok så til høgre ein sti mot vest, før eg braut rett av over lyng og hei meir eller mindre i rett linje mot Sjåvidthøgda. Litt torvklyving her og der, og eg passerte også nokon stiar som >>>