Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (164)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Huldrehornet - grunnmurlista
- Datum:
- 25.12.2017
Det er nokre toppar som kanskje vert oversett mellom store bragder her på peakern, men som like vel dannar grunnmuren i fjellnerdinga til dette nettsamfunnet. Dei finnast ikkje på fancy lister, og dei får sjeldan store og svære turrapportar (bortsett frå nokre av dei som har svært skrivekløe). Dei står for ein stor prosentandel av høgdemetera her på peakern.
Huldrehornet er ein av desse. Andre eksempel er: Lotsbergnibba, Eikåsnipa, Nihusen, Våttakammen, Skjørstadhovden. Ja, vi snakkar sjølvsagt om den kvardagslige treningstoppen. Og Huldrehornet er heimetoppen til Arnt Flatmo. Difor er den også svært enkel og bestige, med skilting etter alle kunstens reglar, stikker, merking og svært gode stiar.
Treningstoppen treng si eiga liste, tenker eg. Grunnmurlista.
På slep opp Øysandpillaren
- Datum:
- 17.12.2017
- Tourcharakter:
- Eisklettern
Sidan isen gror i Trondheimsområdet tenkte vi at det ikkje var nødvendig å køyre 2,5 timar for å klatre i dag. Den lokale klassikaren og testpiecen Øysandpillaren (WI5) var inne, og vi var 4 i bilen på veg til den lokale indrefiléten: Mats, Ole Kristian og Knut. Etter ein stopp på CirkleK Sandmoen for det aller mest nødvendige, var vi klare på parkeringa ved lysets frembrudd (9:30).
Etter litt buskbryting var vi klar under isen - det såg heftig ut. Eg hadde i mitt stille sinn tenkt at kanskje eg kunne bryne meg på cruxlengda, men dette sinnet vart stillare og stillare. Eg tok uansett føstelengda, som først gjekk opp ei fin renne, før det var opptaksvis bratt på store formasjonar. Skikkelig smøris, artig! Sette standplass i ei busk på hylla til venstre under bratta og tok opp >>>
Joikatreff på Tromsøis
- Datum:
- 13.12.2017
- Tourcharakter:
- Eisklettern
- Tourlänge:
- 3:00h
Jobbtur til Tromsø i mørketida, og då må ei jo sjølvsagt nytte høvet til å kome seg ut. Etter litt sondering i venners venner fekk eg tak i rogalandsalpinist, kronikør og storveggsklatrar Leiv Aspelund, som nylig har gjort nordlending av seg. Han viste fram det lokale iscragget, eit steinbrot opp mot skianlegget. Det vart ei hyggelig affære i mørke og snøvær, der eg først leda opp hovedflowen, ca 25 m WI4, satte alle skruane, og steinslo det nye mixbladet mitt skikkelig. Godt å få banka rusten av ledepsyken igjen. Etter det vart det topptauturning på tappar og gardiner. På topptau er vi alle mesterklatrerar på is - sidan det er 95% psyke og 1% styrke. Leiv imponerte stort med sin medbrakte lyskastar. Cruxet for dagen var å finne att sakene under snøen som lava ned. Takk for >>>
Motbakketrening på Vassfjellet
- Datum:
- 07.12.2017
- Tourlänge:
- 1:00h
- Entfernung:
- 4,7km
Treningstur med rando opp heistraseen på Vassfjellet. Månelyst og mildt. Blåste friskt på topplatået, så eg tok ikkje turen oppom sjølve toppen sidan eg var aleine i mørket. Gjennomslagsføre på toppen, men lenger nede var det smooth og slushigt. Låra vart surare nedover enn oppover.
Dr. Fugl og Duff Man - Nestvollan
- Datum:
- 02.12.2017
- Tourcharakter:
- Eisklettern
- Tourlänge:
- 4:00h
Iscragging i Drivdalen. Mats var gira på å gå Dr. Fugl (M5 WI5). Han tok seg av all den harde ledinga. Eg og Arve tok all den harde topptauinga. Vi lurte også inn Duff Man (WI5) før mørket kom.
Våttåsen med Eskil
- Datum:
- 26.11.2017
- Tourlänge:
- 1:00h
- Entfernung:
- 4,2km
Vel vel, medan somme klatrar storveggar borti junaiten må andre ta seg av Melhus pf>100-lista. Fin tur på Våttåsen med Eskil i meisen. Glatt oppover vegen, men fint novembervær! Hadde håpa på utsikt på toppen, men tett trønderskog sperra for utsynet. Vi rusla nedatt og tok nista i bilen.
Til Estenstadhytta med Farfar
- Datum:
- 19.11.2017
- Tourcharakter:
- Spaziergang
Farfar på besøk i Trondheim og fint vintervær. Eskil gikk nesten heilt ned igjen, og lo rått av folk som sklei på glatta.
Opning av isklatresesongen 2017-18 på Kongsvollfossen
- Datum:
- 11.11.2017
- Tourcharakter:
- Hochtour
Det byrjar jo omtrent å bli tradisjon med sesongstart på Kongsvollfossen. Fekk med Arve og Mats. Stoppa på VPG for det aller mest nødvendige, før vi svusja opp i Drivdalen.
God is, fint vær og god stemning. I dag prioriterte vi kos framfor frykt og ekstremsport. Først litt scrambling, så dei to første ordinære lengdene løpande, før eg fekk uttoppinga, som i dag var lett.
Deretter retur, berre med stopp på Oppdal Bakeri for det aller mest nødvendige. Og ein nødstopp på polet for innkjøp av sterkøl. "Sterkøl er jo det aller mest nødvendige" meinte Arve.