Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken

Datum:
05.07.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Tourlänge:
1:52h
Entfernung:
11,3km

Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten. Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje? La i veg ned bakkane, fin løpesti! >>>

Karte    

Nedalshytta med familyen

Datum:
30.06.2018
Tourcharakter:
Andere Tour

Fin helg på Nedalshytta med familyen. Målet var å kose seg mest mogleg i det fine høgfjellsmiljøet, ikkje mase om peakbook-element, og gjere seg litt kjent med omgivnadane rundt hytta. Allerede første dag baud på høgdepunkt då eit redningshelikopter landa på tunet. Mannskapet brukte to timar på å ete ferdig vafla si i finværet, så alle ungane og nokre voksne fekk tatt bilete i helikopteret! Andre dagen vart det tid til ei lita utflukt langs stien mot Sylstasjonen. Vi satsa på kvalitet heller enn kvantitet, og åt nista vår eit par hundre meter frå hytta og prøvde og ikkje bli etne opp av klegg. Mykje å sjå på bortetter her. Både Eskil, og Kona kosa seg. Olina kosa seg også, i den grad søvn er eit uttrykk for kos. Og det er det jo for denne aldersgruppa. Stor stas! Vel tilbake >>>

Karte    

Forolhogna og Grøthaugen frå Budalen

Datum:
29.06.2018
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
18,0km

Eg hadde bestemt meg for avspasering og fjellgåing i dag, men værmeldingane var mildt sagt blanda. Det skulle vere finast på ytre nordmøre, men tankane mine vandra til indre strøk. Då eg køyrde over Tillermyra og såg antydning til opplett over Gauldalen holdt eg meg på E6'en den straakaste veg mot Budalen og Forolhogna. Forolhogna ja. Denne har eg hatt lyst på lenge. Pirrande Pf, relativt nær Trondheim, kan angripast frå Budalen - ein skikkelig trøndersk avkrok, og ein flott nasjonalpark med både fjellrev og villrein. Nydelig utsikt. Mykje er på plass. Kvifor har eg ikkje vore på Forolhogna før? Ja, det spørsmålet kan ein stille om mange ting her i livet. På vegen opp passerte eg ein veldig stor budalsstol. Eg var altså på riktig veg. I Selbu har dei, som seg hør og bør, >>>

Karte    

Puss puss puss - nyruting på Spranget

Datum:
20.06.2018
Tourcharakter:
Klettern

I dag hadde eg tenkt å avspasere for litt friluftsliv, og sidan det var ruskete vær på fjellet tok eg med stålbørste, sag og brekkjern for å pusse fram nokon nye klatrelinjer på Spranget. Eg byrja på ei fin risslinje til venstre for dei vi pussa i haust. Koselig i veggen, og det vart ei fin og velsikra rute som klokka inn på kanskje 5+ eller 6-. Ser fram til å lede denne! Eg sjekka også ut eit fint dieder på veggen under utkikksplattformen. Denne veggen er ikkje så rein som den andre. Diederet klatra veldig fint, men litt vanskeligare å sikre enn eg hadde håpa, og ingen openbar standplass på toppen. Vi får sjå kva som kjem ut av det. I alle fall, no har vi 5 rissruter av finfin kvalitet rett i nærleiken av byen, og det er meir å ta av for den som gidd og pusse :-) Tilbake til >>>

Lufting av familyen på Geitfjellet

Datum:
16.06.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,0km
Karte    

Rønningen med familyen

Datum:
10.06.2018
Entfernung:
5,6km
Karte    

Storheia jogg

Datum:
09.06.2018
Tourlänge:
1:31h
Entfernung:
10,2km

Nydelig kveld i bymarka. Lite tid til store utflukter for tida, så deilig å få springe litt av seg. Fantastisk utsikt over Tydalsfjella, Trollheimen og ytre Trøndelagen. Fann endatil eit potensielt nytt buldrefelt.

Karte    

Byfjellenes høyeste punkt

Datum:
05.06.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
11,0km

Dei kjedligaste toppane er jo dei ein trur ein har vore på, men som det viser seg at ein ikkje har vore på allikavel. Eg har gått vidden fleire gonger, og då har eg rekna med at stien går via Byfjellenes høyeste punkt. Men med nærstudering av kartet har det snike seg inn ein mistanke om at dette ikkje er tilfelle. Denne tirsdagen var eg på kurs på Haukeland, og sidan det slappe kursopplegget la inn åra halv 12 på formiddagen, var det berre å spenne på seg skoa og legge avgårde opp bakkane mot Ulriken. Eit fantastisk vær gjorde dette til ein fornøyelse, og få ting slår utsikta over Bergen By frå Ulriken på ein finværsdag. 40 min frå starten av kabelbana til masta. Så var det trakking vidare innover Vidden. Eg hadde ikkje smurt meg med solkrem, så eg følte meg som ein sommarkotelett >>>

Lufting av familien på Elgsethytta

Datum:
26.05.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Entfernung:
8,0km
Karte    

Geitfjellet med Eskil

Datum:
18.05.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
3,6km

Travle dagar i mai, med nytt familiemedlem, forbreiing til flytting til nytt husvære og salg av leiligheit etc etc. Ikkje rart det kan gå litt varmt heime i leiligheita. Då er det godt å kome seg ut, både for PappaPakkhest og Storebror. Ikkje minst når det er full sommar i mai! Turen denne formiddagen gikk frå Lavollen til Geitfjellet. Eskil sat i meisen til det var eit par hundre meter att, før han fekk teste beina. Og det gikk så det kosta etter, over myr og mo, endatil opp bratta mot toppen. Veldig flink og stolt gut som klatra opp siste svaa til topps! Her vart det vel fortent sjokomelk og nyting av utsikta. To ungdomar kom halsande i stort tempo, og hadde tatt seg så ut at dei vart liggande rett ut. Dette vart sjølvsagt kommentert i undrande ordelag. Deretter gikk vi nedatt. Eg >>>

Karte