Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (172)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (46)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (9)
-
Skitour (73)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Tourenskilauf (20)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Kveldstur til løsethornet og svartdalshornet
- Datum:
- 26.06.2019
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 12,0km
Kveldstur til to listetoppar i Hjelmelandsdalen. Sidan eg kom meg avgårde litt seint var hovedmålet Løsethornet.
Gjekk frå Lomtjønna, skilt merka mot Svartedalsvatnet. Stien kom og gikk litt, men vart tydeligare opp i lia. Frå Svartedalsvatnet fulgte eg næraste rygg rett opp. Litt buskbryting vart det, men fann ein grei veg opp. Holdt litt nord og opp ei grasrenne siste bratta. Denne såg litt bratt ut på avstand, men var heilt uproblematisk. Deretter fulgte eg eit snøfelt nesten heilt til topps, der eg kunne bla gjennom ei bok med høg peakbook-faktor :-) Interessant for toppsamlarar dette fjellet, mindre besøkt av andre. Bedre enn sitt rykte vil eg seie.
Det kom skodde sigande, så eg slo frå meg Svartdalshornet og byrja på nedturen. Men då det letna litt ned i bakkane vart freistinga >>>
Tyven tyven
- Datum:
- 02.06.2019
- Tourcharakter:
- Klettern
Sidan Andreas er i siste innspurt på doktorgrada, har det naturlig nok blitt ein del timar med vandring i myr og kratt i Bymarka - slik det gjerne blir når noko viktig men litt kjedelig, må/bør/kan gjerast. Her har han til alt overmål gått seg på ei klippe som kunne huse nokon kileruter av kort men spennande art. Han gjekk raskt den finaste linja, ei 6+ med finfin klatring og sikring av det litt delikate slaget, og kalla den Tyven tyven.
Slikt kan ein ikkje la gå ubemerka forbi her ein sit i sitt sjølvvalgte reproduktive eksil. Så innimellom forkjølelse, søknadsskriving etc etc etc klara vi og rydde av litt tid ein kveld så eg skulle få meg eit forsøk. Eg hadde tjuvtrent litt med cloggen ein kveld før, så etter ein liten oppvarmingsrunde på topptau sende eg saken. Etterpå >>>
Gråkallen, Revberget og Geitfjellet kveldsjogg
- Datum:
- 19.05.2019
- Tourlänge:
- 2:17h
- Entfernung:
- 16,0km
Skifte av trimbok på Melshornet + Ulsettua
- Datum:
- 12.05.2019
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 10,4km
Heime på konfirmasjon og fekk i oppdrag frå Pappa å skifte ut boka for Hødd Fjelltrim på Melshornet. Fin tur på ein topp eg nok ikkje har vore på over 20 år. Ein fin utsiktstopp med fint innsyn til fjella på Vartdal.
Eg tok også med listetoppen Ulsettua. Tunge kneløft opp den søkkblaute og svært tuete tua. Nedatt var det bedre langs eit slags trakk på ryggen. Vel vel, då er det gjort.
Snota!
- Datum:
- 29.04.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 25,1km
Kona avspaserte i dag, og slo frampå om at eg kunne finne på noko om eg hadde lyst. Eg foreslo raskt at eg kunne ta meg ein tur på Snota – ein tur det går gjetord om i midtnoreg, og som eg har sikla på lenge. Kona sa at det kanskje ikkje var heilt det ho hadde tenkt – at eg skulle vere vekke langt til fjells heile dagen. Men då eg viste ho den flotte primærfaktoren, den alpine karakteren, og den omfattande utsikta måtte ho medgå at dette måtte eg få med meg. Dessutan, sa eg, tar turen etter sigende berre 4 timar! (eller kanskje bittebittelitt meir).
OK, så var det ikkje heilt slik det gikk føre seg. Men eg gikk i alle fall frå vinterparkeringa ved Gråsjøen klokka kvart på 10 spent på kva dagen skulle bringe.
Det første dagen skulle bringe var svært flekkvis skiføre, så >>>