Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (166)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Hestgrovheia
- Datum:
- 01.11.2020
Etter litt munnhuggeri om kven som fortente mest familiefri i dag tok eg og kona oss jammen ein fellestur. Det er jo første gong sidan Khurushchev var president at vi tar ein tur saman.
Eg driv jo og samlar litt sånn halvvegs på lister, og der dukkar jo denne Hestgrovheia ofte opp. Probelemet er berre at det er ein ganske kort tur som er veldig avsides. Og då har den blitt nedprioritert av ein ambisiøs type som meg. Men for dagens formål var den perfekt!
Fint haustvær men litt vind i høgda. Utsikt både hit og dit, nett som eg hadde sett føre meg. Jammen er det koselig å vere på tur saman!
På veg tilbake til Trondheim var vi nedom Geitaneset og såg på nokon gravhaugar frå jernalderen, og på spikerteltcampingen som låg der. Kan jo ikkje berre gå på fjellet - ein må ha nokon >>>
Gråkallen med Eskil
- Datum:
- 19.09.2020
Eskil ville gjerne på fjelltur i dag, og han ville på Gråkallen. Det passa greit sidan været var like dårlig som man-fluen min.
Vi køyrde til Skistua, og gikk ned til Vintervatnet og opp stien på baksida. Masse å sjå på: skitrekk, små hytter, orienteringspostar og alt mulig. På toppen var det sjølvsagt også spennande saker, som radar og alle slags mystiske master.
Deretter gikk turen til Skistua for vafle og kakao, noko som også var hyggelig.
Svartkamberget
- Datum:
- 05.09.2020
- Entfernung:
- 9,2km
Springmarsj til Svartkamberget. Mykje myr og greier, kan gjerast enklare via grusvegen til Svartkamhytta utan at ein mister store naturopplevingar. Eg tenkte etterpå å ta tilbaketuren via Forbodsfjellet, men der var det så bukkemark at eg sløyfa det. Til gjengjeld gikk eg meg på ein tretåspett på nært hold. Stas, sjølv om eg først trudde det var den svært sjeldne kvitryggspetten eg hadde møtt på.
GPS-safari på Brattfonnhøa
- Datum:
- 30.08.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 24,4km
Fin tur på Brattfonnhøa og omegn. Været var litt blanda, og det vart litt GPS-trening i skoddeheimen. Mange går desse på ski, men det er jo også veldig fint fotturterreng!