Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Nf Skredkurs Jostedalen dag 1
- Datum:
- 12.02.2021
Som ein del av forflytninga til Nordfjord har eg tenkt å vere meir i fjellet, og også kurse meg litt opp - både for eigen del og for mogleg nytte for andre, kva no enn det kan bety. I alle fall, denne helga hadde eg teikna meg opp på skredkurs i Jostedalen med Norgesguidane.
Det var fleire fordelar med dette. Både var kurset godkjent som ein del av kursstigen til Norsk Fjellsportforum, OG den var langt vekke frå ungar og kjas og mas - ein lang køyretur gjennom flott vestlandsnatur!
Vi var berre tre påmelde, og skredguru Jostein Aasen skulle vere instruktør. Det var oppmøte på Myri Parkering fredag klokka 10, og sidan eg er nervøs for å kome for seint så gjorde eg alt klart kvelden før. Skia var pakka i lasteplanet med fellar på og alt på stell. Ein kunne jo ikkje framstå som >>>
Ljøsuregga
- Datum:
- 09.02.2021
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 9,0km
Planen for dagens formiddagstur var Storetoren, som eg har tenkt på lenge. Godt driv opp trekket og deretter vidare til Ljosuregga. Ein gjeng med truger her oppe ved varden, såg tungt ut. Deretter bort til høgste punkt. Og brått vart det rimelig luftig. Fantastisk utsikt til fjord og fjell, og ikkje minst til torane og Felden.
Men skulle eg prøve meg på sjølvaste Storetor? Det var spor ned egga til skaret, der det gikk eit skispor nedover langdalskopen. Ingen hadde gått opp renna til Storetoren, og herifrå såg den bratt ut. Nei, dette ville eg ikkje byrje på her aleine. Så eg tusla tilbake til skitoppen, og stod ned ljosurdalen. Litt oppkøyrt, og snøen har blitt litt vindpåverka, men framleis kremforhold.
I etterkant har eg fått høyre at renna ikkje er så bratt som den ser ut, >>>
Hjelmelandsvarden pudderbonanza
- Datum:
- 05.02.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 1:48h
- Entfernung:
- 4,8km
Eg hugsar Vestlandet fullt av regn og vind, og befolka av inneslutta folk hvis fremste høfligheitsgest var å la andre være i fred. Men her må det ha skjedd ein heil del! For her er det jo sol og sju minusgrader kvar dag - og fjella er fulle av tørr og djup laussnø. Til alt overmål har folk her fri kvar fredag til å gå på topptur, og denne fredagen fekk eg ikkje mindre enn tre turinvitasjonar!
Dette var nok ein knalldag i den nye bakgården. Eg vart med naboane Gustav og Maike på tur til Hjelmelandsvarden, ein ettermiddagstur med høgdemeter rett frå parkeringa. I tillegg var Reidun og høgdemeteretaren (og andre halvdel av den legendariske fjellduoen frå Lote) Lise med. Så her var det berre å skru pulsklokka på max om ein skulle henge med.
Det var brøyta spor heilt til topps >>>
Melshornet og Grøthornet
- Datum:
- 03.02.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 6,5km
Nydelig og kaldt vær. I dag hadde eg eit møte i Volda på føremiddagen, og start på mi nye karriere som klatreinstruktør for ungar på Hamna Trening på Eid på ettermiddagen. Og i slikt sinnsjukt fint vær måtte eg jo kome meg ein tur ut. Så grunna litt kort tid fall valet på utfartstoppen Melshornet. Mykje folk og ganske oppkøyrt, men likevel - det er jo heilt sjuuuukt fint! Milde måne, eg har ikkje nok superlativ i ordforrådet for å beskrive denne utsikta og føret. Eg prøvde å ta bilete frå toppen, men telefonen konka sjølvsagt før eg fekk sagt "panorama". Bileta hadde uansett ikkje klart å gjere utsikta rettferd. Med dette føler eg at eg har opna høgrentekonto i Sunnmørsalpane. No er det berre å byrje sparinga!
Ettermiddagspudder på lisjeblåfjellet
- Datum:
- 31.01.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 6,2km
Ja då har det altså skjedd - eg har flytta tilbake til vestlandet. Og ikkje berre det, vi har flytta til min barndoms ferieparadis Stårheim. Ikkje heilt venta for han som ein gong var Ulsteinvik sin hardaste urbanist. Men sånn er livet - sidan den tid har både eg og bygda endra seg. Og når vi det siste året summerte opp grunnane for og imot så såg vi til slutt ingen grunn til å la vere!
Så no er vi altså på plass i slektsgarden på Orheim, Stårheim. Ei tømmerkasse frå 1880-talet, med eit nyare påbygg frå 1920. Midt i ei pågåande kuldebølge så var det ein litt kjølig affære. Men ungane er tøffe - dei har genar frå kalde stader.
Sidan det har vore perfekte skiforhold i marka har det vore litt smertefullt å vere oppteken med barnehagetilvenning den siste veka.
Men no var >>>
Fryst Jord - Ny rute i vestveggen på Rabbolen
- Datum:
- 08.01.2021
- Tourcharakter:
- Mixed-Klettern
- Tourlänge:
- 6:00h
I går fekk eg og Andreas endelig tatt tak i eit gammalt prosjekt: ei førstebestigning av den bratte vestveggen på Rabbolen nord for Orkdal. Andreas har hatt denne på hovudet ganske lenge, og tok også ledertrøya denne flotte vinterdagen. Det vart ei fin og seriøs vinterrute opp denne mektige veggen. Andreas har skrive rapport og stiller for anledninga som gjesteskribent!
Andreas Nordstrand
Historien bak denne ruta begynner for et par år siden. Min gode venn Kristian, i sin hvileløse jakt på hauger og fjell med tilfredsstillende primærfaktor, hadde kommet over Rabbolen. Rabbolen er et populært utferdsmål for folk på Agdenes, men var helt ukjent for meg. Ikke et fjell man hører om i klatresammenheng. Det viste seg likevel at Rabbolen har en ganske spektakulær vestvegg. På sitt høyeste >>>
Kongsvollfossen venstre uttopping
- Datum:
- 02.01.2021
- Tourcharakter:
- Eisklettern
- Tourlänge:
- 6:30h
I dag fekk vi endelig stabla oss avgårde på ein isklatretur, både meg, Andreas og Pål Christian. Turen gikk til Kongsvollfossen tradisjonen tru. Vi hadde venta folkevandring her i dag, og hadde tilogmed munnbind med om det skulle bli trengsel på cruxet. Men i dag vart det berre oss og ein finfin dag på isen.
Andreas starta med ein litt sprø førstelengde, og vi merka at det har vore tørt og lite nydanna is. Etter ei transportlengde tok Pål Christian oss opp turens finaste smøreis og opp på hylla under sistelengda.
Her openbara turens store spenning seg. Den vanlige høgreavslutninga var fint forma, men det var også den litt meir eksklusive, og hakket kvassare, venstreavslutninga. Denne er ikkje alltid i god form, men no hadde den forma seg til ein flott og bratt pillar. Eg følte >>>
Sosetur til Stadsheia og litt 2020-oppsummering
- Datum:
- 01.01.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
På sjølvaste nyttårsdagen måtte eg ut i finværet, og eg tenkte at no måtte eg jammen kome meg på ski. For å unngå kø valde eg Stadsheia, og der var det ingen kø. Derimot var det rimelig frose på opp dei ellers våte myrene, og ikkje altfor mykje snø. Eg konkluderte med at på den dagen det var aller best fotturføre på denne ellers så blaute myrvåtten, så stilte eg med ski på beina. Men slik er det. Så ser eg at 2020 oppsummerast på peakern, og det er morsomt å lese. Så eg slenger inn ei oppsummering sjølv: det vart eit annleis-år også for meg, og den store mengda heimekontor gjorde at eg fekk logga mange turar i bymarka. Men elles vart det ikkje anledning til dei store prosjekta. Turen med Ove og Torleiv til Breheimen i Mai står att som eit høgdepunkt. For dei som >>>
Bergsvarden, Gjøafjellet og Lamdalsheia
- Datum:
- 22.12.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 12,0km
Førjulstid og man-flu er dårlige greier. Men som litt introvert er det naudsynt å fylle opp ensomheitsbatteria heilt fulle før jula skyller inn med alle sine selskapeligheiter. Snillfjordtoppane kvalifiserer særs godt til social distansing, så då vart det Bergsvarden i dag.
Byrja på Berg, gikk gjennom tunet og opp traktorvegen. Deretter sti opp til tregrensa, så lettgått til Gjøafjellet, som var dagens finaste topp. Deretter fulgte eg høgda til Bergsvarden - ein stor varde som matcha fjellet den var plassert på: brei og lav. Deretter gikk eg bortom veggen på Lamdalsheia, der dei hoppar base og islinja Nirvana kjem opp. Luftig, men eg lurer på om det kan vere klatrepotensiale på denne steinen. I dag var det forøvrig flotte klatreforhold - mildt og tørt.
Adiø Snillfjord.